Antigone
Denne boki er førd yver frå ei papirutgåva og kann hava lyte. Sjå Innlesne bøker for fleire av desse. |
KLASSISKE BOKVERK
I NORSK UMSETJING
UTGJEVNE AV STUDENTMÅLLAGET
VI
SOFOKLES
ANTIGONE
UMSETT FRÅ GRESK
VED
MATIAS SKARD
Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar
DET NORSKE SAMLAGET -- OSLO 1923
INNLEIDING
I det 5te hundradåret f. Kr. hadde Atén tri
store skaldar: Aischylos, Sofokles og Euripides.
Med deim nådde den dramatiske diktingi ei høgd
som fyrst nytidi hev nått upp til att. Deira liv
og verksemd fyller hundradåret, soleis at dei høyrer
til kvar sin ættled: Aischylos er mannen frå persar-
krigane; han var sjølv med i striden ved Maraton
og ved Salamis; Euripides høyrer til den tidi då
den nye, sofistiske visdomen trengde seg inn; millom
dei stend Sofokles, den beste representanten for den
tidebolken me plar kalla den perikle’iske.
Sofokles (496—406) er fødd i den fagre grendi
Kolonos i Atikka. Han fekk ei god uppseding
både til kropp og sjel; harmoni og jamvekt ser-
merkjer mannen — og diktingi hans med.
I sin ungdom upplevde han dei store sigrane
i persarkrigen, og førde sjølv sigerskoret åt ung-
gutane etter slaget ved Salamis. I sin manndom
gjenomlevde han den perikle’iske stordomstidi og
var vener med fleire av av dei fremste hellénar, soleis
med Perikles og Herodot. Det fullstendige saman-
brotet åt fedrebyen slapp han uppleva.
Sjølvsagt hadde han lært mykje av sin store
fyregangar Aischylos, men han nådde snart upp i
jamhøgd med meisteren. Straks med fyrste dra-
et sitt vann han prisen, år 468. Og so råder dei
tvo saman på det attiske speltilet i 12 år, til Aischylos
døydde (456). Frå den tid var Sofokles fyrste-
mannen i den dramatiske kunsten og vann siger
på siger; folket heidra honom jamvel med embete
eit par vendor. Mot yngre medtevlarar (t. d.
Euripides) hevda han seg godt, — samstundes som
han ikkje var redd for å læra av deim.
Sofokles skreiv 123 tragedior, vert det fortalt.
Berre 7 av deim hev nått til oss; eit lite utval, det er
sant; men visseleg eit utval av noko av det beste
han hev skrive. Og serleg er det gledeleg at me
hev det dramaet hans som hev vorte kalla det her-
legaste frå gamletidi, — Antigone.
Emnet til syrgjespelet Antigone er teke or segni
um kong Oidipus i Teben. Han hadde aldri kjent
foreldri sine, og hadde den syrgjelege lagnaden at
han kom til å drepa far sin og gifta seg med mor si.
Dei fekk døtterne Antigone og Isméne og sønene
Etéokles og Polyneikes. Men då foreldri endeleg
kom etter den fælslege samanhengen, var dei utrøy-
stande: ho drap seg sjølv, Oidipus reiv ut augo
på seg og gjekk i utlægd. Antigone fylgde honom
trutt frå stad til stad so lenge han levde.
Då Oidipus fór frå Teben, ervde sønene trona,
og styrde riket med morbroren Kreon til formyndar.
Men då dei vart vaksne, reiv Eteokles åt seg heile
makti, og Polyneikes måtte røma landet. kongen
i Argos tok godt imot han og gav honom dotter si.
So samla Polyneikes ein stor her («dei sju fyrstar
mot Teben» og freista vinna att makti. Det mis.
lukkast; Argos-heren vart driven på flog; men dei
tvi brørne møttest i slaget og felte kvarandre.
Kreon vart so vald til konge. Etter råd frå
spåmannen Teirésias ofra han ein av sønene sine
til gudane og vann so den avgjerande sigeren yver
heren frå Argos. Straks lét han Eteokles verta grav-
lagd med alle vanlege heidringar, men um Polyneikes
gav han det påbodet at han skulde reknast for lands-
svikar og liket hans verta liggjande der han fall,
— utan jordfesting og ofringar.
Men etter gamal gresk synsmåte var dette det
verste som kunde timast nokon; utan jordfesting
vart ein vandrande heimlaus um i Hades. For gre-
karen var jordfestingi heilag skyldnad både mot
den avlidne og mot gudane. Forbodet åt Kreon mot
å jordfesta Polyneikes strider då mot det religiøse
medvit og rettssansen i folket.
Dramaet byrjar med det at Antigoe trassar
Dette kongebodet.
PERSONANE
ANTIGONE og ISMENE—døtter åt kong Oidipus i Teben
KREON, morbror deira, konge i Teben
EURYDIKE, dronningi hans
HAIMAN, son deira, festarmannen åt Antigone
TEIRESIAS, gamal, blind spåmann
EIN VAKTMANN
EIN BODBERAR
KORET, gamle, forneme tebanarar
KORFØRAREN
ANTIGONE
Framfyre Kadmeia, kongsborgi i Teben.
(Av dei tri dørene som fører inn i borgi, er den mil-
lomste kongeporten, hovudinngangen for kongen og fylgjet
hans. Døri til høgre for åskodarane fører inn til kvende-
romi. Derifrå kjem Antigone og Ismene ut.)
(Det er i grålysningi)
ANTIGONE
Isméne, hjartans kjære syster, seg meg du:
finst enn i arv frå Oidipus der noko vondt
som Zeus kje lèt oss lida fullt fyrr døy me fær?
For ikkje veit eg nokor liding eller sorg
og ingi hæding eller skam som ikkje alt
eg laut i vår ulukkelege lagnad sjå.
Og no på nytt, kva bodskap er det folk fortèl
at kongen lét forkynna nyst for byen her?
Seg, hev du høyrt det, eller er det løynt for deg,
at fiendsmenner trugar den som me hev kjær?
ISMENE
Nei, ingi tidend — tungsam eller gledeleg —
hev eg um våre vener høyrt, Antigone,
ifrå den stundi me tvo miste våre brør
då dei i striden gav kvarandre banesår.
Og etter at so Argos-heren drog sin veg
i natt som var, hev ikkje eg frett nokon ting
som kunde kveikja glede eller vekkja sorg.
ANTIGONE
Eg tenkte det, og tok deg difor med her ut,
so trygt me kann få talast ved på tvomannshand
ISMENE
Kva gjeld det? Greidt eg ser at noko brenn i deg.
ANTIGONE
(uppøst)
Å, Kreon unnte nok vår eine bror ei grav,
men røva hev han denne heideren frå hin.
Han hev gjort rett og skil imot Etéokles
og gravlagt honom soleis som det sømer seg,
so han i helheimen kann med heider fagning få.
Men usælt falne Polyneikes — segjer dei, —
um honom hev han gjeve bod at ingen må
i grav han leggja eller gråta yver han,
men lata liket gråtlaust, gravlaust liggja der,
ei fager fengd å sjå for grådig fugleflokk.
Slikt bod skal denne edle Kreon ha forkynt
som lov for seg og meg, ja endåtil for meg.
No kjem han, vil forkynna dette klårt for dei
som ikkje veit det fyrr. Han tek kje saki lett:
den mann som dette bodet bryt, er dauden viss,
for sjølve folket skal med steining fella han.
No veit du alt; og snart du visa fær um du
er dine gjæve feder verdig eller ei.
ISMENE
Usæle du! Når so det stend, kva skulde eg
då kunna gjera frå ell’ til i denne sak?
ANTIGONE
Seg, vil du dela verk og vågnad med meg her?
ISMENE
(i største angest)
Kva er det då for vågeverk du tenkjer på?
ANTIGONE
Seg, vil du hjelpa meg å lyfta liket hans?
ISMENE
So du vil jorda honom — tassa Kreons bod!
ANTIGONE
Ja, syster, eg vil jorda bror vår — min og din,
um òg du sviktar. Eg skal finnast tru mot han.
ISMENE
Du vågar gjera det som Kreon strengt forbyd?
ANTIGONE
Han hev kje rett til halda meg frå mine skild.
ISMENE
(bønleg)
Usæle eg! Å, kjære syster, tent på far,
og kor han måtte skjemd og hata gå i grav,
han som til sist — då han si svære skyld fekk sjå, —
rein sine einge augo ut med eigi hand;
og so på ho som var hans mor og viv i eitt,
og usøkt enda sine dagar i eit reip;
og so på brørne våre, desse arme tvo
som same dag si syrgjelege helferd fór,
med du dei usælt bar kvarandre banehogg.
(liti togn)
Av all vår ætt er berre me tvo eine att;
og tenkt so på kor eleg me fortjonast lyt
i fall me trassar bodet som tyrannen gav.
So hugsa òg på, at me er berre kvinnor, me,
er ikkje skapte til å strida imot menn;
og på at han hev makti; so kor tungt det fell, —
me måtte tola jamvel det som verre var.
Eg vil då beda dei som under torva ligg,
tilgjeva deet eg her forbryt for di eg må.
Eg bøygjer meg for han som styrarmakti hev.
D’er fåvits verk å vilja det som uråd er.
ANTIGONE
(beiskt)
Eg skal kje bede deg; ja um du baud deg til,
so vilde ikkje hjelp di meg vera kjær.
Nei, berre hav di meining, du. Eg jordar han.
Når det er gjort, då skal eg helsa dauden glad.
Då skal eg kvila kjær hjå han, min kjære bror,
når heilagt brotsverk eg hev gjort. Eg lenger treng
å tekkjast dei i grav enn dei som lever enn;
hjå hine skal eg ævleg bu. So akta då
for ringt — um so du vil, — det gudande set høgt.
ISMENE
Nei aldri held eg det for ringt. Men ikkje eg
hev fenge kraft til strid mot stat og styremakt.
ANTIGONE
Du fær då bruka denne fyrebersla, du;
eg gjeng å grava gravi åt min kjære bror.
ISMENE
Å, arme syster! — kor du gjer mge angestfull!
ANTIGONE
Å, plag deg kje med meg! tenk heller på deg sjølv.
ISMENE
Fortel då allvist ingen det på fyrehand;
men haldt det hjå deg sjølv; min munn skal vera
læst.
ANTIGONE
(i høgste egse)
Å, berre rop det ut! Eg hatar meir slik togn,
enn um du skrik det ut so alle høyrer det.
ISMENE
Varmt bankar hjarta ditt for dei som kalde ligg.
ANTIGONE
Eg veit eg tekkjest dei som helst eg tekkjast børt.
