Sidefall
(Umleidd frå Dativ)
Sidefall (dativ) er eit grammatiskt fall av ein namnelekk (namnord, lagord, varaord) i ei setning som syner at namnelekken hev bate av eikor gjerningi. I norsk femner sidefallet au millom anna påstadfall (lokativ), fråstadfall (ablativ) og tølefall (instrumental), oftast bunde av serskilde styreord.
Bruk
Sidefall vert no mest nytta i faste ordlag og i skaldskap, men er vanlegt i mange målføre. Døme:
- Gamle Norig, nørdst i grendom.
- Gjev ’om Oddvar ein stav!
- Dei gjekk mann av huse.
- I fyrstonne; i minsto.
- Detta gjekk vonom snøggare!
- Med blidom munne; med kvitre hand (døme frå folkevisone).