Å Vestland, Vestland
Å Vestland, Vestland av Tore Ørjasæter
Å Vestland, Vestland; Når eg ser deg slik
Med fagre fjell og fjord og tronge vik,
Det stig i all sin venleik stort og vilt
Og atter møter meg så mjukt og mildt.
Og som det for mitt syn er dimt og dult,
det opnar seg eit utsyn yndefullt;
Igjenom tunge sky og skoddehav
Den tronge dal eg skimta skuggen av.
(el. den blide fjorden ser eg blånen av.)
Og gleda strøymer i meg still og stor
Med glans av bjørkelid og blåe fjord.
Og i meg sjølv eg kjenner dypter av
Den stille skogen og det blåe hav.
Eg kjenner ande av den kalde snjo
Som isnar underleg i barm og blod.
Men enn fell solgland over grøne flæ
I kalde skugge av den blåe bræ.
Den døkke skogen og dei bratte bryn
Seg teiknar liksom skuggar for mitt syn.
Den høge himlen mot det djupe hav
Eit tvidrag i mi sjel kann spegla av.
Min lette båt ein solblank kveld eg ror;
Sjå, fjell og himil sym på stille fjord,
Og djupe dalen med sitt grøne fang
Som skin av lauv og blom frå lid og vang.
(Nyare sistevers i staden for «Min lette båt ...»:
Når skuggar stig mot stille sumarnatt
Det enn på toppom ter seg solglans att.
Um tind seg sveiper draumslør dimt og døkt
Når siste skimt av soli ut er sløkt.)