Kausativ

Frå Mållekken
(Umleidd frå Parverb)
Hopp til navigering Hopp til søk

Kausativ er eit slag transitivt segnord (med objekt) som høyrer til eit intransitivt (utan objekt) med tydingi «få til å gjera». I desse høvi hev oftast grunnsegnordet sterk bøygjing, medan kausativen hev linn.

I sume høve fell kausativ i hop med denominativ, ein annan flokk av segnord avleidde av lagord. T.d. veikja som kann vera både kausativ av å vika, og denominativ av veik.

Døme på kausativ

  • beita (te) til bita (beit)
  • brenna (de) til brenna (brann)
  • bresta (te) til bresta (brast)
  • bøygja til bjuga (a, sog. baug)
  • drøypa (te) til drjupa (draup)
  • drøysa (te) til drjosa (draus)
  • fella (te) til falla (fall)
  • fløygja (de) til fljuga (flaug)
  • fløyta (te) til fljota (flaut)
  • frøysa (te) til frjosa (fraus)
  • føra (de) til fara (fór)
  • føykja (te) til fjuka (fauk)
  • grøta (te) til gråta (gret)
  • hengja (de) til hanga (hekk)
  • kjevja (de, kavde) til kava (a)
  • kløkkja (te) til kløkka (klokk)
  • knekkja (te) til knekka (knakk)
  • krøypa (te) til krjupa (kraup)
  • †kvedja (de) til kveda (kvad)
  • kvekkja (te) til kvekka (kvakk)
  • kvelva (de) til kvelva (kvalv)
  • kveppa (te) til kveppa (kvapp)
  • kverva (de) til kverva (kvarv)
  • leggja (lagde) til liggja (låg)
  • leida (de) til lida (leid)
  • løgja (de) til læja (log)
  • løypa (te) til laupa (ljop, te)
  • neigja (de) til niga (neig)
  • reida (de) til rida (reid)
  • reisa (te) til risa (reis)
  • rekkja (te, rakte) til rekka (rakk)
  • renna (de) til renna (rann)
  • røykja (te) til rjuka (rauk)
  • røyta (te) til rjota (raut)
  • røyva (de) til rjuva (rauv)
  • seigja (de) til siga (seig)
  • setja (te) til sitja (sat)
  • skreida (de) til skrida (skreid)
  • skrella (te) til skrella (skrall)
  • slengja (de) til slenga (slong)
  • slengja (de) til slenga (slong)
  • sleppa (te) til sleppa (slapp)
  • sletta (te) til sletta (slatt)
  • sløkkja (te) til sløkka (slokk)
  • smella (te) til smella (small)
  • smelta (te, a) til smelta (smalt)
  • smetta (te) til smetta (smatt)
  • smøygja (de) til smjuga (smaug)
  • sneida (de) til snida (sneid)
  • snerkja (te) til snerka (snark)
  • spenna (de) til spenna (spann)
  • sprengja (de) til springa (sprang)
  • spretta (te) til spretta (spratt)
  • strekkja (te) til strekka (strakk)
  • støda (a) til standa (stod)
  • støkkja (te) til støkka (stokk)
  • støypa (te) til stupa (staup)
  • svelta (te) til svelta (svalt)
  • svida (de) til svida (sveid)
  • svæva, søva (de) til sova (svav, sov)
  • søkkja (te) til søkka (sokk)
  • søyda (de) til sjoda (saud)
  • søygja (de) til suga (saug)
  • trengja (de) til trenga (trong)
  • trøyta (te) til trjota (traut)
  • veikja (te) til vika (veik)
  • vekkja, vekja (te, vakte) til vaka (vakte)
  • velta (te) til velta (valt)
  • vikja (te) til vika (veik)

Sogelege kausativ-tilhøve

  • drekkja til drikka
  • kjenna til kunna
  • røda til råda
  • velja til vilja