Framlegg til høgnorsk stavnad (ortografi)

Frå Mållekken
Versjonen frå 7. september 2019 kl. 21:05 av SAM (Ordskifte | tilskot) (→‎Hokyn)
Hopp til navigering Hopp til søk

Grunnlaget for ein høgnorsk stavnad lyt vera Norsk målsoga (G. Indrebø) (https://www.nb.no/items/229c27cd85274123b33963bffaae8e8f?page=5).


Forklaring:

  • Serlege dryftingsemne er merkte med tjukk skrift
  • Ikkje fullførde upplistingar av ord/uferduge gjeremål er merkte [fyll ut]


Formverk

Namnord

Hankyn
Fleirtal på -er (-jer)

1. Desse hev fleirtal på -er:

  1. Ord på -nad (sg. skilnad : pl. skilnader t.d.)
  2. Lån-/framandord på -a (sg. sofa : pl. sofaer t.d.)
  3. Einstaka ord som grad [fyll ut]
  4. Ord som:
brest, byl (vindkast), gjest, gris, kvist, led, (med)lem, lest (rommål), lit, lut, mun, (mat)rett, saud, sed (†sid), stad, styl (stylk, sjå der), ven.
Mrk. 1: Sameleis lekk, løk, verk, vev
Mrk. 2: Sameleis ibuarnamn som (sel)bygg, døl, egd (frå Agder), fyrd (frå Fjordane), ryg (rogalending), sygn (sogning), tele (teledøl), (vag)vær (frå Vågå)
Mrk. 3: døl (ikkje sj.), gris, veg hev stundom fleirtal på -ar, men ikkje tilrådeleg her.
Mrk. 4: Valfridom for hyl (pl. hyler ~ hyljar), eller berre -er?

2. Desse hev fleirtal på -jer:

bekk, belg, benk, dregg (lite anker), dreng, drykk, flekk, gong, hegg, klegg, legg, nekk (reinkalv), rygg, rykk, sekk, serk, skjeng (breid stripa), skjenk (drykk(jevaror)), sleng, stegg, streng, stylk, styng, svelg, vegg, veik, veng, øyk.
Mrk. 1: Desse hev j-innskot i sms. (drykkjevaror t.d.)
Mrk. 2: Desse hev j-innskot i fleirtal (drengjer, drykkjer t.d.)
Mrk. 3: Sg. svelg : pl. svelger i alle tydingar eller berre i tydingi 'slurk'?
Einstaka ord
  • Som sg. sko (b. skoren) : pl. skor (b. skorne) gjeng ljå.
  • Som sg. ting (b. tingen) : pl. ting (b. tingi) gjeng feil.
Folkenamn på -an(ar) og -ar

1. På -an(ar) (afghan(ar)):

[fyll ut]
Mrk.: Undantak for hellen(ar).

2. På -ar (anglar t.d.):

[fyll ut]
Mrk.: Undantak for sg. bulgar, ungar.
Hokyn

1. B. sg. endar på -i (saki t.d.), jf. b. pl. inkjekyn. Valfridom millom -a og -i?

2. Linne hokyn:

  1. Ub. sg. endar på -a (ei vika t.d.). Valfridom millom -e og -a?
  2. Pl. endar på -or (vikor t.d.). Valfridom millom -er og -or?

3. Ord på -ing (sanning t.d.) hev fleirtal på -ar.

4. Sameleis einstaka ord som: brik ((båt)rekkja), elv, erm, heid, helg, herd, kleiv, kvern, merr, mjødm, myr, møy, reim, (båt)rip, rim (fjøl i grind), røy, røyr (svange), røys, sild, spik, vik, øks, ørn, øy.

Mrk.: Sameleis 1. flis, geil, greip, grind, hind, hit (skinnsekk), sen (= sena f.), svill, øyr, (blod)år, år (i båt); sume havde alt tidleg valfri -er. Og 2. byrd, gimber, gyger, lever, never, sæter.
5. Fleirtal på -jar
Ord Merknad
egg
eng
fit /ì/
hes = hesja f.
il /ì/
klyv /ỳ/ GM. = kløv
skjel
vid /ì/ = vidja f.
Mrk. 1: GM. hev attåt pl. -er til egg, eng, kløv (d.e. klyv) og skjel. Aasen berre -jar.
Mrk. 2: I sms. brukaren ein hesje- til hes (hesjestaur t.d.). Jf. hesja f., vidja f. Gjeld truleg andre òg.
Mrk. 3: GM. hev pl. -jar ~ -er til fles f. og -jar til dys f. Dys og pl. av fles vantar hjå Aasen.


