Sidefall
Sidefall (dativ) er eit grammatiskt fall av ein namnelekk (namnord, lagord, varaord) i ei setning som syner at namnelekken hev bate av eikor gjerningi. I norsk femner sidefallet au millom anna påstadfall (lokativ), fråstadfall (ablativ) og tølefall (instrumental), oftast bunde av serskilde styreord.
Bruk
Sidefall vert no mest nytta i faste ordlag og i skaldskap, men er vanleg i mange målføre. Døme:
- Gamle Norig, nørdst i grendom.
- Gjev ’om Oddvar ein stav!
- Dei gjekk mann av huse.