Skilnad mellom versjonar av «Minningar fraa Maalstriden (1859)»
Inkje endringssamandrag |
s (X -> N) |
||
Line 84: | Line 84: | ||
Kvat er no ein Nation? Ordet kjem av Latinen og tyder eigenlega eit Føde,<ref>Latinsk nascere fødast, natus fødd, natio det fødde (elder samfødde); Ætt, Elde, Bøle. Dette er radt det same Høvet, som naar Folk paa Upplandet segja „eit Føde“ (Føe) um eit Bøle elder Lag av Ungar, serlega Puglungar, som ero komne or same Reidet.</ref> ei Ætt elder Slægt, og dernæst ei Landsætt (elder Tjod), eit stort Folkaslag av same Uppkoma og soleides nokorlunda med same Hug og Seder, med same Maal og same Minne. Naar no slikt eit Folkaslag kann bu i eit Land fyre seg sjølv og skipa eit Rike, soleides som vaart Folk, so er det ein Landslyd. (Lyd er Familie.) No er Bondestandet alltid den største Parten i vaar Landslyd; og naar det no er avgjort, at Bønderne ero Landsens upphavlege (oprindelige) Folkaslag, og at deira Maal er Landsens upphavlege Maal, so er det ogso avgjort, at dette her er det heimlege, tjodlege elder nationale Maalet; det er dette, som høyrer Landet og Folket til. Kunnskap elder Kultur kjem inkje denne Saki ved; Folket kann trenga til Upplysning, og Maalet kann trenga til Dyrkning; men dette er eit annat Spursmaal, og derav fylgjer inkje at baade Folket og Maalet skulde vera uduglegt. Naar no Tidahøvi hava medført, at eit Bokmaal fraa eit annat Land er vordet kunnigt her i Landet, og at ymse Ætter hava lært seg dette Maalet, so er dette vistnog ein „historisk“ Tilburd; men endaa kann ingen segja, at dette innførde Maalet skulde no vera det rette heimlandske elder tjodlege (nationale) Maalet, elder at dei Folk, som tala det, skulde no vera den rette Landslyden. Dette vilde vera at snu alle Ting paa tvert. Det innførde Maalet hever her ingen Rett utan den, som Magt og Tvang elder Ovrike kunde giva det; og den Retten varer inkje lenger, en medan Magti varer; sidan er det alltid Raad til at reisa det rette Maalet uppatter, og um det endaa kann ganga smaatt i Fyrstningi, so er dog Tanken lika mogoleg fyre det. Alt dette, skulde me tru, maatte vera so greidt og klaart, at det vilde vera ein drjugvoren Djervskap, som skulde neitta det. Men naar det no skal heita, at det norske Bondestandet stend paa eit slikt Villmanns-Stig (elder „barbarisk Standpunkt“), at um det endaa hadde Regjering og Embættesmenner fyre seg sjølv, so skulde det endaa ljota ganga i Villmannskapen i nokre hundrad Aar, elder „igjenom myrke Aarhundrad’s Strid“, fyrr en det kunde koma til nokon Kultur med sitt eiget Maal, og at dette endaa vilde vera so utrulegt, at det var berre eit Kann-henda, eit „Maaskee“, um det endaa var mogolegt, — so er dette vistnog eit av dei største Skamord, som segjast kann, um Landsens Folk og um Landsens Maal. Etter denne Umlysingi er dette Maalet inkje stort betre en Rauting og onnor Læta, som ein høyrer av Feet, og Folket sjølv er inkje stort betre en Fe. Naar ein høyrer slikt, skulde ein snaraste tru, at det var ein lystig Prettemakar av vaare eigne Folk, som her var ute med nokre forvaagalege Speord og soleides vilde hjelpa vaar Sak paa ein uventad Maate. For at han hjelper vaar Sak, er det myket Likinde til. Naar alle dei gamle og gapalege Lastord imot Bondestandet verda soleides uppatter friskade, so er det Voner til, at dette Standet vil eggjast upp til at tenkja paa sin Rett, og at alle dei gilde Bondeborni, som hava strævat seg fram til Upplysning og Kunnskap, vilja leggja større Elske paa sin Nordmannskap og hevda og verja honom betr, en dei fyrr hava gjort. Og sidan desse Folk ero dei, som kjenna Maalet best og kunna verka mest fyre det, so er det lett at sjaa, kvat Tilstyrknad dette vil vera fyre vaar Part. | Kvat er no ein Nation? Ordet kjem av Latinen og tyder eigenlega eit Føde,<ref>Latinsk nascere fødast, natus fødd, natio det fødde (elder samfødde); Ætt, Elde, Bøle. Dette er radt det same Høvet, som naar Folk paa Upplandet segja „eit Føde“ (Føe) um eit Bøle elder Lag av Ungar, serlega Puglungar, som ero komne or same Reidet.