Uttala
Uttala er den munnlege framburden av skriftmålet.
Høgnorsk uttala
Sjølvljod
I norsk hev me desse sjølvljodi: a, e, i, o, u, y, æ, ø, å. Desse er klangføre.
a | [a:] | eng. father |
e | [e:] | tysk sehen |
i | [i:] | eng. see, tysk viel |
o | [o:] | tysk Buch |
u | [ʉ:] | eng. boot (men lengre fram?) |
y | [y:] | som ein runda i |
æ | [æ:] | eng. man |
ø | [ø:] | tysk Löwe |
å | [ɔ:] | eng. law |
Open og trong sjølvljod
e, i, o, u og y (og stundom ø) kann lyda på tvo måtar, trongt og ope. I lange stavingar finn me oftast den tronge ljoden, i stutte oftast den opne. Når ljoden er open, nærmar e seg til æ, i til e, o til å, u til o, y til ø. Sumtid merkjer ein desse når ein skal skilja ord som elles er like i skrift: lutande kile ( ́) yver trong, attkeik kile (`) yver open. Døme: blót (offer), blòt (leggja i ~).
Schwa
I utyngd staving vert e uttala schwa [ә], liksom britisk uttala av engelsk father. Døme: hane [ha:nә].
Tviljod
Der er fem tviljodar: au, ei, øy, jo, ju. Desse hev oftast uttala /øu/, /æi/, /øi/, /jo/, /ju/. Døme: lauk, leik, røyk, brjota, ljuga.
Medljod
Skrivegjerd | Hovudnorm | Onnor normgild uttala frå ymse landslùter |
b | [b] | |
c | Berre i lånord | |
d- framljod | [d] | |
-d- inn-/utljod |
|
Sunnmøre/Nordfjord: [ð] eller [d] |
dd | [d] | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [dʲ] |
dj | [ʝ] eller [ɟʝ] | Mange stader: [j] |
dk | [k] ([kʰ] i utljod) | Sum aust- og nordnorsk: [ɾk] ([ɾkʰ] i utljod) |
f | [f] | |
g- framljod |
|
|
-g- innljod |
|
|
-g utljod | [g] | Sume stader etter e, i, y, æ, ø og l, r: [ɣ] eller [j] |
gj | [ʝ] |
|
-gn inn- og utljod | [ŋn] eller [gn] | |
h | [h] | |
hj | [j] | I sume ord mange stader: [ç] (t.d. hjå) |
j | [j] | |
k- framljod |
|
Vestnorsk: [cç] fyre ei, i, y, øy |
-k- innljod |
|
Vestnorsk: [cç] fyre mange endingar på -e-, -i- |
-k utljod | [kʰ] | |
kj | [ç] | Vestnorsk: [cç] |
l | [l] | Austnorsk:
|
ld | [ld] eller [l] | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ʎ] |
lg | Sjå -g i utljod | |
lj | [lj] eller [j] | |
ll | [l] | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ʎ] |
m |
|
|
mb | [mb] eller [m] | |
n |
|
|
nd | [nd]] eller [n] | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ɲ] |
ng | [ŋg] eller [ŋ] | |
nn | [n] | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ɲ] |
p fram- og utljod | [pʰ] | |
-p- innljod | [p] | |
q | Berre i lånord | |
r | [r] | |
rd | [r] | Austnorsk: [ɽ] |
rg | Sjå -g i utljod | |
rl | [rl]] | Austnorsk: [ɭ] |
rn | [rn] eller [n] |
|
rs |
|
|
rt | [rt]] ([rtʰ] i utljod) | Austnorsk: [ʈ] ([ʈʰ] i utljod) |
s | [s] | |
sj | [ʃ] eller [sj] | |
sk |
|
|
skj | [ʃ] | |
sl | [sl] eller [ʃɭ] | Trøndsk og andre stader: [ɬ] |
stj | [ʃ] | |
t fram- og utljod | [tʰ] | |
-t- innljod | [t] | |
tj | [ç] eller [cç] | |
tl | [tl] eller [ʃɭ] | Trøndsk og andre stader: [ɬ] |
tt | [t] ([tʰ] i utljod) | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [tʲ] |
v | [ʋ] | |
w, x, z | Berre i lånord |
Nøgnare um uttala av medljod
«Stungen» d. Millom sjølvljod og i utljod vert d vanleg ikkje uttala – t.d. å beda, ei gleda, ein spade, ei tid, ein tidur. Undantak kann vera «bibelord» som Gud, nåde, stadnamn som Bodøy, Nidaros, Lade, og allveg lånord som ode, jøde og mode. Fyre etterfesti ‑ig og ‑ug er uttala oftast med d fyre ‑ig og utan d fyre ‑ug – t.d. vert stødig og stødug uttala /stø:dig/ og /stø:ug/.
- Merk: Sunnmørsk og nordfyrdemål held på d millom sjølvljod og i utljod. I jamvektsmål finn ein au halden d: spåddå (spade), tuddur (tidur).
I sume ord og former lyder d for å gjera meiningi tydelegare – t.d. bedne, bodne.
dj vert oftast uttala som j i framljod – t.d. djup, djerv, djevel. I innljod er uttala anten /dj/ med stutt sjølvljod fyre eller /j/ med langt sjølvljod fyre – t.d. ei midja, å rydja, å stydja, ei smidja. Ljodhåtten av sjølvljodet held seg når det vert lengt – t.d. stỳdja /stỳdja/ el. /stỳ:ja/.
Tonelag
Til liks med svensk hev norsk tvo tonelag (skil i tone ved stavingar med hovudtyngd), som skapar minstepar. Døme: liket [¹li:kə], like [²li:kə] (til lo. lik); leiken (no.) [¹læikən], leiken (lo.) [²læikən].
Merk: Grunntonemynsteret for dei tvo tonelagi skil seg frå målføre til målføre.
Circumfleks
Er tostavingstonelag på ord med éi staving. Dette gjeld berre fåe ord. Døme: fôr, vêr, sâl. Ikkje alle ord med circumfleks er vanlege å merkja: mor, far, mt. glør (til glod).
Merk: Circumfleks femner vidare i sume målføre med apokope (m.a. trøndsk), jf. han er stor mot dei er stôr (= store).