Lagord
Lagord eller eigenskapsord, adjektiv er ei klassa av ord som segjer kva lag (tilstand) noko er i, eller kva eigenskap det hev.
Lagordi vert bøygde på tvo viser:
- i samsvar med namnordi dei stend til: i kyn, tal og kjenne, d.e. bundi/ubundi (linn/sterk) form, og serhøves i grammatiske fall
- i samanlikning av i kor stor mun laget/eigenskapen gjeld: i grunnmun, høgaremun og høgstemun
Samsvarsbøygjing
Sterk bøygjing
Den sterke lagordsbøygjingi fylgjest vanleg åt med namnord i ubundi form: God mat, ei leiki kjetta.
eintal | mangtal | ||
hannkyn | hokyn | inkjekyn | alle kyn |
god | godt | gode | |
leiken | leiki | leike | leikne |
Som god gjeng flest alle lagord, døme: blodug, gul, heilag, mjuk, modig, norsk, raud, stor, storleg, vond.
Som leiken gjeng lagord med etterlekken -en: gjeven, mogen, uvyrden, vaksen.
Uttala: k og g fær vanleg linn uttala fyre -en, -i, -e: leiki [2leiçi].
Avbrigde: For hokyn -i kann ein au skriva -a. Etter midlandsnormalen er bøygjingformene -in, -i, -i, -ne.
Linn bøygjing
Den linne lagordsbøygjingi fylgjest vanleg åt med namnord i bundi form: Den gode maten, den leikne kjetta.
eintal & mangtal |
alle kyn |
gode |
leikne |