</ref> ei Ætt elder Slægt, og dernæst ei Landsætt (elder Tjod), eit stort Folkaslag av same Uppkoma og soleides nokorlunda med same Hug og Seder, med same Maal og same Minne. Naar no slikt eit Folkaslag kann bu i eit Land fyre seg sjølv og skipa eit Rike, soleides som vaart Folk, so er det ein Landslyd. (Lyd er Familie.) No er Bondestandet alltid den største Parten i vaar Landslyd; og naar det no er avgjort, at Bønderne ero Landsens upphavlege (oprindelige) Folkaslag, og at deira Maal er Landsens upphavlege Maal, so er det ogso avgjort, at dette her er det heimlege, tjodlege elder nationale Maalet; det er dette, som høyrer Landet og Folket til. Kunnskap elder Kultur kjem inkje denne Saki ved; Folket kann trenga til Upplysning, og Maalet kann trenga til Dyrkning; men dette er eit annat Spursmaal, og derav fylgjer inkje at baade Folket og Maalet skulde vera uduglegt. Naar no Tidahøvi hava medført, at eit Bokmaal fraa eit annat Land er vordet kunnigt her i Landet, og at ymse Ætter hava lært seg dette Maalet, so er dette vistnog ein „historisk“ Tilburd; men endaa kann ingen segja, at dette innførde Maalet skulde no vera det rette heimlandske elder tjodlege (nationale) Maalet, elder at dei Folk, som tala det, skulde no vera den rette Landslyden. Dette vilde vera at snu alle Ting paa tvert. Det innførde Maalet hever her ingen Rett utan den, som Magt og Tvang elder Ovrike kunde giva det; og den Retten varer inkje lenger, en medan Magti varer; sidan er det alltid Raad til at reisa det rette Maalet uppatter, og um det endaa kann ganga smaatt i Fyrstningi, so er dog Tanken lika mogoleg fyre det. Alt dette, skulde me tru, maatte vera so greidt og klaart, at det vilde vera ein drjugvoren Djervskap, som skulde neitta det. Men naar det no skal heita, at det norske Bondestandet stend paa eit slikt Villmanns-Stig (elder „barbarisk Standpunkt“), at um det endaa hadde Regjering og Embættesmenner fyre seg sjølv, so skulde det endaa ljota ganga i Villmannskapen i nokre hundrad Aar, elder „igjenom myrke Aarhundrad’s Strid“, fyrr en det kunde koma til nokon Kultur med sitt eiget Maal, og at dette endaa vilde vera so utrulegt, at det var berre eit Kann-henda, eit „Maaskee“, um det endaa var mogolegt, — so er dette vistnog eit av dei største Skamord, som segjast kann, um Landsens Folk og um Landsens Maal. Etter denne Umlysingi er dette Maalet inkje stort betre en Rauting og onnor Læta, som ein høyrer av Feet, og Folket sjølv er inkje stort betre en Fe. Naar ein høyrer slikt, skulde ein snaraste tru, at det var ein lystig Prettemakar av vaare eigne Folk, som her var ute med nokre forvaagalege Speord og soleides vilde hjelpa vaar Sak paa ein uventad Maate. For at han hjelper vaar Sak, er det myket Likinde til. Naar alle dei gamle og gapalege Lastord imot Bondestandet verda soleides uppatter friskade, so er det Voner til, at dette Standet vil eggjast upp til at tenkja paa sin Rett, og at alle dei gilde Bondeborni, som hava strævat seg fram til Upplysning og Kunnskap, vilja leggja større Elske paa sin Nordmannskap og hevda og verja honom betr, en dei fyrr hava gjort. Og sidan desse Folk ero dei, som kjenna Maalet best og kunna verka mest fyre det, so er det lett at sjaa, kvat Tilstyrknad dette vil vera fyre vaar Part. | ||
