Medljod
Medljod eller konsonantar er ljod som vert laga av ein bægd luftstraum gjenom munnen og som fylgjer med sjølvljodi som ber tala. Nemningi vert au nytta um bokstavar som stend for medljod. Sume medljod kann stundom bera tala – vera stavingsberande, som t.d. [ṇ] i vanleg uttala [vatṇ] av vatn – og vert då fonetisk sétt sjølvljod, men er fonologisk framleis for medljod å rekna.