Framlegg til høgnorsk stavnad (ortografi)
Grunnlaget for ein høgnorsk stavnad lyt vera Norsk målsoga (G. Indrebø) (https://www.nb.no/items/229c27cd85274123b33963bffaae8e8f?page=5).
Forklaring:
- Serlege dryftingsemne er merkte med tjukk skrift
- Ikkje fullførde upplistingar av ord/uferduge gjeremål er merkte [fyll ut]
Formverk
Namnord
Hankyn
Fleirtal på -er (-jer)
1. Desse hev fleirtal på -er:
- Ord på -nad (sg. skilnad : pl. skilnader t.d.)
- Lån-/framandord på -a (sg. sofa : pl. sofaer t.d.)
- Einstaka ord som grad [fyll ut]
- Ord som:
- brest, byl (vindkast), gjest, gris, kvist, led, (med)lem, lest (rommål), lit, lut, mun, (mat)rett, saud, sed (†sid), stad, styl (stylk, sjå der), ven.
- Mrk. 1: Sameleis lekk, løk, verk, vev
- Mrk. 2: Sameleis ibuarnamn som (sel)bygg, døl, egd (frå Agder), fyrd (frå Fjordane), ryg (rogalending), sygn (sogning), tele (teledøl), (vag)vær (frå Vågå)
- Mrk. 3: døl (ikkje sj.), gris, veg hev stundom fleirtal på -ar, men ikkje tilrådeleg her.
- Mrk. 4: Valfridom for hyl (pl. hyler ~ hyljar), eller berre -er?
- brest, byl (vindkast), gjest, gris, kvist, led, (med)lem, lest (rommål), lit, lut, mun, (mat)rett, saud, sed (†sid), stad, styl (stylk, sjå der), ven.
2. Desse hev fleirtal på -jer:
- bekk, belg, benk, dregg (lite anker), dreng, drykk, flekk, gong, hegg, klegg, legg, nekk (reinkalv), rygg, rykk, sekk, serk, skjeng (breid stripa), skjenk (drykk(jevaror)), sleng, stegg, streng, stylk, styng, svelg, vegg, veik, veng, øyk.
- Mrk. 1: Desse hev j-innskot i sms. (drykkjevaror t.d.)
- Mrk. 2: Desse hev j-innskot i fleirtal (drengjer, drykkjer t.d.)
- Mrk. 3: Sg. svelg : pl. svelger i alle tydingar eller berre i tydingi 'slurk'?
Einstaka ord
- Som sg. sko (b. skoren) : pl. skor (b. skorne) gjeng ljå.
- Som sg. ting (b. tingen) : pl. ting (b. tingi) gjeng feil.
Folkenamn på -an(ar) og -ar
1. På -an(ar) (afghan(ar)):
- [fyll ut]
- Mrk.: Undantak for hellen(ar).
2. På -ar (anglar t.d.):
- [fyll ut]
- Mrk.: Undantak for sg. bulgar, ungar.
Hokyn
1. B. sg. endar på -i (saki t.d.), jf. b. pl. inkjekyn. Valfridom millom -a og -i?
2. Linne hokyn:
- Ub. sg. endar på -a (ei vika t.d.). Valfridom millom -e og -a?
- Pl. endar på -or (vikor t.d.). Valfridom millom -er og -or?
3. Ord på -ing (sanning t.d.) hev fleirtal på -ar.
4. Sameleis einstaka ord som: brik ((båt)rekkja), elv, erm, heid, helg, herd, kleiv, kvern, merr, mjødm, myr, møy, reim, (båt)rip, rim (fjøl i grind), røy, røyr (svange), røys, sild, spik, vik, øks, ørn, øy.
- Mrk.: Sameleis 1. flis, geil, greip, grind, hind, hit (skinnsekk), sen (= sena f.), svill, øyr, (blod)år, år (i båt); sume havde alt tidleg valfri -er. Og 2. byrd, gimber, gyger, lever, never, sæter.
5. Desse hev fleirtal på -jar (hesjar t.d.): hes, il, vid (= vidja)
- Mrk. 1: Sameleis dys, (kniv)egg, eng, fit, fles, kløv (klỳv?), skjel; sume av desse havde alt tidleg valfri -er. andre?
- Mrk. 2: Sms. fær innskoten je (hesjestaur t.d.). Jamt?
6. Lån-/framandord på -a vert bøygde soleis:
- ei diva : den divai (flest alle gjeng soleis)
- ei mamma : den mamma (pl. mammor)
- ei avis : den avisa (pl. avisor)
- Mrk.: Som avis gjeng morell, [fyll ut]
Inkjekyn
1. B. pl. endar på -i (husi t.d.). Valfridom millom -a og -i?
2. Sg. barn : pl. born er eit sertilfelle (u-ljodbrigde i fleirtal). Sg. land : pl. lond, sg. vatn : pl. votn osb. er ikkje brukande.
- Mogeleg uppføring i ordlista kann likevel vera:
- born n. pl. born
- vatn n.
