Diskusjon:Boteråder mot mistak i målføringi
Ordstelling av eigande varaord
Setningsbygnad som Me hev gode tilbod til våre kundar skriv seg vel frå dansk? I Norsk Grammatik skriv Aasen at utanum når ein ynskjer å leggja vekt på eigetilhøvet1, so skal varaordet standa til sist. I bokmålet vert denne setningsbygnaden nytta sers ofta, og ein sér at han finst mang ein staden i nynorske tekster med.
1Eitt undantak var at ein i visor frå Telemark kunde finna ting som sin foten og sitt gullet. Framleis hev me bundi form av namnordi. CS 19. desember 2010 kl. 21:32 (CET)
- Ja. Vanleg målføring er kundane våre. Typen våre kundar er anten tyngd på våre, skaldskap eller faste segnader (som ordtøke). Merk au: «Det er kundane våre eigne» andsynes «Det er våre eigne kundar». TH 20. desember 2010 kl. 01:12 (CET)
- Du gjer undantak for skaldskap og ordtøke, men er ein viss på at grammatikken ikkje er lånt frå dansk, her òg? CS 17:19, 19 January 2012 (UTC)
- Ålment sér me at mange ordtøke har ein gamalnorsk setningsbygnad som ikkje er ålgjengd i dag, og som ikkje finst i dansk heller. Eg veit kje kor mykje typen «våre kundar» er nytta i ordtøke, so eg kann kje svara grant på dette spursmålet. Det trengst etterrøknad. TH 15:11, 20 January 2012 (UTC)
Bundi form etter peikande varaord
I dansk nyttar ein ikkje ein bundi form av namnord etter peikande varaord (den kvinde), som ein gjer på norsk. Men finst her undantak der ein nyttar detta på [god] norsk òg? Jamfør siste spursmålet yver, ynskjer eg her òg å sila burt danskpåverknad. CS 17:19, 19 January 2012 (UTC)
- Fyrr var det mange skrivarar som nytta slike former, jf. «Dei gamle fjell i syningom». Det er ikkje spursmål um det er norskt eller ikkje, men um kva stil det er. Det strider vissa mot den munnlege stilen som råder i vanleg prosa i dag. TH 15:17, 20 January 2012 (UTC)
- Kvifor skulde det ikkje hava noko med norsk mot dansk i skriftmålet å gjera? D'er no greidt nog det at ein kann leika seg med målet t.d. når ein skriv dikt og slikt, men det er bisnelegt at ein viss «høgstil» passar beint med dansk formlæra. No er det vel slik at detta draget er av høvesvis nyare alder, og ikkje noko vikingane heldt på med. Då er jo sjølvsagt at det kunne finnast restar att, men når norsk skriftmål hadde lege daudt so lenge, verkar det merkelegt at at ein slik rest skulde snika seg inn i meir gjengs formlæra, utan at det hadde noko med påverknad frå dansk å gjera. CS 15:50, 20 January 2012 (UTC)