Logi åt Rask og Grimm

Frå Mållekken
Versjonen frå 17. august 2021 kl. 21:16 av Eiliv (Ordskifte | tilskot) (Uviss på kva som er beste kjelda for frumgermansk og frumindoeuropéisk, so tek berre med skriftførde mål.)
Hopp til navigering Hopp til søk

Rask-Grimms lov eller det germanske ljodskridet viser korleis frum-indo-europeiske plosivar skifte i frumgermansk.


1. IE klanglaus plosiv vert klanglaus frikativ.

2. IE klangfør plosiv vert klanglaus.

3. IE klangfør aspirera plosiv vert uaspirera.

Klanglaus plosiv fyre s vart ikkje frikativ.

Døme

Skifte Norsk Nærskylt ord på latin eller gresk
p → f fot pēs
t → þ tridje, þriði tertius
k → h hund canis
*kʷ → hw kva (hw → kv), hvat quod
b → p hamp (tidlegt lån) κάννᾰβῐς (kánnabis)
d → t ti decem
g → k kald gelū
*gʷ → kw kvik vivus
*bʰ → b bror φρατήρ (phrātēr)
*dʰ → d dur, dyrr θύρα (thýra)
*gʰ → g gås χήν (khēn)
*gʷʰ → gw varm θερμός (thermós)