Åtfeste
Eit åtfeste (eller affiks) er ei måleining som vert fest attåt ordroti og gjev nye ord (med avleidande åtfeste) eller ordformer (med bøygjande åtfeste).
Fyrefeste
Fyrefeste eller prefiks kjem fyre ordroti og gjev nye ord (med avleidande fyrefeste).
Døme:
- ugod, ålgjengd
Innfeste
Innfeste eller infiks vert fest inni ordroti. Det næraste ein kjem dette på norskt, er ljodsprang.
Millomfeste
Millomfeste eller interfiks vert fest millom ord og gjev nye ord gjenom samansetjing.
Døme:
- kasteball
- landemillom
- giftarmål
Innfeste vert au kalla fuge. Upphavleg var mange millomfeste eigefallsendingi åt ordet fyre, t.d. nn. mannemål < gn. manna mál
Etterfeste
Etterfeste eller suffiks er det mest vanlege åtfestet på norsk. Det vert fest etter ordroti og gjev nye ord (med avleidande etterfeste) eller ordformer (med bøygjande etterfeste).
Døme:
- kasting
- kastar