Brukardiskusjon:Jon Salte
Hopp til navigering
Hopp til søk
Gildt at du vilde vera med på vår høgnorsk-wiki! Undrar du på noko, er det berre å spyrja.
På denne wiki-en er det politiskt korrekt å retta på målet åt folk innanfor rimelege grensor. Det heiter vener og ikkje venar (sume hankynsord vert bøygde som hokynsord, og motsett). Det heiter òg lære på høgnorsk og ikkje lere. Me nyttar helst a-infinitiv (læra ikkje lære), men dette er upp til deg. Det heiter rørsla og ikkje rørsli. Det me kallar linne hokyn skal ha a i bundi form. Tradisjonelt ender desse på a i ubundi form, ei vika, ei gjenta osb. Stundom nyttar sume e i ubundi form, ei vike, ei gjente. Sterke hokynsord og inkjekynsord i fleirtal ender derimot på i, tidi, husi.
-SAM 25. februar 2008 kl. 21:12 (CET)