ISMENE
Ja, um du kann det; men umogleg er ditt mål.
ANTIGONE
(ser stort og fast på ho)
men skulde krafti svikta, er det ikkje meir.
ISMENE
Ein bør kje eingong freista seg på vonlaust verk.
ANTIGONE
Du berre vekkjer hat hå meg med slike ord,
og jamvel bror din i si grav må hata deg.
(Forsonlegare)
Nei, lat meg i min hjartans uforstand gå inn
i denne gru; for aldri kann det henda meg
so ilt at ikkje eg ein edel daude fær.
ISMENE
So gakk, i fall ditt hjarta tvingar deg. For visst
du ber deg uklokt, men du er ein trufast ven.
(Dei gjeng, Ismene inn i borgi, Antigone til vinstre.
Soli renn.
Koret kjem inn, helsar morgonsoli)
KORET
Strofe I
Sol, du ljosberar! Aldri fyrr
smilte du so strålande blidt
til det sju-porta Teben ned.
Å, dags tirande auga! no
steig du endeleg upp og drys
rikt ditt gull yver Dirkes flate.
Heren som med skinande skjold
brynjebudd ifrå Argos kom,
honom du jaga på tanande flog
vilt med taumane lause.
Han som Polyneikes, hemnfus u hug,
mot vårt fedreland førde, eggja av tvist,
— som kvitfjøra ørn sviv inn inn yver land
med trugande augo og skjerande skrik, —
slik kom han i bunad av skinande skjold,
med våpen i mengd
og med bylgjande hestehårsduskar.
Motstrofe II
Yver byen han stod og greip
med dei sterke, blodtyrste spjot
kring vår sjufalde inngangsport.
Men burt flaug han fyrr enn han fekk
gapet ffyllt med vårt blod, og fyrr
feitved-bål hadde endå herja
ringmurkransen kringum vår by.
Slikt eit fælsleg stridsbulder vilt
reiste seg rundt honom. Frå seg han beit
kvast, vår stridføre drake.
Zeus hatar kyt or ovmodig munn;
og då han no ser kor fienden kjem
som ein bylgjande straum imot byen fram
i blenkjande bunad av singrande gull,
då slær han med lynet den valdsmann som alt
på murkanten stod
med sigerrop byrge på lippom.
Strofe II
Ned imot jord vart han slengd so det berre dunde,
han som med kyndel i hand, og til vanvit uppøst
fór vilt rasande fram
som det verste herjande vêr.
Lukka brått snudde seg:
Ares som fritt råder i krig, hoggande gav kvar
mann sin lagnad,
styrande striden.
Dei hovdingane sju som stod budde til strid
ved portane sju, dei leivde åt Zeus
som siger gav, eit offer av jarn.
Men det fælslege samborne brorparet som
støytte saman i tvomanns-ote, og bar
på einannan dei dobbelt sigrande spjot,
dei i lag fekk sin tvifalde bane.
Motstrofe II
Men — so kom Nike, den namnfræge sigers-
gydja,
fyllte vårt vognrike Teben med smil og glede.
Difor vil me kje meir
minnast uvêrs-ridi som var.
Glade kor gjesta skal
templi i natt, alt medan sjølv vinguden oss fører
i dans so
jordi må skjelva.
KORFØRAREN
Men der kjem Kreon, Menoikeus’ son,
som vart konge her no
ved den vending som gudane gav vår sak.
Kva er det han no hev i hugen, skal tru,
med di han hev late heroldane få
dei eldste so brått
kalla inn til rådleggjingsmøte.
(Kreon kjem ut or borgi med kongestav i hand og
mange tenarar i fylgje.)
KREON
De menn! Kor hardt enn sterke stormar skok vår
stat,
hev mildegudar atter skipa alt i lag.
Og dykk eg hev då framfor alle bodsendt no
å koma hit, for di eg visste at de stødt
med heilag vyrdnad varde Laios’ kongestol.
Og så so Oidipus fekk riket atter-reist,
var de hans trugne hjelp; og då hans søner vakt.
Men no då dette broderpar til grunnar gjekk
og fall på på same dag i brotsleg brodermord
med di den eine fekk av hin sitt banehogg, —
det fall på meg som nærmast er i ætt med deim,
å erva deira styrarrett og kongemakt.
Til gagns ein kjenner ingen mann, hans hug og hått,
hans tankelag og lynde, fyrr han sjølv hev synt
um vel han veit å skipa rett og hevda lov.
For den som er til hovding yver folket sett
og ikkje vågar hevda det som rettast er,
men jamvel slær i reddug lås for eigen munn,
han hev eg alltid halde for ein ovstor skarv.
Og den som mæter vener meir enn fedreland,
han er i mine augo ingen vyrdnad verd.
Men eg — det høyre Zeus som ævleg allting ser, —
eg skulde ikkje tegja still i all eg såg
fortjoning truga lukka i mitt fedreland.
Og aldri skulde venen min eg kalla ein
som fiend er av fedrelandet; for eg veit
at landet ber vår lukke; gjeng vårt statsskip trygt,
so vil det kje på gode vener verta vant.
Med slike lover vil eg hjelpa staten upp;
og difor hev eg ogso no åt borgarom
forkynt det bod um sønene til Oidipus,
at han som fall i strid for fedrebyen sin,
Etéokles, som var ein herleg helt i kamp,
han skal sin gravhaug få, og slike ofringar
som hæve falne heltar under torva fær.
Men frenden hans — eg meiner Polyneikes, — han
som var or byen landslyst, men kom att med krig
og vilde herja fedrestaden sin med eld
og øyda våre gudar, drikka broderblod,
og føra sjølve folket burt i trælekår, —
um honom hev eg gjeve borgarane bod,
at ingen honom heidra må med grav og gråt;
nei, gravlaust skal hans lik få liggja, sunderflengt
av svoltne hund og ramn, — eit fælsleg syn å sjå.
Ja, so eg vil det; aldri, aldri skal av meg
ein svikar ære framum fagnamannen få;
men kvar ein ærleg ven av byen, han skal ha
sin fulle heider, um han lever eller døyr.
KORFØRAREN
(mykje vægjen).
Din vilje er det då at so skal verta gjort
med landsens fiendmann, og den som vernar det.
Du maktar visst å driva gjenom det du vil,
for daude likso vel som for oss levande.
KREON
No vel! So ser de til, at det eg baud, vert gjort.
KORFØRAREN
Nei, legg då heller dette på ein yngre mann.
KREON
Ja, vaktmenn yver liket hev eg longe sett.
KORFØRAREN
Kva anna er det då du byd oss vakta på?
KREON
Å ikkje spara dei som her vil trassa meg.
KORFØRAREN
Slik dåre finst kje at han er etter dauden trår.
KREON
Ja, dauden er den visse løn; men von um vinst
hev lokka fyrr so mang ein mann til heluvs verk.
(Ein vaktmann kjem, — tvikande og full av angest,
stoggar stundom. Då Kreon ser kvast på han, mannar han
seg endeleg upp.)
VAKTMANNEN
Eg kann kje segja, herre, at eg hasta hit
so hardt at eg av den grunn sprang meg andelaus.
I angest tidt eg evsam stogga mine steg
og gjekk i tunn, — var nær på vilde venda att;
for sterke røyster førde ålvors strid i meg;
snart: Stakkar, gjeng du dit du berre ventar straff?
og snart: Din dåre, stansar du? Um Kreon fær
din bodskap av ein annan,, — ja, då er du seld.
Med slikt eit tvidrag i meg kom eg ingenstad,
og soleis gav den stutte veg ei langdrjug ferd.
Men sistpå vart det no til det, eg gjekk hit lel.
(atter tvikande)
og skal fortelja, endå ingenting eg veit.
Men fast eg held den visse voni at det kann
kje verre henda meg enn eg er lagen til.
KREON
Kva er det då som gjerer deg so modlaus, mann ?
VAKTMANNEN
Fyrst vil eg tala um meg sjølv, at korkje er
eg — eller hev eg sét til nokon — gjerningsmann.
So ingen kann då refsa meg med rette her.
KREON
Du gjerder godt umkring di sak meg mange ord.
Det viser greidt, du hev å melda viktigt nytt.
VAKTMANNEN
Ja, i ei fårleg sak det trengst å vera var.
KREON
So kom då med det fort, og då deg her ifrå!
VAKTMANNEN
No kjem det, Jau då, — dette liket som du veit, —
d´er nokon som hev jorda det, strøytt sand uppå,
hev ofra etter vanleg vis og — burte var’n.
KREON
(uppøst)
Kva segjer du! Kven var då det som våga slikt?
VAKTMANNEN
(dreg på akslene)
Det veit kje eg: det var kje minste merke der
av grev ell’ spade; marki låg der heil og fast
og urøynd, — ikkje hjulfar, ikkje noko slag,
so gjerningsmannen var som blåsen til og frå.
Då no den fyrste dagvakt viste oss det syn,
det var so me kje visste kva me skulde tru.
Han var kje jorda just; men einkvan hadde strøytt
eit tunt lag sand på , — liksom for å ha det gjort.
Det fanst kje ferder etter villdyr der eller hund
som kunde tenkjast å ha stelt det soleis til.
Då gauv me på kvarandre med dei verste ord;
den eine gav den andre skuldi; det var nær
me tok på slåst, og ingen kunde skilt oss åt;
for mistenkt var kvar ein av oss, — men utan prov,
og ingen vilde segjast vita nokonting;
men alle var me reide til å bera jarn
og gå igjenom eld og sverja høgt og dyrt
på det, at ikkje hadde han gjort, dette verk,
og heller ikkje vore med i råd ell’ dåd.
Men då me ingen veg med all vår dryfting kom,
då bar ein sistpå noko fram, som fekk oss til
å bøygja våre hovud ottefullt mot jord;
me kunde korkje mæla mot det, eller sjå
å sleppa undandet han sagde; at me straks
fekk melda alt til deg og ikkje dylja det.
Då det so gjekk igjenom, vart eg, arme mann,
med lutkast peika ut til denne heiderferd.
Ugjerne kjem eg her; ugjerne du meg ser;
for ille sédd er den som kjem med låke bod.
KORFØRAREN
(høgtidsamt).
Eg kann kje koma burt ifrå at kanskje hev
ein guddom fingren med i det som her hev hendt.
KREON
(uppøst)
Teg still fyrr talen din med harm meg heilt hev fyllt!
og gjer deg kje til dåre i din alderrdom.
Det er kje til å tola når du segjer slikt:
at gudar skulde skøyta um det det liket der.
Dei skulde kanskje heidra han som velgjerdsmann,
med gravhaug, — han som kom og vilde brenna upp
dei herleg suleprydde, rike tempelhus
og øyda deira jord, og skipla lov og rett!
