Talord
Talord er ei klassa av ord som stend for tal. Dei er skifte i tvo gruppor: grunntal som me tel med, og rekkjetal som fortel um rekkjefylgdi.
Grunntal
Grunntali segjer eitkvart um kor mange det er av ei mengd.
0 | null (inkje, ingi) | ||||
1 | éin – éi – eitt | 11 | elleve | 10 | tio, tie, ti |
2 | tvo (tvei – tvæ – tvau) | 12 | tolv | 20 | tjugo, tjuge |
3 | tri (– trjå – try) | 13 | trettan | 30 | tretti |
4 | fjore, fire | 14 | fjortan | 40 | fyrti |
5 | fem | 15 | femtan | 50 | femti |
6 | seks | 16 | sekstan | 60 | seksti |
7 | sjau, sju | 17 | sjauttan, sjautjan, syttan | 70 | sjautti, sytti |
8 | åtta, åtte | 18 | attan, atjan | 80 | åtti |
9 | nio, nie, ni | 19 | nittan, nitjan | 90 | nitti |
Tali millom 21 og 99, minder dei heile tietali, vert vanleg ihopsette soleis:
21 | éin og tjuge eller éin-og-tjuge |
25 | fem og tjuge |
32 | tvo og tretti |
99 | nie og nitti |
Ein kann au setja deim i hop andre vegen: tjuge og éin osb.
For 100 vert namnordet (eit) hundrad nytta:
100 | (eitt) hundrad |
200 | tvo hundrad |
… | … |
900 | nie hundrad |
For 1000 nyttar me sameleis namnordet (eit, ei) tusund.
1.000 | (eitt) tusund |
2.000 | tvo tusund |
… | … |
10.000 | tie tusund |
… | … |
20.000 | tjuge tusund |
21.000 | éin-og-tjuge tusund |
100.000 | (eitt) hundrad tusund |
999.000 | nie hundrad og nie-og-nitti tusund |