Ljod
Eit ljod er namnet på minste byggjeeiningi i tala. Saman med tyngd og tone lagar ljodi ord.
Ljodskrift
Når me skriv ljod, nyttar me teikn som kann skilja seg frå bokstavane me vanleg knyter til ljodi. Me skriv denne ljodskrifti i hyrneklomber.
Døme: uttala av ordet soli skriv me [¹sʷuːli], eller [¹sʷuːɽi] med vanleg austnorsk uttala, der det vesle eitt-talet uppe, [¹], syner at det er einstavingstone, [u] er ljodskrift for det ljodet me vanleg kallar bokstaven o, [ː] syner at sjølvljodet er langt, og [ɽ] er det serlege austnorske ljodet mange kallar tjukk l.
Andre serteikn: bunad [²bʷʉːˌnɑˑ] der [²] er tvostavingstone, [ˌ] syner ettertyngd; vissa [²ʋis.sɑ] der [.] er stavingsgrensa; vit /vɪˑt/ der /ˑ/ syner at det underliggjande ljodet kann berast fram anten langt [ʋɪːtʰ] eller stutt [ʋɪtʰ].
IPA
Det internasjonale fonetiske alfabetet, eller IPA, er det vanlegaste teiknsetet til ljodskrift i dag. Det er til for å skildra alle mål på same visi.
[mɪlːum ²bɑk.kɑr ɔ ¹bɛrɡ ʉtmɛ ¹hɑːʋə
²hɛːʋə ¹nurmɑnːən ˌfɛɲʝə sɪn ˈhɛim
dɛr (h)ɑn ¹sjœlʋ ²hɛːʋə ²tʊftə(r)nɑ ²ɡrɑʋə
ɔ ˌsɛtː ¹sjœlʋ siːnə ¹hʉːs ʊpːɒ ¹dɛim]
Norvegia
- Hovudteig: Norvegia
Norvegia er eit teiknset som vart laga av Johan Storm i 1884 for å skildra norske målljod. Det er lite nytta i dag.