Ell’ ser du gudar heidra brotsmenn nokon gong?
Å, langt ifrå! Men lenge alt hev sume her
no naudleg tolt mi makt, og murra meg imot,
og løynleg rist på hovudet og ikkje bøygt
seg under åket — som ein bør, — med vægjen hug.
Eg skynar vel at slike folk hev lokka dei
med pengepungen, — dei som gjorde dette verk.
Av alt som mannen nokonsinne tok i bruk,
er sylvet visst det verste: byar øyder det,
og jagar mange menneske frå hus og heim;
det hev forvillt og synkvervt mang ei edel sjel,
og lært og øvt ho upp til skammelege verk;
det narrar ofte mannen burt frå rettferds veg
og gjev han hug og dug til allslags gudlaus ferd.
Men dei som lét sg leiga til det nidingsverk,
hev drive det so langt at dei kann få si straff.
So sant eg ofrar enn til Zeus med audmjuk hug,
so skal de vita visst, og høgt og dyrt eg sver:
i fall de ikkje finn den mann som gravi grov,
og steller honom fram for augo mine her,
so skal de ikkje berre døy; i live vert
de hengde upp til dess de vedgjeng dykkar brot,
og rett fær visst kvar helst ein ein søkja skal sin vinst,
og søkjer honom der, og lærer at ein skal
kje freista gjera pengar ut av alt som er.
Ein oftast ser, at den som søkjer urein vinst,
han fær kje gagn av det, men grev seg sjølv ei grav.
VAKTMANNEN
Må eg få tala? eller skal eg berre gå?
KREON
Du skynar då kje kor din tale plagar meg?
VAKTMANNEN
Seg, er det øyra eller sjel han plagar mest?
KREON
De skal ha greide jamvel på kor pina sit?
VAKTMANNEN
Ja, tale sårar øyra, gjerning sårar sjel.
KREON
Du er då skire tull og tøv frå inst til ytst.
VAKTMANNEN
Eg hev no ikkje gjort det verket like vel.
KREON
Jau visst, og attpå hev du selt di sjel for sylv.
VAKTMANN
(sjemlsk)
Kor ilt,
når han som dømer, ikkje veit å døma rett!
KREON
Ja, leik med ordom du! Men steller de kje fram
for meg den mann som gjorde det, skal de få sjå
at urein vining kjem ein til å lida for.
(gjeng inn i huset)
VAKTMANNEN
Ja, gjev dei måtte finn han! Men anten so
dei finn han eller ei — det råder lukka for, —
du skal visst ikkje sjå meg koma hit att meir.
Utruleg at eg slapp heilskinna her ifrå;
men takk og ære være <-- ? --> gudane for det!
(Gjeng)
KORET
Strofe I
Veldigt er mykje, men inkje skapt
er i velde med mannen likt.
Djerv han sigler det myrke hav
midt i stridaste vetterstrom,
og skjer seg veg gjenom båror
som vaskar vilt um stamn.
Og jamvel høgste guddom. Jordi,
piner han ut med dei grorsame runer som
plogen bak fjøruge onnehest år for år
ritar i den svarte moldi.
Motstrofe I
Lufti sin leikande fugleflokk,
villdyr-skaren i mark og skog,
og det yrjande havdjups her, —
alle veit han å fanga fint
med nèt og nøter og snaror, —
den ovleg kloke mann!
Til tenarar han gjer dei ville
dyri på viddom, og tvingande åket han
legg på den lufsande manken åt hesten, og
på den risesterke bergstut.
Strofe II
Han lèt tanken få mæle og namn
i det fjørlette, ut-anda ord.
Han grunnlagde samfund og bygde vern mot
den rame frost, storm og snø,
so trygt han bur; rik på råd allstødt han er.
Ja, utveg veit han utor alt!
D’er berre eitt: dauden sjølv,
han kje maktar fly ifrå.
Men lækjedom han fann imot
fæle sotter.
Motstrofe II
På uppfinningsdug er han rik
langt yver all venting og von;
men gjer — snart det vonde og snart det gode.
Er landsens lov fullt i hevd, —
det rett som sjølv gudar gav, høgt stend vår stat.
Men landsens fiend er den mann
som skamdjervt bryt lov og rett.
Aldri vil eg sessa ved
mine åre eller i mitt råd
slik ein brotsmann.
(Vaktmannen kjem med Antigone
KORFØRAREN
I undring eg stend, som um syner eg såg
frå gudom. Eg ser; men knapt kann eg tru
at den ungmøy er Antigone sjølv.
Å, usæle barn!
med din tunge fars-arv frå Oidipus! Ve!
Eg kann kje tru at trass du hev vist
mot kongen sitt bod, og vert førd hit for di
at dei greip deg i sovoren dårskapen.
VAKTMANNEN
(kjem nærare med Antigone, og ropar)
Her hev me ho som gjorde det; me tok ho, best
ho heldt på jorda han. Men kvar er Kreon då?
KORFØRAREN
Der kjem han ut or borgi just, — i rette tid.
kREON
(som hev høyrt dei siste ordi, ser forstøkt på dei tvo)
Kva er det her? Kva kjem eg til i rette tid?
VAKTMANNEN
Nei aldri skulde ein forsverja nokon ting;
for ettertanken gjer so tidt til lygn alt det
ein tente fyrst. Eg svor at hit eg kom kje meir,
so fæle trugsmål som du skræmde med no sist.
Men vert so brått det verste til det beste vendt,
då vert det slik ei frygd, ein gløymer alt ein sa.
So kjem eg hit då, endå eg forsvor det, — kjem
med henne der, — kom på ho medan ho var åt
å jorda liket. Det gong drog me ikkje lut;
det lukkefundet det er mitt, og berre mitt.
No fær du taka henne for deg som du vil;
ja, spør og få det på ho. Eg hev fullgod rett
til fri å gå min veg frå alt du truga meg.
KREON
(som ikkje synest skyna det som vart sagt)
Men kvar og korleis tok du ho du kjem med der?
VAKTMANNEN
Ho her hev gravlagt mannen. Dermed veit du alt.
KREON
Du kann då aldri meina det du segjer der.
VAKTMANNEN
Eg såg ho jorda dette liket du forbaud
å jorda. Tru eg ikkje talar greidt nok no?
KREON
Kor gjekk det til at de fekk sét og gripe ho?
VAKTMANNEN
Jau, soleis: då me kom attende dit den gong
du hadde truga oss so stygt, me kara burt
det dumbe-laget som var yver liket lagt.
Og då den halvvegs rotne kroppen låg der berr,
so sette me oss burt på bakkekanten, slik
at ikkje vinden med den stygge tev stod på;
då eggja me, den eine hin, med harde ord,
og trugsmål um han ikkje vaksam var på vakt.
Og soleis sat me der til soli strålerik
stod middagshøgt på kvelven klår, og heta hardt.
Då reiste det seg brått ein veldig kvervelvind,
eit himmels vêr som dreivde dumba høgt i tunn,
og taut, og reiv og sleit i teinung og i tre.
Snart stod dei, både jord og himmel, i ein røyk.
For denne plaga, send frå gudom, måtte me
ha augo att; og då det sistpå stilna av,
so såg me gjenta standa der. Ho klaga seg
og skreik so sårt som arme fuglemôri skrik
når reiret sitt ho sorgfullt finn for ungar tømt.
Ja, slik ho klaga seg då liket nækt ho såg;
ho jamra høgt og bad dei verste våbøns ord
ho visste, imot dei som hadde dette gjort.
Med sine hender snøgt ho hentar turre sand,
og or ei kunstfullt krota koparskål ho høgt
eit heilagt, trifelt offer kringum liket øys.
Då det me såg, då var me alle yver ho
og greip ho straks; ho syntest kje det minste redd.
Me bar då på ho det som fyrr ho hadde gjort,
og dette siste no. Ho nekta ingenting.
For meg var dette ovleg gildt, men ogso leidt;
det er nok gildt å sleppa ut ot klemma sjølv;
men føra vener inn i undergang er leidt.
Men dedtte gjeld no mindre like vel for meg;
fyrst lyt eg berga eige skinn, — eg er no slik.
KREON
(til Antigone, som heile tidi hev stade med augo i golvet,
reint likesæl å sjå til)
Du der, som bøygjer hovudet mot jordi ned,
seg, vedgjeng eller nektar du du det brotsverk her?
ANTIGONE
Eg vedgjeng, nektar ikkje at det verk er mitt.
KREON
(til vaktmannen)
Du der, no kann du berre gå kvar helst du vil,
og vera fri og løyst frå skyld i denne sak.
(Vaktmannen gjeng)
So svar meg, du, og utan umsviv, stutt og greidt:
seg, kjende du mitt forbod mot å gjera det?
ANTIGONE
Det gjorde eg; det kunngjort var og ålment kjent.
KREON
Og like vel våga trassa det eg baud?
ANTIGONE
Eg våga det; for ikkje høgheims herre, Zeus,
og ikkje Dike heller, som i Hades bur,
hev vigsla slike bod til lov for mannsens born.
Og ikkje heldt eg bodet ditt for slik ei makt
at døyelege difor burde trassa mot
den heilage, iskrivne lov som gudar gav;
for den er ikkje frå i dag ell’ frå i går;
ho er frå æva, ingen veit når ho vart til.
Eg vilde kje stå gudane til svars for det:
av reddhug for eit eit manns-ord å ha brote den.
At døy eg skal ein gong, eg visste sakte vel,
um du slett ikkje hadde ropt på det ålment ut.
Og skal eg fyre tidi døy, — det er meg kjært;
for den som leva lyt i slik ei sorg som eg,
han må vel rekna det for vinning å få døy.
Sjå, difor kann eg ikkje syrgja um eg no
fær ein slik lagnad. Men i fall eg hadde tolt
at den som mor mi fødde, låg det utan grav,
då laut eg syrgja; dette gjer meg ingi sorg.
Og tykkjer du eg ber meg som ein dåre her,
so kanskje av ein dåre eg fær dårenamn.
KORFØRAREN
Eit hardvikt huglag hev ho etter far sin ervt;
so for sin lagnad bøygjer ikkje ho seg lett.
KREON
De skal få læra: lynde som er altfor hardt
vil lettast bresta, soleis som ein tidt kann sjå,
at stål som aller hardast er i elden glødt
og herdt, det brotnar snarast fyrst det leitar på.
Eg veit at godt med tunne taum ein temja kann
den ville hest; det nyttar ikkje vera kaut
for den som ikkje er sin eigen herre sjølv.
