Gustav Indrebø
Gustav Indrebø (1889–1942) må kallast fremste målreisaren etter Ivar Aasen. Fødd i Samnanger, grunnleggjande barneår i Jølster i Sunnfjord. Student 1908. Lærareksamen Oslo 1910. Filologisk embættseksamen med «Innstilling» 1917 i soga, sidefag norsk og tysk, hovuduppgåva um Fagrskinna. I 1921 dosent i norrøn filologi, og tok doktorgrad 1925 på Norske innsjønamn. I 1929 professor i vestnorsk målføregransking på Bergens Museum etter Torleiv Hannaas og styrar for folkeminnesamlingi der. Sysla òg med stadnamngransking, og vitskapssysla var knytt til både soga og målkunna. I strev for norskt mål og norsk målreising var Indrebø nær utrøytteleg, i tale og talrike skrifter og utgreidingar til faglegt og ålment bruk. Av gamalnorske bokverk skipa han til ei rad. Av skrifter skal nemnast Nynorsk og bokmål (1932) og God norsk. Innlegg i målbrigdesaki (1937). Stykke av Indrebø kom i nyprent på Norskt Bokreidingslag i 1976 Kva er målreising? og i 1989 På norsk grunn. Indrebø var ein bolk formann i Studentmållaget, i Noregs Mållag og Vestmannalaget. Storverket Norsk Målsoga kom etter Indrebø var burte, i 1951. Han arbeidde med verket til det siste, og målsoga er ein grunnstein for høgnorsken. Boki kom i ny utgåva i 2001. Fram til ufreden 1940 var Indrebø den høgnorske hovdingen i striden mot målblandingspolitikken og for målreising på Aasens grunnlag.