Og um me no vilde taka denne Talen berre som eit Lastord paa Maalet og inkje just paa Folket, so verd det endaa lika galet. Kvat er no dette for ein undarleg Tankaskapnad, at eit Folk, som no skal koma til Kultur med sitt eiget Maal, skal fyrst ganga nokre hundrad Aar tilbaka og gjera uppatter alt det, som gjort er fyrr. Me skulde daa tru, at den Lærdomen, som Verdi no hever vunnet i desse Aarhundradi, maatte vera ein vunnen Skatt fyre alle Folkaslag, og ein Skat, som aldri nokot Folkaslag kunde missa ved det, at det tok eit nytt Bokmaal i Bruk. Kor skulde det ganga til, at eit Folk so braadlega skulde gløyma alt, som det hadde lært, at det laut til at liva uppatter dei avlidne Aarhundradi ein Gong til? Fylgjer det med, naar ein Mann lærer eit annat Bokmaal (f. Ex. Svensk elder Islandsk), at han skal riva seg laus ifraa Kulturen“ og gløyma alt det, som han fyrr kunde? Dette er daa reint at fara i Ørska; det er at røda beint burt i svarte Natti. Er det nokon sann og verkleg Vinning i denne lovsungne Kulturen, so maa han kunna festa seg paa den eine Landslyden so vel som paa den andre, so maa han ogso finna Inngang i det eine Maalet so vel som i det andre, og i Vissa lika so godt i det norske Maalet som i det danske. Er det nokot Verd i dette umtalade Kulturmaalet, so maa det daa vera eit Maal fyre Tankar, som høyra til det aalmennelege Mannvitet; det maa hava Tankar, som kunna tydast og upplysast; det maa hava Ord, som kunna umbytast og umskrivast i dei serskilde Maali, og i Vissa lika so godt i | Og um me no vilde taka denne Talen berre som eit Lastord paa Maalet og inkje just paa Folket, so verd det endaa lika galet. Kvat er no dette for ein undarleg Tankaskapnad, at eit Folk, som no skal koma til Kultur med sitt eiget Maal, skal fyrst ganga nokre hundrad Aar tilbaka og gjera uppatter alt det, som gjort er fyrr. Me skulde daa tru, at den Lærdomen, som Verdi no hever vunnet i desse Aarhundradi, maatte vera ein vunnen Skatt fyre alle Folkaslag, og ein Skat, som aldri nokot Folkaslag kunde missa ved det, at det tok eit nytt Bokmaal i Bruk. Kor skulde det ganga til, at eit Folk so braadlega skulde gløyma alt, som det hadde lært, at det laut til at liva uppatter dei avlidne Aarhundradi ein Gong til? Fylgjer det med, naar ein Mann lærer eit annat Bokmaal (f. Ex. Svensk elder Islandsk), at han skal riva seg laus ifraa Kulturen“ og gløyma alt det, som han fyrr kunde? Dette er daa reint at fara i Ørska; det er at røda beint burt i svarte Natti. Er det nokon sann og verkleg Vinning i denne lovsungne Kulturen, so maa han kunna festa seg paa den eine Landslyden so vel som paa den andre, so maa han ogso finna Inngang i det eine Maalet so vel som i det andre, og i Vissa lika so godt i det norske Maalet som i det danske. Er det nokot Verd i dette umtalade Kulturmaalet, so maa det daa vera eit Maal fyre Tankar, som høyra til det aalmennelege Mannvitet; det maa hava Tankar, som kunna tydast og upplysast; det maa hava Ord, som kunna umbytast og umskrivast i dei serskilde Maali, og i Vissa lika so godt i Norsk som i Dansk. Det er soleides berre ei Tyding og ei Umbyting, som det her gjeld um; og dertil skulde vist inkje trengast nokre hundrad Aar; eit halvt Aarhundrad maatte vel vera nog, og berre paa ei tjugo Aar kunde store Ting lata seg gjera. Naar no Folk vilja neitta alt dette, so fær eg ein stygg Otte fyre, at det inkje maa vera rett voret med denne Kulturen, at det maa vera berre eit Skin utan Kraft, eit Skal utan Kjerne. Skulde Kulturen vera berre ein Stas, ein Mode, ei Etterherming av Storfolket i eit framandt Land, so verd det Størsteparten av vaart Folk, som inkje fær nokot godt av honom; men daa kunna me ogso vera lika glade; for det vilde inkje vera nokon Vinning i det fyre sjølve Folket. Og er Kultur-Maalet berre ei Etterherming av framande Ordalag, som ingen kann tyda elder klaara, so er det nokot, som inkje kjem Folket ved; det kann vera godt nog fyre ymse Smaalag i Kaupstaden, der Folk ero betre kjende i Utlandet en i sitt eiget Land; det kann vera godt nog til at gjera Smaakunster med i ein Talarstol elder i ein „Afhandling“; men det er inkje godt