Ho der hev fyrr òg synt at ho kann visa trass,
med di ho skamlaust braut det bodet som eg gav.
Men verre trass ho syner no: ho gjer seg til
av verket sitt, og openbert ho hæder meg.
I sanning, eg er ikkje mann, men ho er mann
i fall ho slepp ifrå sitt valdsverk utan straff!
Nei, um ho er mitt systerbarn ja, um ho so
var skyld meg nærmare enn alt mitt skyldfolk er,
so skal kje ho og syster hennar sleppa frå
den verste daude; same skuld eg legg på hi;
for ho hev vore med og tenkt ut denne råd.
(Til tenarane)
So kall ho hit;
(Ein tentar gjeng)
eg såg ho inne der nett no.
Ho rasa vilt og kunde ikkje styra seg.
Slik øsing bruker jamt å vera varsel um
dei vonde råder ein i myrkret tenkjer ut.
(Med eit augnekast tll Atnigone)
Men hata må eg den, som når ho gripi vart
i brotsverk, jamvel reknar seg si dåd til ros.
ANTIGONE
(med stor ro)
Seg, vil du noko meir enn taka livet mitt?
KREON
Nei, inkje anna; hev eg det, hev eg alt.
ANTIGONE
Kva ventar du so lenge etter? Ikkje eitt
av dine ord meg tektest eller tekkjast skal.
Og sameleis er mine tankar deg imot.
Men korleis kunde eg vel fegre frægdi få,
enn når eg synte bror min denne siste sømd?
Og alle her meg vilde gjeva lov for det,
so sant som ikkje otte målbatt kvar ein munn.
For kongen hev imillom mang den forrett òg,
at han åleine gjer og segjer det han vil.
KREON
Ja du, du ser nok det som ikkje andre ser.
ANTIGONE
Dei ser det nok det som ikkje andre ser.
KREON
Du skjemmest ikkje for å vera eine klok?
ANTIGONE
Det er kje skam å vera trufast mot sin bror.
KREON
Men var kje han som stod imot han, bror din òg?
ANTIGONE
Jau visst: av same mor og same far som eg.
KREON
Då er det skam for honom når du heidrar hinn.
ANTIGONE
Den daude sjølv vil ikkje døma so um det.
KREON
Jau, når du heidrar denne brotsmann likt med han.
ANTIGONE
Han fall då som hans bror og ikkje som hans træl.
KREON
I herferd mot den heim den andre stridde for.
ANTIGONE
Ja vel; men Hades gjev deim båe same rett.
KREON
Men d’er kje rett å stella vond og god mann likt.
ANTIGONE
Kven veit um der i Hades slik ein skilnad gjeld?
KREON
Men jamvel dauden gjer kje fiendsmann til ven.
ANTIGONE
Å dela kjærleik er eg fødd til, ikkje hat.
KREON
So far dit ned! Og må du elska, elsk dei der!
her skal kje kvinnfolk rå so lenge eg er til!
(Ismene kjem ut or borgi i fylgje med tenaren)
KORFØRAREN
Ismene kjem frå kongsborgi ut
med augo i gråt fyre systeri skuld.
Ei sky yver bruni legg slagskugge på
den glødande kinn,
og doggar den dåmlege åsyn.
(Issmene kjem ut)
KREON
(kvast til Ismene)
Du falske orm eg fostra i mitt hus! du saug
i løynd mitt blod. Eg såg kje at eg ól upp tvo
til tjon og øydeleggjing for min kongestol.
So svar meg! gjeng du ved at du hev vore med
på verket? eller sver du at du inkje veit?
ISMENE
Nei, eg hev gjort det,
(med eit ottefullt augnekast til Antigone)
dersom ho kje nektar det;
og skuld og ansvar vil eg bera likt med ho.
ANTIGONE
Med rett og rettferd kann det aldri skje; for du,
du vilde kje, og eg, eg tok deg ikkje med.
ISMENE
Men no då du er naudstadd, reddast eg kje for
å dela lagnad med deg på din tunge gang.
ANTIGONE
Kven gjorde det, veit hine som som i Hades bur.
Eg elskar ikkje som min ven ein ven i ord.
ISMENE
Forsmå meg ikkje syster, anna eg før lov
å døy med deg og heidra so vår falne bror.
ANTIGONE
Du skal kje døy med meg og taka på deg det
du ikkje hev havt noko med. D’er nok med meg.
ISMENE
Kva verd hev livet vel for meg når du gjeng burt?
ANTIGONE
(spitigt)
Spør Kreon, du, slik godven som du er med han.
ISMENE
Å, kvifor piner du meg slik til inkje gagn?
ANTIGONE
(smiler sårt)
I sanning sorgfull er den lått eg fær åt deg.
ISMENE
(hjarteleg)
Men seg, kva nytte kann eg enno gjera deg?
ANTIGONE
Berg livet ditt! det unner eg deg hjartans vel.
ISMENE
Eg arming må då ikkje døy i lag med deg!
ANTIGONE
Du valde deg å leva; eg hev valt å døy.
ISMENE
Men ikkje dulde eg då det som inst meg dreiv.
ANTIGONE
Du tektest Kreon, du, men eg ei høgre makt.
ISMENE
Men same skyldi hev me båe like vel.
ANTIGONE
Hav mod! du lever enn; mi sjel er longe daud,
og vil no tena dei som kviler i si grav.
KREON
(som hev høyrt på samtalen meir og meir forstøkt, kann
ikkje halda seg lenger)
Av desse gjentone hev ei mist vitet no;
den andre hev visst vore vitlaus all sin dag.
(straks då Kreon grip inn, dreg Antigone seg tilbake og
synest vera heilt utanfor)
ISMENE
Ja, herre, vitet kann kje vokster få hjå dei
som leva lyt i sut og sorg; det folnar burt.
KREON
Hjå deg ja, som i lag med vonde verkar vondt.
ISMENE
Å, kva er liv for meg åleine — utan ho!
KREON
Nei, ikkje nemn det namnet! Ho, ho er kje meir.
ISMENE
Du vil då myrda ho din son hev valt til viv?
KREON
Eit sengenøyte kann han sakte få seg att!
ISMENE
Men aldri vert det slik som millom dei det er.
KREON
Ein dårleg mange for min son, — det hatar eg.
ISMENE
Å, kjære Haimon! nei, som far din hæder deg!
KREON
No er eg leid av deg og brudesnakket ditt.
ISMENE
Du vil då røva henne frå din eigen son?
KREON
Nei, dauden er det som vil løysa deira pakt.
ISMENE
Det synest vera avgjort då at ho skal døy.
KREON
Ja, både ho og du. No, trælar, dryg kje meir;
men få deim inn i hus på timen! Kvinnor skal
kje fara soleis fritt umkring som dei hev gjort.
Og jamvel aller hardast hug kann bresta snøgt
når brått ein skodar visse dauden fyre seg.
(Tenarane fører systerne inn; Kreon gjeng inn i huset.
Koret vert åleine.)
KORET
Strofe I
Å, sæle er dei som kje hardhendt lagnad røynde!
Slo fyrst gudar huset med straffedom, då vil
sorg og sut seg æveleg inn yver ætti velta,
som når for stridast nordanstorm
bylgja rullar vill og svart
og velt fram, jaga av byone, yver det myrke djup;
då grev ho upp frå havsens grunnar
svarte sand og aur; då styn
for hennar piskeslag dei harde strender.
Motstrofe II
Frå gamalt i Labdakos’ hus eg ser det lagdest
sorg til sorg, til gamle det knyter seg nye.
Ingen ættled friar den fylgjande ut; deim alle
ein guddom støyter vonlaust ned.
Enno låg ei strime sol
so lovnadsrik på Oidipus’s siste ættarled;
men no fell jamvel den for Hades’
daudarljå, den blodige,
for skuld den harde hug og dårskaps trassing.
Strofe II
Å, Zeus! Maktar vel nokon mann
for ditt velde å setja stenge?
Deg bind kje den alt tvingane svevn, og heller
ikkje dei fljote månar.
Æveleg ung styrer du frå din kongsstol
i Olympos’ herleg skinande eter-strålar;
og frå aralds tid til ævords
ved lag stend den strenge lov:
aldri det timest mannen
frå vogge til grav leva forutan liding.
Motstrofe II
Um tidt venslege voner gjev
mannen glede og gagnleg tildrev,
dei dårar òg tidt, lokkar med ljuvleg draumsyn.
Mistaket ser ein ikkje
fyrr enn ein alt foten i logen brende.
Av ein vismanns munn er tala det fræge ordet:
Vondt vil tidt som godt sjå ut for
den gudane tyna vil;
slik viller dei hans tanke.
Men fysna tek slutt: vanlukka kjem, og våden.
(Haimon kjem; Kreon ut frå huset.)
KORFØRAREN
Sjå Haimon, den siste av dine born!
Han kjem vel driven av sorg og av sut og av trege for
for Antigone skuld, — og av trege for det
at si blømande brur
og sitt brudlaups glede han misser.
KREON
Det skal me snart få sjå, treng ingi spåmannshjelp.
(Til Haimon, som tvikande hev kome nærmare.)
Du veit den dom eg yver bruri di hev felt,
min son, men harmast vel kje difor på din far?
du elskar meg då likvel, same kva eg gjer?
HAIMON
(mykje varlåten).
Din er eg, far; og når då du som skynar meir,
meg råder, vil eg gjerne fylgja dine ord.
Og inkje giftarmål med grunn kann vera meir
for meg enn gode råder som din visdom gjev.
KREON
Godt, son min, godt; det er den rette tankegang,
at far sin visdom gjeng for sonen framum alt.
Sjå, difor er det just at mannen ynskjer seg
å ha i ring um seg ein lydig barneflokk
som både kann hans uven gjeva likt for likt,
og heidra vener som som sjølv han heidrar dei.
Men den som fostrar upp ein duglaus barneflokk,
kva anna hev han skaffa seg enn sorg og harm,
og gjort seg sjølv til lått for sine fiendsmenn?
Nei, aldri sèl din sunne sans i elskhugs rus
for nokor kvinne skuld; men, son min, merk det vel,
at kalde vert for visst dei fangtak som du fær
når dårleg kvinne er din make i ditt hus.
Kva sår kann vera verre enn ein trulaus ven?
Nei, sleng den gjenta frå deg som din fiend’, du,
lat ho i Hades søkja seg ein festarmann!
For eg hev gripe henne — i den heile by
den einaste — i grov ulydnad openberr.
Og ikkje vil eg stå som ljugar for mitt folk,
men lèt ho døy. Til frendskaps gud ho klaga fær.
For èl eg mine eigne upp til lovlaus ferd,
so mykje meir eg må av andre tola slikt.
