Eigefall
Eigefall (genitiv) er eit grammatiskt fall som vanleg syner tilhøyrsla millom namnelekker (namnord, lagord, varaord) i ei setning.
Bruk
Eigefall vert no mest nytta i faste ordlag, i skaldskap, ved sernamn, og dessutan i ordsamansetjing.
Tidleg dags. Livs livande. Mannsens lukka. Husens folk. Sova til solanne. Til skogs. Hjartans takk. Taka til fotanne. Senda husa millom – eller: husemillom.
Former
Sjå bøygjing av namnord, lagord og varaord.
Umskriving
For gamalt eigefall kjem no ofte ymse umskrivingar i staden.
Umskriving med styreord
Dei vanlegaste styreordi å skriva um med er åt og til, men ein kann nytta alle styreord etter som det høver best til å greida ut tilhøvet. Mor åt/til barnet. Helvti av maten. Seden hjå andre folk. Fuglane i fjellet.
Umskriving med hans/hennar
Denne umskrivingi vert berre nytta ved personnamn og ætteord (far, mor osb.). Sengi hans Ola. Målet hennar mor.
Umskriving med samansetjing
Samansette ord er ofte beine ættingar av eigefall: gno. vina ráð > veneråd
Umskriving med setning
Døme på eigefall og umskrivingar
Døme med (1) eigefall, (2) samansetjing, (3) umskriving med åt og (4) umskriving med setning:
han livde av venanne pengar — han livde av venepengar — han livde av pengane åt venene — han livde av pengane (som) venene åtte
no ved sumars(ens) koma — no ved sumarkoma — no ved koma åt sumaren — no som sumaren kjem
Kva læt best? Det kann skilja etter umstendi, det.