6. Lån-/framandord på -a vert bøygde soleis:

  1. ei diva : den divai (flest alle gjeng soleis)
  2. ei mamma : den mamma (pl. mammor)
  3. ei avis : den avisa (pl. avisor)
Mrk.: Som avis gjeng morell, [fyll ut]
Inkjekyn
1. Ålment

1. Pl. bund. endar på -i (husi t.d.). Valfridom millom -a og -i?

2. Sg. barn : pl. born er eit sertilfelle (u-ljodbrigde i fleirtal). Sg. land : pl. lond, sg. vatn : pl. votn osb. er ikkje brukande.

Mogeleg uppføring i ordlista kann likevel vera:
born n. pl. born
vatn n.
†votn pl. av vatn
2. Linne inkjekyn
Sg. (u)bund. Pl. (u)bund.
auga augo
eista eisto
hjarta hjarto
noda nodo
nyra nyro
okla oklo
øyra øyro
nysta nysto
Mrk. 1: Aasen vantar uppføring av pl. av sg. eista og noda.
Mrk. 2: Gamalnorsk *nysta : *nysto vantar.
Mrk. 3: Bøygjingi sg. bund. -a (ikkje -at) fylgjer Indrebø.
Mrk. 4: Hyrna er inkjekyn hjå Indrebø, hokyn hjå Aasen og i gamalnorsk. Attåt kjem hyrne n.
Mrk. 5: Linne inkjekyn enda i gamalnorsk på -na i gen. pl. (på -a i gen. sg.). I sms. endar difor serleg auga og øyra-ne (augnebil, øyrnelag t.d.), sj. nyra.
Mrk. 6: For seg kjem samansetjingsformi vindaug- (vindaugruta t.d.).
3. Lån-/framandord

Lån-/framandord på -a fær pl. bund. på -ai (tema : temaet : tema : temai t.d.).

Lagord

Gradbøygjing

Lagord vert gradbøygde anten 1. arm : armare : armast eller 2. lang : lengre : lengst. Som lang gjeng:

  • låg : lægre : lægst
  • små : smærre : smæst
  • [fyll ut]
Lagord på -en
  • open : opi : ope : opne
  • liten : liti : lite : småe
Mrk. 1: Er det undantak for lånord (frå tysk)?
Mrk. 2: Skal det opnast for hokyn opa?

Varaord

Personlege
  • 3. sg. hankyn obj. er honom
  • 3. sg. hokyn obj. er henne
  • 3. pl. obj. er deim
Ubundne
hankyn hokyn inkjekyn fleirtal
annan onnor anna andre
einkvar ~ einkvan eikor eitkvart
nokon nokor noko nokre
ingen ingi noko ingi
Mrk.: onnor, eikor, nokor, ingi jamvel i a-mål-.

Talord

  1. ein, tvo, tri, fire (†fjore), fem (†fim), seks, sju, åtte, ni(e), ti(e), elleve, tolv
  2. trettan, fjortan, femtan osb.
  3. tjuge
  4. hundrad, tusund ~ tusen
  5. fjorde (~ fjerde), sette (6.)

Gjerningsord

Ålment
  1. Nemneform er -a
  2. Refleksivform er -st
  3. Som hjelpeverb kann stuttformene ha og la av hava og lata brukast
Linne gjerningsord

Linne gjerningsord hev tri klassor, d.e. velja-, døma- (hit høyrer duga osb.) og kasta-klassa.

[Laga eigi yversynlista: fyll ut]

1. klassa (velja)

Endingi i fortid er -de etter b d g m v og l n r, -te etter k p s t.

2. klassa (døma)

1. Endingi -de i fortid er bruka etter b d g m v, -te etter k p s t. Etter l n r kann det ymsa, men oftast -de etter r, -te etter l n.

