Medord

Frå Mållekken
(Umleidd frå Adverb)
Hopp til navigering Hopp til søk

Medord, òg kalla fylgjeord eller adverb, er ei klassa av ord som kjem attåt segnord, lagord eller styreord og gjev upplysing um tid, stad, måte og grunn eller orsak. Medord er oftaste skapa som lagord bøygde i inkjekyn, men dei kann òg hava serskilde former, t.d. vel for god.

Høgre- og høgstemùn av medord er oftaste bøygde med -are og -aste (oftaste, jamnaste), men i nokre få høve hev dei jamvel -(e)r, gjerne jamsides lagord med -re. Desse er beter (jf. betre), lenger, minder og verr (jf. verre).

Ulike slag av medord

Det er råd å kløyva medordi inn i ulike gruppor utifrå tydingi. Desse er:

  • Tid: no, , tidt, ofte, stødt, snart, seint, fort, stundom
  • Stad: her, der, att, fram, upp, ned, hit, dit, etter, kvar, heim
  • Måte: so, soleis, korleis, vondt, godt, høgt, lågt
  • Orsak: difyre, altso, kvi, kvifyre
  • Motsetnad: likavel, elles, dess(for)utan
  • Stadsetjing: ja, til vissa
  • Neitting: nei, langtifrå