Nidaros (Anders Hovden)

Frå Mållekken
Versjonen frå 8. februar 2021 kl. 13:15 av Eiliv (Ordskifte | tilskot) (Oppretta sida med «''Nidaros'' av Anders Hovden (1929) <poem> Lyft ditt gjæve namn idag yver tiders skoddelag! Lyft det høgt i minneljos: gamle, staute N i d a r o s! Byrg var han som deg…»)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nidaros av Anders Hovden (1929)

Lyft ditt gjæve namn idag
yver tiders skoddelag!
Lyft det høgt i minneljos:
gamle, staute N i d a r o s!

Byrg var han som deg hev bygt,
trauste kongar budde trygt;
lenge var du Noregs ros,
gamle, staute N i d a r o s!

Hovding var du paa vaar gard.
Verta kann du det du var.
Kast no av den laante ham –
N i d a r o s lat staala fram!

Name med den gamle glans,
fagrast’ namne hertillands,
glorien um Trøndelag,
lyft deg høgt mot sol og dag!

Olavs dom i Nidaros
sender heile lande ljos,
kallar med sin klokkeljom
alle til sin heilagdom!

Lyft ditt gjæve namn idag
yver tiders skoddelag!
Lyft det høgt i minneljos:
gamle, staute N i d a r o s!