nog fyre Landslyden, fyre det heile Folket. Det norske Folket treng til greide og klaare Tankar, so vel som til eit heimelegt og høvelegt Maal; det er inkje vel teent med ei Ovmengd av blinde og skoddefulle Tankar, og helder inkje med ei Mukka av myrke og undarlege Ord, som lett kunna tena til eit Skalkaskjol fyre umogne Tankar og rein Tankaløysa, og som sedvanlega verda so mistydde og forvanskade, at dei berre føra til ein Slurveskap i Tenkningi og ei Utskjemming i Maalsansen, som me alt hava seet so riklege Merke paa, at me inkje hava Hug til at sjaa meir av same Slaget. | ||
Og soleides verd det heile berre eit Paastand, at den norske Landslyden aldri kunde koma til Kultur utan det danske Maal. Og naar det berre gjeld um Paastand, so kunna me ogso setja upp eit Paastand fraa vaar Sida, og det lyder so: Hadde det norske Maalet voret uppteket som Bokmaal fyre longo sidan, so vilde Kulturen i Landet hava stadet langt betr, en han no stend, og Folket hadde voret meir kunnande, meir duglegt og meir vyrdt, en det no er. | Og soleides verd det heile berre eit Paastand, at den norske Landslyden aldri kunde koma til Kultur utan det danske Maal. Og naar det berre gjeld um Paastand, so kunna me ogso setja upp eit Paastand fraa vaar Sida, og det lyder so: Hadde det norske Maalet voret uppteket som Bokmaal fyre longo sidan, so vilde Kulturen i Landet hava stadet langt betr, en han no stend, og Folket hadde voret meir kunnande, meir duglegt og meir vyrdt, en det no er. | ||
Line 100: | Line 100: | ||
Dette var og ei stor Røda, som vist maa verda vel likad av deim, som tru, at Maalet i Morgonbladet er vaart rette Maal, og at slike Ord som: Sfære, Civilisation, organisk, Hensigtsmæssighed m. m. er altsaman store Fyremuner, som Dansken hever, og som det norske Landsmaalet vantar. Fyre ymse andre Folk vilja desse Sakerna syna seg i eit annat Ljos. | Dette var og ei stor Røda, som vist maa verda vel likad av deim, som tru, at Maalet i Morgonbladet er vaart rette Maal, og at slike Ord som: Sfære, Civilisation, organisk, Hensigtsmæssighed m. m. er altsaman store Fyremuner, som Dansken hever, og som det norske Landsmaalet vantar. Fyre ymse andre Folk vilja desse Sakerna syna seg i eit annat Ljos. | ||
Naar det heiter, at Landsmaalet er godt nog fyre Bonden men inkje fyre Landslyden (Nationen). so kunde dette gjelda, naar det var berre eit forvanskat Bygdarmaal, som her var Tale um, og naar det var paakravt, at dette Bygdarmaalet skulde no strakst i dette Aar setjast i Staden fyre det innførde Bokmaalet; men nokot slikt hever inkje voret paakravt. Det hever inkje slik ei Braadhast med dette Maalet, at det no paa Timen skulde takast upp som Embættesmaal; det er langt betre Raad at fremda og dyrka det fyrst i nokre Aar paa andre Maatar. Men naar det dernæst heiter, at dette Maalet hever hittil vist seg heilt ubrukande til Greiding av dei høgre Maalemni, som høyra Landslyden til, so er dette nokot, som eg inkje kann skyna. Kvarhelst er det, at dette Maalet hever voret freistat til sovoret Bruk og viist seg reint übrukande? Me visste inkje rettare, en at Norsken hever lika so god Raad paa Ord som Dansken, og naar norske Ord vanta, hever han same Retten som Dansken til at bruka framande Ord. Og nokre ukunnige og uhage Freistnadar (Forsøg) ero her inkje vyrdande. Um ein Mann, som inkje kunde Maalet, vilde setja seg til at skriva i det, og han daa kom i Knipa, som ventande var, so er dette inkje til at retta seg etter; det hever eit annat Lag med den, som kann Maalet, en med den, som inkje kann det. Og um nokon vilde tolka slike Skilningar som Metafysik, | Naar det heiter, at Landsmaalet er godt nog fyre Bonden men inkje fyre Landslyden (Nationen). so kunde dette gjelda, naar det var berre eit forvanskat Bygdarmaal, som her var Tale um, og naar det var paakravt, at