For den som duger til å styra eige hus,
vil visa denne dugen sin i staten òg;
men den som trassar lov og jamvel trur seg til
å kunna bjoda yver den han lyda skal,
nei aldri skal han noko lovord få av meg.
Men den som som er til styrar sett, ein lyda skal
i både stort og småt, i rett og — urett med;
og den som lydig er — det er mi visse tru, —
kann både styra godt, og lyda der det trengst.
Og jamvel midt i verste striden vil han stå
so fast som fjell, og svik kje sidemannen sin,
(kvast, med augo feste på koret.)
Lovløysa er det verste som i verdi finst,
legg byar tidt i grus og øyder mang ein heim;
ho bryt dei faste hermannsrekkjone i strid
og fær dei til å fly. Men lydnaden det er
som greider alt og bergar trygt den heile her.
Me må då alltid verna vel um lov og rett,
og aldri lata noko kvinnfolk meistra oss;
skal gale vera, heller vika for ein mann;
for kvinnfolktrælar må me kallast minst av alt!
KORFØRAREN
I fall me ikkje sløe vart av alderdom, —
me synest det du tala der, er visleg sagt.
HAIMON
Å, far! den beste eignelut som mannen hev,
er vitet, som av sjølve gudane han fekk.
Eg kann kje segja at du talar urett, far,
og gjev eg aldri måtte kunna segja slikt!
men nokon rett det kann vel andre hava òg.
D’er greidt at eg kann lettare enn du få visst
det folk her segjer, gjer, ell’ talar ille um.
For augo dine skræmer ålmenn mann ifrå
å segja til deg det du lite synest um;
men eg kann nok få høyra nede millom folk
kor byen jamrar yver hennar lagnad, ho
som fælsleg daude fær til løn for herleg dåd,
ja, ho som minst av alle kvinnor tente det:
«Nå ho kje lèt den kjære bror sin liggja der
i eige blod, forutan grav, til føde for
dei hækne hundar eller grådig rovfglflokk, —
var ho kje heller verd ein ærekrans av gill?»
Ja, soleis læt det lågmælt heile byen rundt.
(Kreon vil fara upp i sinne; Haimon held fram mildnande.)
Å, far! for meg er ikkje nokon ting på jord
meir kjært og dyrt enn det at alt gjeng godt for deg;
for far si lukke er det største borni veit,
som deira velferd er den høgste frygd for han.
Men ikkje bør du kjenna deg for trygg på det,
at alt du segjer, det er rett, alt anna rangt;
for den som trur at han åleine hev forstand,
og vit og ånd og ordhegd framfor anna folk,
hev tidt nok vist seg tom, når livet røynde han.
Kor vis ein er, d’er ingi skam å læra lel,
og ikkje berre eein vist halda fast på sitt.
Ved stride straum ein tidt kann sjå, at tre som mjukt
gjev tøyg, kann berga blad og greiner, medan det
som sterrar stivt imot, vert rive upp med rot.
Um ein på båten stramar skautet altfor hardt
og ikkje fira vil for flagor, gjeng det rundt,
so ein fær sigla vidare med kjølen upp.
So styr din vreide, tak tilbake det du baud.
Må eg, so ung eg er, ha nokor meining her,
so synest eg d’er aller best når i seg sjølv
ein mann hev skyn nok til å sjå det rette stødt.
Men d’er kje soleis alltid, og då er det godt
um rett han veit å læra av dei gode råd.
KORFØRAREN
Å herre, lær av honom, um han tala rett.
(Til Haimon.)
Og du av honom; båe tvo hev tala vel.
KREON
Me skulde i vår høge alder få oss til
å læra vit og visdom av den ungdom der?
HAIMON
Ja, ikkje urett visdom. Og um mung eg er,
du bør sjå meir på saki enn på alderen.
KREON
(svivyrdeleg).
Den sak å heidra den som trassar lovi, ja!
HAIMON
Eg krev visst ikkje at dei vonde heidrast skal.
KREON
Men, ho, ho vart då gripi just i denne synd?
HAIMON
Folk her i byen ser nok annarleis på det!
KREON
Skal folket segja korleis eg må styra då?
HAIMON
Du ser visst sjølv du tala vel ungdomleg der.
KREON
Eg skal då ikkje styra etter eige skyn?
HAIMON
Den stat der berre ein hev makt, er ingen stat.
KREON
Seg, gjeld kje staten for å høyra fyrsten til?
HAIMON
Då fekk du styra i ei øydemark.
KREON
(harmfullt).
D’er kvinna han vil hjelpa; det er greidt å sjå.
HAIMON
(fell raskt inn).
Um du er kvinne, ja; d’er deg eg hjelpa vil.
KREON
Ditt uting! so med far din du i rette gjeng!
HAIMON
Eg lyt det; for eg ser du vik frå rettferds veg.
KREON
So, fer eg vill når eg hev vyrdnad for mi makt?
HAIMON
Det er kje vyrdnad det å krenkja guddoms rett.
KREON
For vesalmann, som gjerer seg til kvinnfolktræl!
HAIMON
Men aldri skal du sjå meg tena dårleg sak.
KREON
Med kvart eit ord du segjer, tenkjer di på ho!
HAIMON
(ålvorleg og åtvarande).
og deg og meg og dei som under jordi rår!
KREON
Nei, aldri skal i live ho få verta di.
HAIMON
So døyr ho då, og dreg i dauden med seg ein.
KREON
Kor skamlaust! kjem du her og jamvel trugar meg?
HAIMON
Å nei; ditt fåvit freista eg å retta på.
KREON
(i sinne).
Du styving! skal få svi for du vil læra meg.
HAIMON
(kann vanskeleg styra seg).
Din dåre! sa eg, var du kje min eigen far.
KREON
(snur seg svivyrdeleg burt).
Kom ikkje her med fagre ord, din kvinnfolktræl!
HAIMON
Ja, tala vil du, aldri høyra på eit ord.
KREON
No er det nok! Men ved Olympen dyrt eg sver
du skal få angra at du lastord legg til spott!
(Til tenarane.)
Før hit det avrak, so ho nær sin festarmann
kann finna dauden like framfor augo hans!
HAIMON
(i stort egse).
For mine augo skal for visst ho ikkje få
sin bane — tenk kje slik! — men aldri skal du sjå
mitt andlet for ditt augo meir. So ras då ut
imillom slike vener som kann tola deg!
(Fer av stad.)
KORFØRAREN
Å herre, fort han fór herfrå i heite harm.
So ung ein hug kann vera fårleg i si sorg.
KREON
Å, lat han gå og yver evne prøva seg!
Han bergar no kje desse tvo frå dauden lel.
KORFØRAREN
Du tenkjer då la dei drepa båe tvo?
KREON
(stoplande på ordi).
Ja, — nei kje ho som ikkje var med, — det er sant.
KORFØRAREN
Kva daude hev du etla åt den andre då?
KREON
I grav av stein ein stad der ingen set sin fot,
der vil eg mura henne inne levande
med ikkje meir av mat enn nettupp det som trengst
um ikkje byen skal med blodskyld verta flekt.
Til Hades fær ho beda då — den einaste
ho dyrkar, — um då kanskje han vil frelsa ho,
ell’ òg ho fær i minsto læra det til sist
at det er lite lønt å dyrka heilheims gud.
(Gjeng inn i huset.)
KORET
Strofe
Å, Eros, allherre i strid,
som sigrar so tidt sm du siktar!
i løynd du lurande lær frå
fint blømande ungmøykinner,
sviv vidt um hav, gjestande tidt landlege små hyttor.
korkje gud eller mann frå deg kann sleppa,
og rasa gjer kvar og ein som pilene dine råmar.
Motstrofe
På avveg tidt fører du folk,
so jamvel gjæv mann gjeng til grunnar.
Sjå, soleis no ogso her du
hev fiendar gjort av frendar.
Ja, mektig er lengslen som skin att ifrå vivs auga;
han er med, jamvel der gudane rådlegg.
Men smil Afrodite stødt veit lempeleg fram å vinna.
(Tenaren kjem med Antigone.)
KORFØRAREN
Å, jamvel meg dette synet tek,
visst meir enn som rett er: eg maktar kje meir
å tøyma mi tåre, når for meg eg ser
kor Antigone gjeng til gravi, som dreg
alle ned i si kvævande stille.
ANTIGONE
(medan tenarane held seg høvisk tilbake).
Strofe I
Å, sjå meg, sjå, søner av fedrelandet!
som eg min siste veg
vandrar, og for seinste gong
skoda fær den strålande sol!
Hades, han som gravstilt gjer alt,
no meg fører levande til
Akerons strender.
Ingi brursongar enno
meg helsa hev med høgtidsam frygd,
bylgjande mot meg.
I Hades’ skuggeland reidest mi brurseng.
KORET
Men herleg namnfræg og heiderkrynt gjeng
du ned i den heim der dei avlidne bur.
Du fekk ikkje bane ved tærande sott,
og lét ikkje livet for blodige sverd;
men den einaste døyelege du fritt
gjeng til Hades i levande live.
ANTIGONE
(ansar ikkje på desse siste ordi).
Motstrofe I
Eg veit kor ho ynkeleg laut forkomast,
Niobe, Tantalos’
barn, på Sipylos’ høgfjellsrygg;
hennar lekam hardna til stein.
Liksom vedbend klengjer seg fast,
slyngde berget seg her um ho.
So sgjer segni:
tøyar snø umkring ho,
då tiplar or hennar steinauga ned
tåror på brystet.
Slik er den svevnen som eg snart skal sova.
KORET
Ja, ho var gud og av gudbori ått;
men me, me rann upp av ei jordbundi rot.
Men det er eit heiderfullt lovord bak grav:
i lagnad var du med gudande lik.
So lyt du bera, som ho og bar,
i liv og i daude din lagnad.
ANTIGONE
Strofe II
De spottar meg! Ved mine fedregudar; seg meg:
kvi hæder de meg, som låg eg alt i gravi?
Å, du min by, og de,
rike, mektige herrar!
du Dirkes elv i dalen,
og Tebens heilage leikarvolar!
eg bed dykk, kvar og ein, vitna
kor venelaus eg er, og kva bod det var
som driv meg til mi grav, det uhøyrt fælelege
fangerom!
Å, ve meg arming!
Vel heimlaus er eg her som der nede:
på ljose jord som i skuggeriket!
KORET
I ovdjervt flog du rusa fram
mot Dikes høge kongetol.
Å barn! det er ein tungsam strid
du fører, — arv ifrå din fader.
ANTIGONE
Motstrofe II
Der vekte du såraste sorg eg hev å bera,
den vidspurde jammergang som far laut gå, og
heile den lagnad som
fylgjer Labdakos-ætti.
