Diskusjon:Varaord

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk

Kan einkvan fortelja meg kva (han, 'n), ('om, 'nom), (ho, 'na) og ('ne) tydar?

Ebbe

I gamalnorsk var formene "han(n)" i nominativ (subjekt), "han(n)" i akkusativ (direkte objekt) og "honom" i dativ (indirekte objekt). Sume målføre fylgjer gamalnorsken her med eigi form for direkte (han) og indirekte (honom) objekt, medan vanleg høgnorsk hev "honom" på både stadene. I hokyn var tilsvarande former i gamalnorsk "hon", "hana", "henni". Sume målføre hev dette skiljet med "ho", "hana", "henne", men dei er ikkje ofte nytta i riksnorsken eller hjå Aasen.
Formene i parantes ('n, 'om, 'ne osb.) er berre stuttformer (Døme: hon(om), hen(ne)), som ikkje ofte vert nytta i skrift.
---SAM