- †votn pl. av vatn
3. Som b. og ub. sg. auga (men sjå mrk. 3) : b. og ub. pl. augo gjeng: eista, hjarta, hyrna, noda, nyra, nysta, okla, øyra.
- Mrk. 1: Desse enda i gamalnorsk på -na i gen. pl. (på -a i gen. sg. ). I sms. endar difor serleg auga og høyra på -ne (augnebil, øyrnelag t.d.), sj. nyra. Spursmålet er um det skal fastsetjast éin stavnad her.
- Mrk. 2: Samansetjingsform av vindauga lyt vera vindaug. (vindaugruta t.d.)
- Mrk. 3: B. sg. kann eller skal enda på -at (hjartat, jf. huset)
- Mrk. 4: Hyrna kann vera hokyn. Nyra, okla kann ikkje vera hokyn.
4. Lån-/framandord på -a fær b. pl. på -ai (tema : temaet : tema : temai t.d.).
Lagord
Gradbøygjing
Lagord vert gradbøygde anten 1. arm : armare : armast eller 2. lang : lengre : lengst. Som lang gjeng:
- låg : lægre : lægst
- små : smærre : smæst
- [fyll ut]
Lagord på -en
- open : opi : ope : opne
- liten : liti : lite : småe
- Mrk. 1: Er det undantak for lånord (frå tysk)?
- Mrk. 2: Skal det opnast for hokyn opa?
Varaord
Personlege
- 3. sg. hankyn obj. er honom
- 3. sg. hokyn obj. er henne
- 3. pl. obj. er deim
Ubundne
hankyn | hokyn | inkjekyn | fleirtal |
---|---|---|---|
annan | onnor | anna | andre |
einkvar ~ einkvan | eikor | eitkvart | |
nokon | nokor | noko | nokre |
ingen | ingi | noko | ingi |
- Mrk.: onnor, eikor, nokor, ingi jamvel i a-mål-.
Talord
- ein, tvo, tri, fire (†fjore), fem (†fim), seks, sju, åtte, ni(e), ti(e), elleve, tolv
- trettan, fjortan, femtan osb.
- tjuge
- hundrad, tusund ~ tusen
- fjorde (~ fjerde), sette (6.)
Gjerningsord
Ålment
- Nemneform er -a
- Refleksivform er -st
- Som hjelpeverb kann stuttformene ha og la av hava og lata brukast
Linne gjerningsord
Linne gjerningsord hev tri klassor, d.e. velja-, døma- (hit høyrer duga osb.) og kasta-klassa.
[Laga eigi yversynlista: fyll ut]
1. klassa (velja)
Endingi i fortid er -de etter b d g m v og l n r, -te etter k p s t.
2. klassa (døma)
1. Endingi -de i fortid er bruka etter b d g m v, -te etter k p s t. Etter l n r kann det ymsa, men oftast -de etter r, -te etter l n.
2. Som forklara : forklarer : forklarde' : (hev) forklart gjeng 1.' klara [fyll ut] og 2. Gjerningsord på -era (studera t.d.).
3. Som meina : meiner : meinte : (hev) meint gjeng låna [fyll ut]
4. Som suga : sug : dugde : (hev) sugt gjeng duga, tora [fyll ut]
- Mrk.: aga : †ager : †agde : (hev) †agt
5. Einstaka bøygjingar:
- segja : segjer : sagde : 'sagt
- hava : hev : havde : havt
- Mrk. 1: Men jamt (fyre)'havde : (hev) -havt
- Mrk. 2: Sup./part. havt er vanlegare enn pret. havde
- Mrk. 3: ha kann brukast i samansette gjerningsord, t.d. skulde ha havt
3. klassa (kasta)
- Bjodeform endar på -a (kasta! : kasta : kastar : kasta : (hev) kasta).
- Som kasta gjeng lima [fyll ut]
Sterke gjerningsord
Ålment
- Nemneform hev jamt langformer ('taka, beda osb.)
- Gå og stå hev eigne uppføringat attåt ganga og standa
- Sterke gjerningsord vantar ending i pres. (†-er < gn. -r)
- Nemneformer skal ha jo og ju og ikkje y, d.e. skjota, bjoda, fljuga osb.
- Einstaka former: gjeva (†giva)
1. Serskilde bjodeformer:
- gakk (ganga)
- statt (standa)
- haldt (halda)
2. Einstaka bøygjingar:
- sjå : sér : såg : (hev) sett
- heita : heiter : heitte : heitt
Ljodverk
Innskoten j
1. Innskoten j framfyre ing etter g og k byggja byggjing.
2. Sameleis bryggja, sleggja, krykkja; hyggjeleg, styggjeleg; trykkjeri; bekkjefar.
Ymse ljodsamband
[fyll ut]
Einstaka ord
- †sid sjå sed
- †vin sjå ven
- †korleides sjå korleis
- koss (lite bruka) sjå korleis
- †soleies sjå soleis