Gjerningsord
Gjerningsord eller segnord (au verb) er ei klassa av ord som segjer frå um ei gjerning, hending eller vera.
Klassor
Gjerningsordi vert bytte i tvo hovudbolkar, sterke og linne gjerningsord. Kvardeira bolken er skift i ymse klassor, og dessutan er det ei klassa som fell millom hovudbolkane og difor ber namnet sterk–linn.
Bøygjing
Gjerningsordi vert bøygde i tid og segjemåte. Bøygjing i tal og menne (person) finst i målførelegt eller alderdomlegt mål. Dette er dei gjerande formene.
Attåt kjem ei namnordleg og tvo lagordlege former av gjerningsord. Dette er dei nemnde formene. Dei lagordlege formene vert dessutan bøygde som lagord.
Ved samansetjing av gjerande og nemnde former kann ein laga ymse umskrivne tider og måtar.
Grunnformer
Tidene er notid (presens) og fyrrtid (preteritum). Segjemåtane er forteljemåte (indikativ), bjodemåte (imperativ) og ynskje- eller mògemåte (konjunktiv).
Den namnordlege formi er nemneform (infinitiv), dei lagordlege er ferdug og uferdug lagform (partisipp).
gjerande | nemnde | ||||
notid | fyrrtid | nemneform | uferdug lagform | ferdug lagform | |
forteljemåte | kjem kastar segjer |
kom kasta sagde |
koma kasta segja |
komande kastande segjande |
komen kasta sagd |
bjodemåte | kom kasta seg | ||||
ynskje- eller mògemåte |
kome kaste segje |
kjøme – – |