Diskusjon:Norskdansk-høgnorsk ordlista
Eg hev høyrt ordet ballinnehav for ballbesittelse. Er innehav eit godt ord for besittelse? SAM 17. desember 2009 kl. 09:17 (CET)
- Ein innehar ikkje ballen, ein har ballen, difor burde ballhava vera meir råkande her. Eg fører inn hava og -hav i lista (dette siste finst fulla berre i samansetjingar?). TH 17. desember 2009 kl. 16:24 (CET)
Skipnaden
Eg veit ikkje um det høver å merkje av bøygjingi av norskdanske ord. Med di ho stend i same skrifttypen som den norske uttydingi, kann det vera vildrande. Og store nytta er det fulla ikkje i 'ne.
Ein annan ting: det er heller ikkje nokon bate i å setja upp berre avleidingsendingane, som t.d. «ærlig, -het»; då kann ein ikkje søkje etter «ærlighet» på sida. Rom har me nøgdi av her. TH 11. mai 2010 kl. 11:15 (CEST)