dette Bygdarmaalet skulde no strakst i dette Aar setjast i Staden fyre det innførde Bokmaalet; men nokot slikt hever inkje voret paakravt. Det hever inkje slik ei Braadhast med dette Maalet, at det no paa Timen skulde takast upp som Embættesmaal; det er langt betre Raad at fremda og dyrka det fyrst i nokre Aar paa andre Maatar. Men naar det dernæst heiter, at dette Maalet hever hittil vist seg heilt ubrukande til Greiding av dei høgre Maalemni, som høyra Landslyden til, so er dette nokot, som eg inkje kann skyna. Kvarhelst er det, at dette Maalet hever voret freistat til sovoret Bruk og viist seg reint übrukande? Me visste inkje rettare, en at Norsken hever lika so god Raad paa Ord som Dansken, og naar norske Ord vanta, hever han same Retten som Dansken til at bruka framande Ord. Og nokre ukunnige og uhage Freistnadar (Forsøg) ero her inkje vyrdande. Um ein Mann, som inkje kunde Maalet, vilde setja seg til at skriva i det, og han daa kom i Knipa, som ventande var, so er dette inkje til at retta seg etter; det hever eit annat Lag med den, som kann Maalet, en med den, som inkje kann det. Og um nokon vilde tolka slike Skilningar som Metafysik, Naturfilosofie o. s. v. med eit einaste Ord paa Norsk, og han daa fann det reint raadlaust, so er helder inkje dette til at retta seg etter. Det skal ingen krevja, at Maalet skal hava Ord fyre alle slike Ting, som aldri kunna verda nokot aalmennelegt Vitmaal; slikt finst inkje nokot heimelegt Namn paa i andre Maal helder, og lika so litet i Dansken som i Norsken. | ||
Det kling nokot undarlegt, naar det her er lagt slik ei Vigt paa, at det, som dette Maalet vantar, er ein aalmenneleg Gildskap (Gyldighed) eller „sann aalmenneleg Nationalitet“. At eit Bokmaal kann trenga til stødt og stendigt Bruk i nokre Aar, fyrr en det fær aalmenneleg Gildskap i alle Smaadeilder, det segja me inkje imot; men daa er det berre Tidi, som det gjeld um; dess fyrr at Bruket byrjar, dess fyrr vil Gildskapen koma. Men det undarlege er, at Dansken med all si framande Ifylling skulde hava ein større Gildskap fyre det norske Folket en Landsens eiget Maal. Det heng i Hop med det, som fyrr var paasleget, at eit Landsfolk aldri skal hava Lov til at velja seg eit Bokmaal, at alt skal ganga etter Hervinnings-Rett (Erobringsret) med Vald og Tvang og Ovrike, at alt, som eingong er paakomet ved eit blindt Tilfelle, skal sidan standa og hevdast, um det er aldri so uhøvelegt fyre Landsens Folk. Alle forvanskade Bygdarformer (Provincialismer), som ymse Bokmenner eingong hava teket paa Slump, skulo njota same Æra som dei rette gamle Former;<ref>Av slike Former, som berre ero Bygdarmaal og inkje rett dansk Normal-Maal, er der mange i Dansken, f. Ex. Møie fyre Møde, Veir (f. Veder), beile (f. bedle), Vei (f. Veg), Øie (f. Øge), høi (f. høg), seire (f. segre), lave (f. lage), flyve (f. flyge), Bue (f. Buge), Nælde f. Nedle.</ref> alle dei stygge vanskapte Ordi, som ero tillagade av tydsk og onnor framand Rot, skulo standa jamhøgt med dei beste heimelege Ordi og endaa kanskje vyrdast meir en desse; alle dei uhaglege framande Namn, som umaalkunnige Regjeringsmenner hava lagt paa sine nye Innreidningar, skulo standa urørde og vyrdast som heilage og ukrenkjande; alle dei harmelege Utskjemmingar, som ukunnuge Embættesmenner hava gjort ved dei gode gamle Gardsnamn og Mannsnamn og andre heimelege Namn i Landet, skulo alltid standa, som dei eingong ero sette;<ref>F. Ex. Rødø fyre Raudøy, Nødø fyre Nautøy, Egerø fyre Eikarøy; Hvidesø fyre Kviteseid, Østerraad fyre Austraatt o. s. v.