Å, brudlaupsfest forbanna!
mi mor i hjåsvæve med den make, —
den mannen som ho var mor til!
Og deira arme barn er eg! Ve meg! ve!
No bannstøytt, ugift eg til deim gjeng ned,
skal bu hjå dei i gravi.
For meg til jammer
seg vende jamvel ditt brudlaup, bror min;
i grav alt sjølv eg drep du meg som lever!
KORET
Visst var di gjerning ære verd;
men den som sit med styrarmakt,
lyt halda lovi heilt i hevd.
Din eigen harde hug hev felt deg.
ANTIGONE
Sluttstrofe
So vert egm ugift, venelaus, hugsottfull førd av
stad
til mi grav utan frest.
Dagsens det strålande himmelske auga eg
arming
skal ikkje meir få skoda.
Ingi klagor fylgjer meg i grav,
ingi venetåror.
KREON
(til tenarane).
De veit det vart kje slutt på gråt og jammerlåt,
um ein frå dauden kunde frelsa seg med slikt.
No, fort av stad med ho, og steng ho inne i
den myrke gravstad, soleis som eg fyrr hev sagt!
Lat henne vera eismal der. Um so ho døyr,
ell’ um ho lever, soleis innstengd i si grav,
på oss det kjem i alle fall kje skyld for ho.
Men plass på jordi millom oss ho kann kje få.
(Medan Kreon vender seg til tenarane, hev Antigone
drege seg til sides, frametter, og segjer det fylgjande liksom
for seg sjølv utan å ansa på kongen. Tenarane vil undan,
og Kreon lèt henne vera i fred, so leid er han av det heile.)
ANTIGONE
Å grav! å brudekammers! heim i djupe jord,
der eg skal bu i æva all! — dit gjeng eg no,
til mine eigne, dei som alt Perséfone
hev teke mot dei flest av bak daud og grav.
Den siste kjem eg her, mest rik på sorg og sut,
og gjeng i gravi fyrr mitt livsens mål er fullt.
Men på min helveg hev eg då den visse von,
at kjær eg kjem til far, og kjær eg kjem til deg,
mi mor, og kjær eg kjem til deg, min eigen bror.
For liki dykkar tok eg med mi eigi hand
og jorda dei med sømd og offer som det bør.
Men, Polyneikes, like vel, då liket ditt
eg stelte um, då var det denne løn eg fekk.
— — —
(Med eit augnekast til tenarane.)
Nå fører dei meg burt med makt. Min brudlaupsdag
var enn i vente; ikkje hev eg fenge del
i brudlaups fest og moderkjærleiks stille frygd.
(Ser mot himmelen.)
Kva var det for ein guddoms lov eg hadde krenkt,
at soleis einsleg, venelaus, ulukkeleg
eg lyt — i live enn — gå dit dei daude bur?
Kor kann eg, arming, vel sjå upp åt gudom meir?
kven skal eg ropa til um hjelp, når eg vert dømd
for gudlaus ferd av di eg gjorde gudleg gjerd?
(Liti togn; roleg.)
Men gjeld den same rett hjå høge gudar òg,
so vil vel liding læra meg forstå mi synd.
(Med auga fest på Kreon.)
Men misfór han, so gjev han må kje bøta meir
enn eg må lida for den urett han hev gjort.
KORFØRAREN
Enno flagor av same stormveret vilt
i einingi skjek hennar arme sjel.
KREON
So skal hennar førarar ogso snart
for denne si drygjing få bøta til gagns.
(Tenarane nærmar seg Antigone.)
ANTIGONE
Eg arming! det ord var eit daudebod, —
ei kaldgufs or grav.
KREON
Ja, lit ikkje lenger på nokor von
um at ikkje det gjeng deg slik som eg baud.
ANTIGONE
(med stor møde då tenarane kjem tett burt åt ho).
Å, Teben, mitt land! og kvar ættargud
ifrå ævord av!
No burt dei meg dreg utan drygjing.
Å, de hovdingar hæve i Tebes stad!
sjå her kva den siste av kongsætti no
må tola, og kven eg må tola det av, —
for di eg det heilage heidra!
(Ho vert førd sakte burt. Kreon gjeng inn i borgi.
Pause.)
KORET
Motsrofe I
(Myrkt og tunglyndt).
Jamvel Danae laut solljoset ein gong
sakna. Einsleg og tyngd låg ho, den ovfagre,
innstengd i nattmyrkt tårn der luft og der dagsens
ljos vanta.
Like vel var ho av høg, strålande ætt, å barn!
Liv av gullsåd frå Zeus i seg ho bar, endå kje født.
Men med øgjeleg makt nornone stødt råder.
Nei, ikkje gull og hermannsmakt,
og inkje tårn og inkje skip,
um skjott det sigler, kann oss berga.
Motstrofe I
Dryas’ brålyndte son hadde i utøymt
ovmod gudane krenkt. Men Dionýs batt han
fast til eit berg med lekkjor, smidde av reideleg
gråstein.
Då med kvart fekk han att vitet sitt og mjukna.
Snart då skyna han óg at hans vilt vyrdlause ord
hæding var mot ein gud: kvinnor som var kyndlar
i glad bakkantisk jubelfest,
deim meinka han, og hadde krenkt
dei glade, fløytekjære musor.
Strofe II
Nær ved det myrkdæmde, voggande dobbelthav
breider seg
vêrhard, herja av stormen, den ville Trakar-strand.
Der eit grysjeleg verk ein gong vart gjort
på Fineus’ usæle born:
stykmori vondkyndt reiv ut
med vevskytpigg deira klåre augo,
so blodige, tome augneholor skreik på hemn,
og jamvel Ares burt seg vende
frå hennar blodga, sulka hendere.
Motstrofe II
Talmast so burt desse arme i gråt yver livskår hardt,
og det usæle giftarmål som det botna i.
Ho var runni upp av edeleg rot,
var jamvel Boreas’ barn.
Fostra i fjell-luft, fotlett
som hind på hei, yver flog og finne
ho fljot sprang i kapp med far sins friske nordan-
storm.
Å barn! ho ættestor var; men endå
dei gamle nornor henne nådde!
(Medan koret vender seg til andre sida, hev Teiresias
med føraren sin kome inn uansa. Straks etter kjem Kreon
ut or borgi.)
TEIRESIAS
De, herrar her i Teben! me kjem hit i lag,
me tvo som ser med eitt pår augo. Blinde folk
lyt ganga soleis, dei — ved føraren si hand.
KREON
Teirésias, du gamle gubbe! no kva nytt?
TEIRESIAS
Det skal eg segja; lyd du mine spådomsord.
KREON
Seg, hev eg nokonsinne gjort imot di råd?
TEIRESIAS
Nei; difor styrer du din stat i rett leid au.
KREON
Eg kann av røynsle vitna at du rådde vel.
TEIRESIAS
Men no stend lukka di på spel att; tenk på det.
KREON
Kva er det då? det grys i meg ved dine ord.
TEIRESIAS
Du skynar når du høyre varsli som eg fekk.
Eg sat på gamle fugleskodarplassen min,
der allslags storfugl jamt plar søkja seg ei hamn.
Då høyrer eg eit uvant ståk av mykje fugl;
med fælsleg utlåts kvelle røyst dei illskreik vilt,
og på den sterke vengjesus eg skyna greidt
at dei på livet slost og sleitst med kvasse klo.
Eg fæla laut, og freista straks ein offerbrand
å tendra upp på altarstein. Men ingen eld
vil slå frå ofret upp. Og lårbeinsfeita rann
so seinleg smeltande i myrja ned,
og rauk og spraka. Galleblæra bolna upp
og brast; og feittet som var kringum beini sveipt,
var runne av, so knokane låg nakne att.
Alt dette fekk eg høyra av han guten her,
at ofret var forspillt og inkje varsel gav.
For meg han førar er, — som for dei andre eg.
(Han stansar litt. Koret stend forfælt, Kreon
forharma og bratt.)
Og dette timest byen for din harde hug;
for kvart eit altar, kvar ein heilag offerstein
hev hund og ramn, — som rota i det rotne lik
åt son til Oidipus, — med åtselsrestar skjemt.
Sjå, difor vyrder ikkje gudane vår bøn,
og vil kje taka mot den feite offerbrand.
Og fuglane gjev ikkje klåre varselsskrik
for di dei drakk av blodet hans som ligg der lik.
(Gjer ein liten stans. So segjer han inntrengjande.)
So tenk då yver dette, son; for det er likt
for alle det: dei stundom taka kann i mist.
Men hev enn mannen fare grovt i mist ein gong,
so er han ikkje seld for det, so sant som han
vil bøta brotet sitt, og ikkje slær seg sta.
D’er vitlaust verk å berre halda fast på sitt.
So vik då for den daude; drep kje drepen mann!
Kva storbragd er vel det å slå eit lik i hel?
Eg meiner deg det vel, og rådi mi er god.
Og nyttig råd tek gjerne folk imot med takk.
KREON
(lèt ikkje som vanleg korføraren koma til ords;
segjer med ofse).
Du gamle! alle siktar de som skyttarar
til måls på denne mann. Ja, sjåarar dess emir
skal prøva seg på meg! Det heile spåmanns-sleng
hev longe funne handelsvare god i meg.
Ja, søk de vinning! Handla til dykk, um de vil,
det bleike gull frå Sardes by, — og indisk gull!
de skal kje få den mannen der i jordi lel!
Ja, um so Zeus’s ørnar vilde vilde bera upp
for himmeltrona liket, — jamvel otten for
ei slik vanhelging skulde ikkje få meg til
å leggja han i grav!
(Halvt for seg sjølv.)
Det veit eg sakte vel,
at inkje menneske vanhelga kann ein gud.
Nei, gamle gubbe, ovleg kloke folk dessmeir
forsér seg stundom stygt, når dei for vinning skuld
skal stasa upp til dygder slikt som skamleg er.
TEIRESIAS
Usælt!
Skal tru då inkje menneske kann læra det. . . .
KREON
Kva ålmenn sanning er det her du vil ha sagt?
TEIRESIAS
At visleg vit oss er til største gagn av alt.
KREON
Ja, just som tanketull er oss til størst tjon.
TEIRESIAS
Og nett med denne sjukdom er det du er fengd.
KREON
(kladflirande).
Eg vil kje gjeva sjåaren vondord att.
TEIRESIAS
Det gjer du når du mitt spådomsord du kallar lygn.
KREON
Ja, kvar ein sjåar er ein snålar etter gull.
TEIRESIAS
Og kvar ein konge valdsmann når det løner seg.
