Varaord
Varaord eller pronomen er ei klassa av ord som stend i staden for namnord eller namnelekker.
Personlege varaord
eintal | nemnefall | underfall | sidefall | eigefall |
---|---|---|---|---|
1.pers. | eg | meg | mér | min |
2.pers. | du | deg | dér | din |
3.pers. | han | han/honom (han, 'n) | honom ( 'om, 'nom) | hans |
ho | hana/henne (ho, 'na) | henne ( 'ne) | hennar | |
det (d' ) | di | dess | ||
mangtal | ||||
1.pers. | me | oss | vår | |
2.pers. | de | dykk | dykkar | |
3.pers. | dei | deim | deira |
Avstytte former i klombrer; mest nytta munnleg, i attgjeving av tala og i skaldskap.
hana/henne: Mange målføre skil millom underfall og sidefall (eller direkte og indirekte objekt) i 3. person eintal av varaordi, um dei so ikkje hev eigne sidefallsformer elles. Aasen sette upp hana i den fullkomne bøygjingi av varaordi i Norsk Grammatik, men den einfelde bøygjingi med lik form i under- og sidefall (som han sette upp som «bekvemmest») hev vore mest nytta, soleis at hana vik for henne.
han/honom: Det gjeld det same tilhøvet millom han og honom i hannkyn som hana og henne i hokyn, men med di han er nemnefallsformi au, hev denne formi stade mykje sterkare i høve til honom som underfallsform i bruk en det tilsvarande paret i hokyn.
di – dess: Desse formene er mest nytta i faste ordlag: med di, til dess.
mér – dér: Desse sidefallsformene er lite nytta anna en i målføredæmt mål. Vanleg: meg, deg.
min – din – vår: Desse eigefallsformene er lite nytta anna en i målføredæmt mål. I staden vert det nytta bøygde eigedomsvaraord (min, mi, mitt osb.) eller underfallsform: vanleg til meg ~ sjeldan til min.