</ref> og kort sagt: alt det Fuskarverk, som eingong er komet paa Papiret av eit Slumpehøve elder av eit vannkunnelegt og smaklaust Paafunn, det skal sidan standa ubrøytt um Alder og Æva, det skal alt vera gildt og gjengelegt til ævenlege Tider; og Folket — Folket skal berre læra og inkje mukka. Og so tilsidst skal heile dette paanøydde Fuskarverket kallast „Nationalitet“. Fyrst faa me eit Maal ifraa eit annat Land til Grunnlag, dernæst ei Tilskiping av alle heimelege Ting etter denne framande Maalformi, so at alle dei heimelege Ord, som inkje høva til denne Formi, skulo utestengjast, og at alle dei heimelege Ord og Namn, som ein inkje kann stengja ute, skulo lempast og vendast etter den framande Formi — og so dernæst ei Utfylling i dette Maalet av framande Ord ifraa alle Heimsens Hyrnor; — og endaa skal dette Maalet heita „nationalt“ og vera det einaste som er gildt og gjengelegt fyre Landslyden. Det strider imot alt Heimhøve, og endaa skal det vera det rette heimhøvelege; det strider imot Hugen og Smaken aat Landsens Folk, og endaa skal det vera det rette folkelege. Sannelega, naar ein høyrer slikt, skulde ein snaraste tru, at Landet hadde nyst voret hervunnet (erobret) av framande Folk, og at Hervinnararne hadde skift Landet imillom seg, so at dei sjølve skulde no vera den rette Landslyden og styra Landet aaleine. Det er klaart, at her er eit stort Mistak. Det er klaart, at eit Maal, som er soleides innført utan Rett og berre med Magt, kann aldri vinna nokor aalmenneleg Vedkjenning, nokor „livande Tileigning“ hjaa Landsens Aalmuge. Det maa drivast fram med Tvang; for Folket vil inkje læra meir av det, en som det er nøydt og tvingat til. Vistnog kann dei endaa faa ei viss Hevd, ein viss Gildskap med Tidi; men dette vil gjelda berre fyre ein liten Part av Landslyden; den største Parten vil standa utanfyre; og kvat Verknad dette vil hava paa den aalmennelege Upplysningi, kann lett lata seg tenkja. Skulde det uppdagast, at det, til Traass fyre den lange Hevdi, endaa inkje stend betre til, en at vaare greidaste Bøker trenga til ideleg Uttyding, at største Parten av Folket aldri kann skyna Maalet i ei norsk Avisa til Gagns, og at me turva meir en Halvparten av ein Manns Alder, fyrr en me skyna det rett, ifall me inkje læra Tydsk og andre Maal attaat, so vil det sannast, at det just inkje er myket verdt med den aalmennelege Gildskapen, som dette Maalet skulde hava. Det skulde vist inkje turvast so lang Tid til, at det norske Landsmaalet kunde faa ein Gildskap, som var lika so god og langt betre, og daa kunde ein ogso hava den Hugnad at hava eit Maal, som studde seg paa Rett og inkje paa Magt, eit Maal, som gav det sannaste Tekn av Tanken og Hugen aat Landsens Folk og soleides ogso maatte vera den gildaste Reidskap til at framhjelpa Kunnskap og Seda-Bot imillom Folket. | Det kling nokot undarlegt, naar det her er lagt slik ei Vigt paa, at det, som dette Maalet vantar, er ein aalmenneleg Gildskap (Gyldighed) eller „sann aalmenneleg Nationalitet“. At eit Bokmaal kann trenga til stødt og stendigt Bruk i nokre Aar, fyrr en det fær aalmenneleg Gildskap i alle Smaadeilder, det segja me inkje imot; men daa er det berre Tidi, som det gjeld um; dess fyrr at Bruket byrjar, dess fyrr vil Gildskapen koma. Men det undarlege er, at Dansken med all si framande Ifylling skulde hava ein større Gildskap fyre det norske Folket en Landsens eiget Maal. Det heng i Hop med det, som fyrr var paasleget, at eit Landsfolk aldri skal hava Lov til at velja seg eit Bokmaal, at alt skal ganga etter Hervinnings-Rett (Erobringsret) med Vald og Tvang og Ovrike, at alt, som eingong er paakomet ved eit blindt Tilfelle, skal sidan standa og hevdast, um det er aldri so uhøvelegt fyre Landsens Folk. Alle forvanskade Bygdarformer (Provincialismer), som ymse Bokmenner eingong hava teket paa Slump, skulo njota same Æra som dei rette gamle Former;<ref>Av slike Former, som berre ero Bygdarmaal og inkje rett dansk Normal-Maal, er der mange i Dansken, f. Ex. Møie fyre Møde, Veir (f. Veder), beile (f. bedle), Vei (f. Veg), Øie (f. Øge), høi (f. høg), seire (f. segre), lave (f. lage), flyve (f. flyge), Bue (f. Buge), Nælde f. Nedle.