Liti Kjersti og Elvekongjen
Liti Kjersti og Elvekongjen, norsk millomalderballade.
- Mo’eri tala til dotteri si:
– Ti-lillil haugjen min –
«Kvi renn’e det mjølk utor brjosto di’?»
– Dei leika so lett gjenom lunden. - «De er inkje mjølk um de synest så,
de er av den mjøen eg drakk igjår.» - «Dei tvo ting er kvòr-are ulik,
for mjøen er brun og mjølkji er kvit.» - «De nyttar kje lenger å dylje fyr deg:
elvekongjen hev lokka meg.» - «Hev elvekongjen lokka deg,
hot gåvur hev han gjevi deg?» - «Han gav meg ein silkjeserk,
den hev eg sliti med sve og verk. - Han gav meg dei sylvspente sko,
dei hev eg sliti med stor uro. - Han gav meg ei horpe av gull
til å slå når eg var sutefull.» - Slo ho på den fysste streng,
de høyrde elvekongjen i si seng. - Slo ho på den are streng,
elvekongjen klædde seg fyr si seng. - Slo ho på den tre’e streng,
elvekongjen tala til liten smådreng: - «Du sâlar ut min gangaren grå,
so ri’e me til gongjens gård.»
II
- Elvekongjen kom seg riand i gård,
liti Kjersti ute fyr honom står. - Han klappa henne på kvite kinn:
«Kunna du kje dylje fyr mo’eren din? - No sankar du ditt gull i skrin,
for no hev eg sâla ut gangaren min.» - Elvekongjen ha seg ein gangare spak,
han lyfte liti Kjersti uppå hass bak. - So rei dei seg gjenom grøne lund,
der kom inkje orde av hennar munn. - So rei dei seg gjenom djupe dal,
liti Kjersti ho gret, og elvekongjen kva. - «Kjersti, Kjersti, still din gråt!
du skò i mine gullborgjine rå.» - Som dei kom til bergje fram,
hennar små bonn imot henne sprang. - Sume dei leika og sume dei lo,
sume strødde perlur for hennar fot. - Elvekongjen tala til dotteri si:
«Du tappe i ei konne med vin. - Du tappe i ei konne med vin,
tri villarkonn du kaste uti.» - Fram kom dotteri smal som ein vònd,
ho dansa ein dans med konna i hònd. - «Hòre er du fødd, og hòre er du boren,
og hòre er dine jomfruklæe skoren?» - «I Norgje er eg fødd, i Norgje er eg boren,
i Norgje er mine jomfruklæde skoren.» - Den fysste drykk ho av konna drakk,
då gløymde ho burt kven henne ha skapt. - «Hòre er du fødd, og hòre er du boren,
og hòre er dine jomfruklæe skoren?» - «I bergje er eg fødd, og i bergje er eg boren,
i bergje er mine jomfruklæe skoren. - I bergje er eg fødd, i bergje vil eg døy.
– Ti-lillil haugjen min –
i bergje vil eg vera elvekongjens møy.»
– Dei leika so lett gjenom lunden.