An-stomn
an-stomnar er namnet på linne hannkynsord med endingi -ar i mangtal og linne inkjekynsord med endingi -o i mangtal.
Døme: hane – hanen – hanar – hanane.
Døme: hjarta – hjarta(t) – hjarto – hjarto.
Målsoga
fn. */hanan/}} > gno. /hani/ > nn. /haːne/
fn. */hertan/ > gno., nn. /hjarta/
I frumnorrønt skipar ein an-stomnar av hannkynsordi i reine an-, -ijan-, jan- og wan-stomnar. I norrønt er desse kalla a-klassa etter endingi i akkusativ mangtal. Inkjekynsordi er berre skipa i reine an-stomnar, som i norrønt er kalla u-klassa etter endingi i akkusativ mangtal.