</ref> alle dei stygge vanskapte Ordi, som ero tillagade av tydsk og onnor framand Rot, skulo standa jamhøgt med dei beste heimelege Ordi og endaa kanskje vyrdast meir en desse; alle dei uhaglege framande Namn, som umaalkunnige Regjeringsmenner hava lagt paa sine nye Innreidningar, skulo standa urørde og vyrdast som heilage og ukrenkjande; alle dei harmelege Utskjemmingar, som ukunnuge Embættesmenner hava gjort ved dei gode gamle Gardsnamn og Mannsnamn og andre heimelege Namn i Landet, skulo alltid standa, som dei eingong ero sette;<ref>F. Ex. Rødø fyre Raudøy, Nødø fyre Nautøy, Egerø fyre Eikarøy; Hvidesø fyre Kviteseid, Østerraad fyre Austraatt o. s. v.</ref> og kort sagt: alt det Fuskarverk, som eingong er komet paa Papiret av eit Slumpehøve elder av eit vannkunnelegt og smaklaust Paafunn, det skal sidan standa ubrøytt um Alder og Æva, det skal alt vera gildt og gjengelegt til ævenlege Tider; og Folket — Folket skal berre læra og inkje mukka. Og so tilsidst skal heile dette paanøydde Fuskarverket kallast „Nationalitet“. Fyrst faa me eit Maal ifraa eit annat Land til Grunnlag, dernæst ei Tilskiping av alle heimelege Ting etter denne framande Maalformi, so at alle dei heimelege Ord, som inkje høva til denne Formi, skulo utestengjast, og at alle dei heimelege Ord og Namn, som ein inkje kann stengja ute, skulo lempast og vendast etter den framande Formi — og so dernæst ei Utfylling i dette Maalet av framande Ord ifraa alle Heimsens Hyrnor; — og endaa skal dette Maalet heita „nationalt“ og vera det einaste som er gildt og gjengelegt fyre Landslyden. Det strider imot alt Heimhøve, og endaa skal det vera det rette heimhøvelege; det strider imot Hugen og Smaken aat Landsens Folk, og endaa skal det vera det rette folkelege. Sannelega, naar ein høyrer slikt, skulde ein snaraste tru, at Landet hadde nyst voret hervunnet (erobret) av framande Folk, og at Hervinnararne hadde skift Landet imillom seg, so at dei sjølve skulde no vera den rette Landslyden og styra Landet aaleine. Det er klaart, at her er eit stort Mistak. Det er klaart, at eit Maal, som er soleides innført utan Rett og berre med Magt, kann aldri vinna nokor aalmenneleg Vedkjenning, nokor „livande Tileigning“ hjaa Landsens Aalmuge. Det maa drivast fram med Tvang; for Folket vil inkje læra meir av det, en som det er nøydt og tvingat til. Vistnog kann dei endaa faa ei viss Hevd, ein viss Gildskap med Tidi; men dette vil gjelda berre fyre ein liten Part av Landslyden; den største Parten vil standa utanfyre; og kvat Verknad dette vil hava paa den aalmennelege Upplysningi, kann lett lata seg tenkja. Skulde det uppdagast, at det, til Traass fyre den lange Hevdi, endaa inkje stend betre til, en at vaare greidaste Bøker trenga til ideleg Uttyding, at største Parten av Folket aldri kann skyna Maalet i ei norsk Avisa til Gagns, og at me turva meir en Halvparten av ein Manns Alder, fyrr en me skyna det rett, ifall me inkje læra Tydsk og andre Maal attaat, so vil det sannast, at det just inkje er myket verdt med den aalmennelege Gildskapen, som dette Maalet skulde hava. Det skulde vist inkje turvast so lang Tid til, at det norske Landsmaalet kunde faa ein Gildskap, som var lika so god og langt betre, og daa kunde ein ogso hava den Hugnad at hava eit Maal, som studde seg paa Rett og inkje paa Magt, eit Maal, som gav det sannaste Tekn av Tanken og Hugen aat Landsens Folk og soleides ogso maatte vera den gildaste Reidskap til at framhjelpa Kunnskap og Seda-Bot imillom Folket. |
Siste versjonen frå 30. oktober 2023 kl. 02:02
Denne teigen er førd yver frå ei papirutgåva og kann hava lyte. Sjå Innlesne bøker for fleire av desse. |
Ei rekkja teigar av Ivar Aasen, namnlaust i «Dølen», våren 1859 (nr. 18, 19, 21, 22, 23).