KREON
(fer upp).
Men veit du kje d’er kongen sjølv du talar til?
TEIRESIAS
Det veit eg vel eg som berga kongestolen din.
KREON
Ein ovklok sjåaar er du nok, men samvitslaus.
TEIRESIAS
(liksom brått gripen av gru ved tanken på framtidi).
Du eggjar meg til segja det eg enn held att.
KREON
So kom med det! Men tala kje for vinning skuld!
TEIRESIAS
Å nei, du! vinning trur eg knapt det vert for deg.
KREON
(kaut).
Men hugsa på, han er kje fal for gull, han her!
TEIRESIAS
(med stor styrke).
So vite du, at enno fyrr enn soli hev
rett mange vendor yver himmelkvelven køyrt,
skal du til dauden alt ha lote ofra ein
av eigi ætt til bot for honom som er daud.
For med svivyrding hev du gøymt i myrke grav
ei sjel som høyrer heime i den ljose dag,
men lèt eit lik som høyrer heime under jord,
forkomast, vanvyrdt, utan grav og jordeferd, —
det korkje du hev rett til, eller gudane
i himmelen, som du hev tvinga dette på.
Sjå, difor lurer hemngudinnor på deg no,
det seine hemnarar frå gudane og Hèl,
so sjølv du fær slik kvide som du andre gav.
Og tenk so etter um eg tala hev — for gull!
For ikkje vert det nokon langdrjug frest du fær;
snart høyrest gråt av menn og kvinnor i ditt hus.
— — —
Nett som ein bogeskyttar hev eg i deg sett
dei piler — i min harm for di du hev meg krenkt;
og djup dei sit; den sårbrand slepp du ikkje frå.
(Gjer seg ferdig til å gå.)
No gut, no må du føra meg på heimvegen att,
so han fær sleppa sinnet laus på yngre folk,
og lærer styra tunga si ein annan gong,
og bruka betre vit enn det han viser no.
(Gjeng snøgt med guten. Djup togn.)
KORFØRAREN
Å herre, mannen gjekk med fæle spådomsord!
Og endå håret mitt er grått, eg veit kje av
at han hev sagt eit usant ord til byen vår.
KREON
(vonlaust).
Det hev eg røynt; no veit eg korkje ut ell’ inn:
Å gjeva etter, det er hardt; men held eg fast,
so trugar det ei fæl fortjoning alt mitt liv.
KORFØRAREN
(varsamt, men inderleg).
Menoikeus’ son, no visleg råd og avjerd trengst.
KREON
Kva skal eg gjera? seg det; eg vil lyda deg.
KORFØRAREN
So gå, slepp henne ut or hennar fangegrav,
og gravlegg honom som på opne marki ligg.
KREON
Er det di råd? eg lyt då vika, meinr du?
KORFØRAREN
(forhuga).
Ja, snarast, herre, straks! for krenkte gudar kann
på fljotan for nå dåren att fyrr fram han rekk.
KREON
(orvønen).
Å, å! So hardt det er, eg tvinga lyt meg sjølv
til dåd; å strida mot sin lagnad det er spilt.
KORFØRAREN
So gjer det sjølv; lat ikkje andre gjera det.
KREON
(i stor angest).
Eg gjeng på timen, slik eg er. Upp gutar, kom!
No de her ute, de der inne, øks i hand!
og skunda dykk til marki der som liket ligg!
Men henne som eg sjølv hev bunde, henne vil
eg ogso løysa sjølv, med di eg hev med hug hev skift.
Eg ottast lyt, at kanskje var det betre lel
å vyrda gamal lov og sed sitt heile liv.
(Gjeng fort burt med mange tenarar. Koret vert åleine.)
KORET
Strofe I
Å, namnrike gud, du frygd for Kadmos’ dotter!
du, den toredunande Zeus’ son!
Italia, det rikt
herlege, er du vern for,
styrer Eleusis’ gjestmilde stad
i Deo’s dalkvelv,
og ved Isménos elv i bakkant-byen
Teben heimstad du hev,
der det ville draketonn-såd
sprang upp ein gong or jordi.
Motstrofe II
Deg logande kyndlar skodar på Parnassos’
tvi-tind, når korykiske nymfor gjeng
i festleg dans for deg,
klåre Kastale ser deg,
Nysa, det fræge, solrike fjell,
av vedbend kransa,
og grøne vinberg sender deg hit, Bakkos!
Fesetleg tonane stig,
høgtidsongar bruser i kor,
so tidt du Teben gjestar.
Strofe II
For vår by hev du framfor alle byane kjær,
her som lynet slo di mor.
Kom då til oss! for tynande sott
legg sin fælske um alt vårt land!
Å, kom då snart med sonande steg frå Parnass
her ned, eller yver det ville havsund.
Motstrofe II
Å, du som fører stjernone i strålande kor
og dei nattleg glade rop,
unge ætting av Zeus, å skrid fram!
Herre! kom med din tenarher
av kvinnor som i rasande frygd dansen tred
for deg, alt til morgonen ryd på toppom!
BODBERAREN
(kjem).
De menn som bur kring Kadmos’ og Amfions borg!
(Koret trengjer sg umkring han, i spaning.)
Nei, aldri, aldri meir skal noko mannsens barn
eg lova eller lasta fyrr han er i grav;
vår lagnad lyfter snart ulukkelege upp,
og snart han støyter lukkebarnet ned i naud, —
so ingen sjåar veit kor leiken lykta vil.
Sjå korleis Kreon, — visst var han misunnande.
Nett so han hadde berga dette Kadmos’ land
frå fiendshand og styrde det med einvaldsmakt
og hadde kringum seg ein flokk med hæve born.
No hev han mist det alt; for den som burt hev tapt
si lukke, held eg ikkje for å leva meir;
han er ein dauding, um der òg er liv i han.
Visst kann han ha all rikdoms nøgd i heimen sin
og leva høgt som herre; men er gleda tapt,
so vilde eg kje gjeva skuggen av ein røyk
dess meir for heile resten, all hans glim og glans.
KORFØRAREN
Kva sorg for kongehuset melder du oss no?
BODBERAREN
Den eine daud, og skuldi hev den levande.
(Døri til borgi opnar seg; Eurydike, som høyrer desse
ordi, vert ståande forstøkt.)
KORFØRAREN
Men, seg oss, kven er dråpsmann? kven den drepne
her?
BODBERAREN
D’er Haimon som er drepen, — ligg der i sitt blod.
(Eurydike sig um i armane på kvinnone sine, døri vert
atthavd; korkje koret eller bodberaren hev lagt merke til
Eurydike).
KORFØRAREN
Seg, var det fâr hans? eller hev han gjort det sjølv?
BODBERAREN
Han sjølv, i egse yver Kreons mordardåd.
KORFØRAREN
Å, sjåaar, å kor sant det var, ditt spådomsord!
BODBERAREN
Ja, soleis stend det. Resten fær de rådslå um.
(Eurydike kjem ut, studd av kvinnone.)
KORFØRAREN
Der ser eg arme dronningi, Eurýdike,
kjem ut or huset. Kanskje hev ho fenge høyrt
um son sin, eller kanskje fall det soleis lel?
EURYDIKE
(ottefull skjelvande).
De bymenn, alle her! eg høyrde dykkar ord,
nett då eg upp til Pallas’ tempel vilde gå
og audmjukt bera mine bøner fram for ho.
Just som eg lét upp porten, høyrde eg so halvt
eit syrgjebod frå heimen min vart dykk fortalt.
Av redsel nòmi seig eg ned i armane
på mine kvinnor, kunde ikkje sansa meg.
Men kva det enn må vera, seg det ein gong til.
Eg kjenner vel til sorg og skal nok bera det.
BODBERAREN
Eg, kjære herskarinne, var til stades sjølv
og skal fortelja, ikkje dylja nokonting.
Kvi trøysta deg med ord du sjølv snart såg var lygn?
Det beste alle tider er å segja sant.
Eg var med synte vegen for din husbond, eg,
til denne høge mark der Polyneikes’ lik
låg endå, miskunnlaust av hundar sunderflengt.
So bad me då til Hékate, og Pluton med,
at dei laut stilla vreiden sin. Med heilagt laug
me vaska liket; leivningane brende me
på bål av greiner me av oljetreet hogg,
og reiste so ein gravhaug høg av heimleg jord.
Då det vart gjort, me skunda oss til hennar grav,
Antigone sitt midnattmyrke brudehus.
Då var det ein som tyktest høyra klagerop
langt burtantil, ifrå den uinnvigde grav.
Han gjekk til lKreon straks og melde honom det.
Då han so nærma seg, då vart det sterkare
å høyra, dette fæle, gåtefulle skrik.
Med røyst av angest kjøvd han stunde: «Arme eg!
Er eg ein sjåar? Gjeng eg no den tyngste gong
som enno eg hev gjenge i mitt heile liv?
D’er sonen min eg høyrer jamra. Gutar, gå!
Fort! skunda dykk no nærmare til gravi fram!
Kryp inn igjenom rivna millom steinom der
og inn i hola! sjå um det er Haimon, han
eg høyrer, eller um ein gud vil narra meg!»
Me gjorde som vår angestfyllte herre baud;
me såg dit inn, og inst i myrke gravi, — der,
der fann me henne hengd, med halsen i ei snor
ho hadde snutt av tråd i hovudplagget sitt.
Og han stod hjå ho, heldt um livet henne fast
og jamra for si brur, som høyrde dauden til,
for fâr sins ferd, og for sin fæle brudlaupsfest.
Men då no Kreon såg sin son, han stunde tungt,
gjekk burt imot han, jamra seg og ropte høgt:
«Å, arme son, kva hev du gjort? kva fann du på?
kva usælt hende er det som hev blinda deg?
Kom ut dp, barn! eg tiggar deg på mine kne.»
Men sonen ser på han med med ville augnekast
og sputtar honom beint i syni utan ord,
dreg so det kvasse sverd; men Kreon sturtar ut,
so hogget råkar ikkje den det tiltenkt var.
I vanvit vender armingen seg mot seg sjølv,
og yver sverdet bøygd han set det i sitt bryst,
og femner døyande med kraftlaus arm si brur,
Og ned deb siste, tunge pust han sprøyter ut
sitt varme, raude blod på hennar kvite skinn.
Og soleis ligg han der då —, lik ved lik — og held
si brudlaupshøgtid, arme mann! i Hades’ hus.
Ja, han hev synt oss menneske at vant på vit
er verste vondt av alt i verdi for ein mann,
(Medan dette siste vert sagt, hev Eurydike studt seg til
kvinnone sine og gjeng utan eit ord inn i borgi att.)
