Bokstav
Ein bokstav er ei av grunneiningane i alfabetet som me nyttar til å skrive ord. Me knyter gjerne dei einskilde bokstavane til serlege ljod, eller rettare skilljod, men på grunn av målvokster og ymisleiken i målet gjeld ikkje denne bygnaden stødt for tilhøvet millom bokstavar og ljod på norsk, slik at me ofte nyttar tvo eller stundom fleire bokstavar til å gjeva att eitt ljod, og éin bokstav tidt kann berast fram som snart eitt ljod, snart eit anna.
Bokstavstrik
Til mange sjølvljod, rettare sagt bokstavane e, i, y, o og u, kann me setja eit strik yver til å syna um sjølvljodet er ope eller trongt. Trongt sjølvljod hev lutande strik <´> og ope sjølvljod hev attkeikt strik <`>. Me set på ein hatt <^> til å syna burtfall av d etter sjølvljodet.
Desse avbrigdi vert ikkje rekna for eigne bokstavar.