Samnorsk
Samnorsk er ein målideologi som gjeng ut på at norsk og norskdansk skal samlast i eitt blandingsmål. Serleg med målbrigdet i 1938 vart denne ideologien rådande i offisiell nynorsk, og endå samnorsken vart avskriven som offisiell målpolitikk sist på 1900-talet, heng systembroti frå denne tidi enno att i den rettskrivingi. Dette er dei mest synlege skilmerki millom høgnorsk og statsnynorsk, endå ordfanget i grunnen hev meir å segja.
Døme på skjepla måldrag
Medljodverket
- -d-/-d: brei for breid, derimot stend raud; leia for leida, derimot leidning
- -gj-/-g: seia, seier for segja, segjer, mot sagde, sagt; bøya for bøygja, derimot bøygning; tjue for tjuge, derimot tjug
- -mb: lam for lamb, derimot stend dramb
Sjølvljodverket
- i: bel for bìl og leva for lìva, derimot stend til, skip, skipa
- y: spørja for spyrja, derimot stend byrja
Døme på skjepla einskildord
- alvor for ålvor – fyrelekken i norsk er ål- eller all-, ikkje «al-»: ålmenning, allkunnig
- ansvar for andsvar – fyrelekken i norsk er and-, ikkje «an-»: andføtes, andbakkes
Døme på avnorsking
- a for å: fare, plage for fåre, plåga