2. Som forklara : forklarer : forklarde' : (hev) forklart gjeng 1.' klara [fyll ut] og 2. Gjerningsord på -era (studera t.d.).

3. Som meina : meiner : meinte : (hev) meint gjeng låna [fyll ut]

4. Som suga : sug : dugde : (hev) sugt gjeng duga, tora [fyll ut]

Mrk.: aga : †ager : †agde : (hev) †agt

5. Einstaka bøygjingar:

  • segja : segjer : sagde : 'sagt
  • hava : hev : havde : havt
Mrk. 1: Men jamt (fyre)'havde : (hev) -havt
Mrk. 2: Sup./part. havt er vanlegare enn pret. havde
Mrk. 3: ha kann brukast i samansette gjerningsord, t.d. skulde ha havt
3. klassa (kasta)
  1. Bjodeform endar på -a (kasta! : kasta : kastar : kasta : (hev) kasta).
  2. Som kasta gjeng lima [fyll ut]

Sterke gjerningsord

Ålment
  1. Nemneform hev jamt langformer ('taka, beda osb.)
  2. og stå hev eigne uppføringat attåt ganga og standa
  3. Sterke gjerningsord vantar ending i pres. (†-er < gn. -r)
  4. Nemneformer skal ha jo og ju og ikkje y, d.e. skjota, bjoda, fljuga osb.
  5. Einstaka former: gjeva (†giva)

1. Serskilde bjodeformer:

  • gakk (ganga)
  • statt (standa)
  • haldt (halda)

2. Einstaka bøygjingar:

  • sjå : sér : såg : (hev) sett
  • heita : heiter : heitte : heitt

Ljodverk

Innskoten j

1. Framhald av innskoten j framfyre ing etter g og k (t.d. byggjing til byggja)

2. Innskoten j i desse hokynsordi:

bryggja, krykkja, sleggja [fyll ut]

3. Innskoten j i:

  • Lagord og medord som hyggjeleg, styggjeleg, tekkjeleg [fyll ut]
  • Namnord på -eri som trykkjeri [fyll ut]
  • Sms. som bekkjefar [fyll ut] (eller vis til lista)
  • I sms. der innskoten j i fyrstelekken er eit framhald (t.d. ynskje- til ynskja v.)
  • I avl. der innskoten j i fyrstelekken er eit framhald (t.d. hengjar til hengja v.)

Stungen d

1. Refleks av stungen d vert jamt skriven, t.d. smidja f., svord n., stod f. v., tidt adv., urd f.

Mrk.: Indrebø hev supl. adj. sist for sidst. Det kann verka noko inkonsekvent, endå tilknytingi til sid- ikkje er like beint upp i dagen som til tid- for tidt.

2. Ljodsambandi dg, dk, dl, ds vert som oftast jamna til gg osb., soleis: bløgga (~ blodga), vrikka (< vridka), bryllaup (~ brudlaup), vassa (< vadsa), [fyll ut]

Merk serleg tilfelle som gnika ~ gnikka < gnidka.

3. Apokopera (eller kva me skal kalla deim) former som ski f. lyt hava sideform skida, ikkje *skid.

Einstaka ord 1

  • ord skal førast upp i ordlista
  • ††ord skal ikkje førast upp i ordlista


a ~ †(†)å:

  • nam- ~ ††nåm-
Mrk.: Soleis namsmann, men likevel landnåm.
  • ran ~ ††rån
  • dråp (ikkje drap)
Mrk.: Formene med a er frå dansk skriftmålsuttala (/a/ og /å/ vart ofte ikkje skilde i skrift).

ø ~ †au:

  • løn f. ~ ††laun
  • brød n. ~ †braud

i ~ e:

  • frist m. ~ frest

Einstaka ord 2

  • sid sjå sed
  • vin sjå ven
  • korleides sjå korleis (men sjøleides osb.)
  • koss (lite bruka) sjå korleis
  • soleies sjå soleis

Skriving av framandord

  • Latin ae (~ æ) vert skriven e (d.e. president, ikkje præsident)
Mrk: Her vik stavnaden frå Indrebø.
  • Latin -tion, -sion vert skriven -sjon (d.e. preposisjon, ikkje præposition)