KORFØRAREN
Kva skal me meina då um dette? Burt ho gjekk
og sagde ikkje ordet, korkje godt ell’ vondt.
BODBERAREN
Eg ottast sjølv, men vonar like vel det var
av di ho ikkje vilde syna fram for folk
si sorg og sut for sonen, men få gråta ut
i lag med berre kvinone der innanstokks.
Ho er for vitug, ho, til å forgjera seg.
KORFØRAREN
(rister på hovudet).
Eg veit kje visst; eg tykkjer tidt at ordlaus sorg
kann varsla større fåre enn det verste skrik.
BODBERAREN
Eg vil gå etter, so me kann få vita um
ho kanskje løynleg ber på noko speleg, djupt
i sorgnedtyngde hug; for du hev rett i det,
at fåre er det ogso i slik mållaus sorg.
(Gjeng inn i huset.)
(Kreon kjem i fylgje med tenararm som ber Haimons lik
nedbreidt på ei bår).
KORFØRAREN
Sjå, der kjem no kongen, og med seg han hev
usvikande vitnemål — ikkje um skyld
hjå andre, men um sitt eige forbrot,
i fall eg kann våga det ordet.
KREON
(ved båri, mest ifrå seg, slær seg for panna).
Strofe I
Å, ve!
Å, vitlause vit, som gjorde meg blind,
som tok frendeblod!
Sjå meg her som eg stend:
I blod ligg mitt barn! hans mordar er eg!
Å ve meg, å ve! kor usæl mi råd!
Å, son! å, so ung i grav laut du gå!
Å, å, å, å!
Ja, burt riven du vart,
og skuldi for alt ligg berre på meg.
KORFØRAREN
Å ve! for seint du synest no det rette sjå.
KREON
Å ve!
I liding hev eg fenge lært! Ein harmfull gud
med veldig vekt slo ned på dette hovud, og
på dårskaps ville vegar dreiv meg arming ut.
Å ve! mi lukke trødde han og knasa sund!
Å ve, å ve! kor mannsens liv er mødefullt!
(Bodberaren, som fylgde inn etter dronningi, kjem ut att.)
BODBERAREN
Um nok du hev av sorger, herre, meir du fær:
den eine gru du hev alt her, og gjeng du inn,
so fær du sjå ei onnor i ditt eige hus.
KREON
Kva er på ferd? kann nok auka enn mi sorg?
BODBERAREN
Ditt viv, den trugne mor åt han som livde lét,
ho stupte nett for sjølvvoldt sår, som bløder enn.
KREON
Motstrofe I
Å ve!
Å, fælslege djup, umettande grav!
å, alt øyda du vil!
Seg meg, seg, var det sant
det fælslege bod som mnyst du meg bar?
Ein daud mann det er du banehogg gjev!
Kva var det du sa? kva ny mordardåd?
Å, å, å, å!
Mitt vivs udaude! ve!
Å, mord etter mord i natt sveiper meg.
(Borgporten opnar seg, og ein ser Eurydike på likbår,
og kvinnor umkring.)
BODBERAREN
No kann du sjå det; huset løyner det kje meir.
KREON
Å ve!
Den andre udåd ser eg framfor meg då her.
Å, kva for lagnad er det enn som ventar meg?
I armane eg enno held min kjære son,
og der eg ser den andre kjære liggja lik!
Å ve! du arme mor! å ve! du arme barn!
BODBERAREN
Med arm um altar, og med sverd i blodut bryst
og daudeskuggen yver brun ho jamra for
Megareus fyrst, som vart eit namnspurt offer fyrr,
og dernæst då for Haimons daude; endeleg
ho lyste våbøn yver deg for sonemord.
KREON
Strofe II
Ve meg! ve meg!
I angest eg skjelv. Kvi støyter de kje
eit tvieggja sverd i sorgsprengde bryst?
Å ve meg arme mann!
eg søkk i eit hav av sorg og av sut.
BODBERAREN
Ja, skuldi for det eine som det andre mord
ho lagde på ditt hovud i si siste stund.
KREON
(halvt som drøymen).
Og på kva måte var det so ho tok sitt liv?
BODBERAREN
Med eigi han ho støytte sverdet i sitt bryst
då Haimons jammerferd med gråt ho hadde høyrt.
KREON
Å usæle eg! På meg ligg all skuld!
Den ingen i verd kann fri meg frå;
for den som deg drap, det var berre eg!
I sanning berre eg! So kom, mine menn!
kom, skunda dykk og før meg burt her ifrå!
Eg er ingenting, ja mindre enn det.
KORFØRAREN
Ja, godt er det du vil, um godt der er i vondt;
for det er best å sleppa snart frå slikt eit syn.
KREON
Motstrofe II
Vis deg, vis deg!
å, renn snarleg upp, mitt livs beste lut,
som ber i din famn mitt livs siste stund!
Å, daude beste ven!
kom! lat meg kje meir ein ny dag få sjå!
KORFØRAREN
Nei, dette greider dei i tidom, dei som hev
med det. Tenk du på det som no på timen trengst.
KREON
Eg berre bad um det mitt hjarta sårast treng.
KORFØRAREN
Gjer ikkje det. Den lagnad som ein etla er,
kann ikkje noko mannsens barn fria seg frå.
KREON
(gjev seg reint yver).
So før meg då burt, eg fåfengt hev levt,
som uvilja drap degm usæle son,
og uvilja deg, mitt viv, ve! å ve!
Eg hev kje feste meir, eg von ikkje eig;
for alt hev broste sund; og fælslege slag
hev lagnaden tung ned yver meg sendt!
(Vert førd burt.)
KORET
For lukkeleg lagnad den tryggaste grunn
er visdomen. Gjer ikkje gudom imot!
Den sjølvbyrge mann for sitt skamdjerve ord
fær bøta til blods fyrr dagen er all.
Og soleis han enn
i grånande alder lyt vitrast.
Merknader.
S. 13. Dirke, liti elv nær Teben.
Kvitfjøra ørn . . stridføre drake. Heren frå Ar-
gos er her — og i næste vers — samanlikna med ei ørn;
tebanarheren er samanlikna med ein drake (s. 14).
S. 14. Valdsmann, giganten Kapaneus som fyrst steig
upp på bymuren; han var ein av dei «sju mot Teben».
S. 15. Ares, krigsguden. — Offer av jarn, rustnin-
gane, som vart tekne av dei som var falne og vigde til Zeus.
S. 17. Laios, far åt Oidipus.
S. 21. Strøytt sand uppå. Den som fann eitt ujorda
lik, hadde skyldnad å jorda det, — eller allvisst å dekkja
det med eit lag sand.
S. 32. Dike, rettferdsgudinna.
S. 41. Biletet i strofe I: liksom bylja velt fram frå det
opne havet og heilt inn til strandi, soleis gjeng vanlukka i
ætti heilt til den siste ættleden. — Labdakos, godfar åt
Oidipus.
S. 42. Månar = månader (tider).
S. 44. Til frendskaps gud — avdi det nett var
frendskapsumsyn som hadde drive henne til verket.
S. 47. Just i denne synd, d.v.s. å heidra «dei vonde».
S. 51. Blodskyld. Den som vart dømd til å grav-
leggjast levande, pla dei gjeva ein grand føde med, so det
ikkje skulde kunna segjast at ein hadde drepe den dømde med hunger.
S. 52. Eros, kjærleiksguden, son åt kjærleiksgydja
Afrodite.
S. 53. Akeron, elv i underverdi.
S. 54. Niobe, dotter åt Tantalos, hadde vore gift med
ein tebansk konge. Segni fortel at ho kytte av dei mange
vene bornom sine, medan halvgudinna Leto berre hadde
tvo, Apollon og Diana. Til straff skaut Apollon og syster
hans alle borni hennar; sjølv vart ho umskapt til ein berg-
knaus som alltid græt (på Sipylos-fjellet i Vesle-Asia).
S. 55. Ditt brudlaup ɔ: med dotter åt kongen i Argos;;
(s. innleidingi, s. 4); ved det vart han hjelpt til å gå imot Teben.
S. 57. Persefone, dronningi åt Hades.
S. 59. Koret nemner her døme på liknande lagnad som
Antigone lid. Danae var ei kongsdotter frå Argos. Det
var varsla far hennar at ho vilde få ein son som skulde
koma til å drepa honom. Difor stengde faren henne inne i
eit fengsel under jordi. Men Zeus om til ho som gullregn,
og ho fekk ein son (Perseus). — Dryas’ brålyndte son,
Lykurg, konge i Trakia, som hadde freista hindra dei ville
festane åt guden Dionysos. Guden kasta han difor ned i ei
fjellkluft. Musor, vanleg: gudinnor for song og diktekunst;
her er dei med i fylgjet åt Dionysos.
S. 60. Fineus’ usæle born. Kleopatra, dotter åt
Boreas (nordanvinden) og Oreithyia (dotter åt halvguden
Erechteus) hadde tvo søner med den trakiske kongen Fineus.
Men seinare gifte Fineus seg med Idaia, og ho (stykmori)
let blinda dei tvo sønene og stengja Kleopatra inne i ein
gravkvelv. «Ho» i motstrofe II er Kleopatra.
S. 61. Eg kann av røynsle vitna at du rådde
vel, Kreon tenkjer på den gongen då Teiresias rådde han
til å ofra sonen Megareus og soleis skaffa honom siger yver
Argos-heren (s. innleidingi, s. 5).
S. 68. Namnrike gud, Dionysos, son åt Zeus og
Semele (Kadmos’ dotter; ho vart drepi ved lynet åt Zeus).
Koret prisar guden ved å nemna dei viktigaste stadene der
han vert dyrka: Italia, Eleusis (i Atikka, kjent som hovud-
sæte for dyrkingi av gydja Deo eller Demeter), Teben
(Ismenos er ei liti elv nær den byen), Parnassos-fjellet (nær
Nysa-fjellet (på Eubøa), — Draketonn-såd; segni fortalde
at Kadmos sådde ut tennene av ein drake han hadde drepe, på ei
mark ved Teben; av det voks fram krigarar som drap kvar-
andre; berre fem vart att, og frå deim er tebanarane ætte ned.
S. 70. Amfion, tebansk konge.
S. 72. Hekate var gudinne for vegane, — Pluton, her
den same som Hades.
S. 77. Megareus, sml. merknad til s. 61.
I umsetjingi er utelate vers 904—915 (s. 57) og vers
1080—1083 (s. 66), som truleg er innskotne.
Det er kommentar-utgåva åt Wolff-Bellermann (7. Auflage,
Teubner 1913) som er lagd til grunn for umsetjingi. Vers-
målet er som i grunnteksti.