Diskusjon:Utlendske stadnamn

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

København=Kaupenhamn? Roma=Rom? Venezia=Venedig? Praha=Prag? Hamburg=Hamborg? Stockholm=Stokkholm? Lisboa=Lissabon? Aachen=Åken? Sachsen=Saksen? Canada=Kanada? Cuba=Kuba? California=Kalifornia? Mexico=Mexiko? Hellas=Grekenland? Bucureşti=Bukarest? Tórshavn=Torshamn?Rita 7. mars 2010 kl. 17:06 (CET)

Ja og nei. Ålment kann me segja at der det finst ei tradisjonell norsk form, vert den gjerne nytta. Men det gjeld då norsk i motsetnad til dansk-tysk tradisjon i Noreg; difor er ikkje t.d. Venedig brukande, medan Grækland er det. TH 7. mars 2010 kl. 20:11 (CET)

Jorvik?

Kan de leggja til Jorvik(york), Nye Jorvik(new york) og Nye Sjøland(new zealand)?

Me har fulla havt ein tanke um at namni skal ha yverlivd. Det finst i nøgdi med sogelege namn frå gamalnorsk tid: Norvasund, Serkland, Holmgard, Myklagard, Jorsal osb.. Det er ikkje beint fram å nytta dessa namni idag. Eg vilde ha halde meg med York, Ny-York og Ny-Zeeland. OKG (talk) 15:01, 27 April 2017 (CEST)

Sogelege og beint fram uppfunne stadnamn

Eg ser at einkvar hev lagt inn ei rad sogelege stadnamn i norsk hått utan merkjing. M.a. Jorvik for York. Desse kann det vera greidt å merkja med (sogeleg). Ny-Jorvik er uppfunne og vantar heimel i landsmål, so vel som i seinare nynorsk. Nasjonalbiblioteket gjev fem tilslag av «Ny-Jorvik», alle på norskdansk. --Eiliv (diskusjon) 18. juni 2020 kl. 23:08 (UTC)

Eg tok burt framleggi eg ikkje fann på Nasjonalbiblioteket og sette (sogeleg) på dei som framleis er nytta i tekst, men um norrøne tilhøve. --Eiliv (diskusjon) 9. august 2020 kl. 22:58 (UTC)

Kymri?

Eg lagde no nyst til Kymri fyre Wales, men veit at denne formi ikkje er nøytad nokon stad i bokheimen. Formi kjem frå kymrisk og fylgjer norsk uttale, nokot "Wales" ikkje gjerer. Grant det er framlegg heve det hevd på samiske mål - eg finn til dømes "kymri-giela" på vevgarden åt nasjonalbiblioteket. --Snjoramn (diskusjon) 30. oktober 2024 kl. 12:49 (UTC)