Klang
Klang er ein eigenskap ved ljod som kjem av at røystebandi bivrar i ymsekvar mun når me talar. Alle sjølvljodi er klangføre, medan medljodi er skifte i klangføre og klanglause ljod. Ved klanglause ljod strøymer lufti ubægd fram um røystebandi som då er i ro.