Nr. 18, 20. februar 1859:
Det vil vera mange, som minnast, at det no fyre eit Bil sidan var ein Strid um det norske Maalet, elder fyrst og fremst um Retten til at skriva Bøker i dette Maalet. Vistnog var det so med deim, som berre lesa dei største Avisorna, at dei fingo alt for liti Greida paa denne Saki; for so vidt eg minnest, var det eit elder tvau av dei store Dagbladom, som gav heile lange Talar imot det norske Landsmaalet, men inkje eit einaste Stykke til Forsvar fyre det; so at deira Lesarar vist maa ganga med myket uklaare og einsidelege Tankar um Tingen. Men so er det andre Folk, som kunna minnast, at der fraa ymse andra Sidor kom tvau elder try Innlegg til Forsvar og Verja fyre Landsmaalet; vistnog vaaro dei nokot stutte og samantrengde, so at eg vonar, at denne Parten hever myket meir til at segja, naar han fær Tid og Tilføre til det; men so var det daa alltid so myket, at ymse Grunndeilder av Spursmaalet vordo nokorlunda avgreidde. Det var merkande ved denne Striden, at det denne Gongen gjekk ut paa det reine Landsmaalet og inkje paa det sokallade dansk-norske som fyrr, og dernæst at Talsmennerne fyre Norsken talade i ein sterkare Tone, en dei fyrr hava gjort. Dette hadde dei vonlega lært av Motparten, sidan han no i sidste Tidom hadde sett alle sine Paastand fram med slik ein Djervskap og i slik ein avgjord Tone, som um han berre skulde segja: „So er det, og so skal det vera.“ Dette tyktest vel desse Talsmennerne hava vel so god Rett til som hine, og difyre svarade dei i same Tonen. „So er det, og so skal det vera,“ sagde dei ogso. Men som dette var nokot nytt og uvant, so vakte det ogso eit forfælande Staak paa Motsida; det var eit Forfang, som kravde ein ny Strid; det var eit Ovmod, som inkje skulde tolast. Og difyre komo daa dei store Avisorna setjande med all sin Herbunad, den eine fyre og den andre etter, og alle so samhugade, som um den eine hadde lært av den andre. No hadde eg tenkt, at det vilde koma ymse Talsmenner fyre Norsken og giva eit Motsvar til alle dei store Ordi, som no vaaro framsette; eg ventade, at det skulde koma no strakst etter Jolafreden, um inkje fyrr; eg hever vaktat og ventat lika til denne Tid, og det er inkje fritt fyre, at eg hever voret nokot gretten fyre det, at dei skulde vera so tagalle og lata hine segja alt kvat dei vilde. Vonlega tenkja dei so, at det hever voret sagt nog fyre deim, som vilde tenkja etter det, og at det er faafengt at bera Ljos fyre den, som inkje vil sjaa. Men det er ogso paatenkjande, at det er ein stor Hop, som trur paa den, som talar tidaste, og gløymer den, som talar sjeldan; og difyre er det so, at ein Leigomann i eit Dagblad hever ei stor Magt, anten han er kunnig elder ukunnig. Difyre tenkjer eg no, at vil inkje nokon annan, so vil eg, um eg endaa maa kjennast ved, at andre vilde hava gjort det myket betr en eg. For det var illa, at so mange store Ord skulde verda for snart avgløymde, naar det var nokot Sanning i deim; og me vita, kor det gjeng med dei store Avisom, naar dei verda nokre Dagar gamle; eg hever havt myki Møda med at finna dei Stykki, som eg helst vilde hava: men so hever eg daa funnet eit Nummer elder tvau, som innehalda riklega nog til at røda um. No vil eg taka det so, at eg deildar Stykki deira i ymse Rødor[1] elder Talar etter Samhengen og teker fram alt det sterkaste og kraftigaste, som dei hava sagt, og serlega ymse Kjerne-Setningar, som dei vonlega sjølve hava tykt best um, og som dei vonlega ogso hava fenget mest Ros fyre av sine Sidomenner. Og til kvar Røda seter eg ei liti Umrøda, det vil segja, eit Ordrag av det som me andre hava rødt og tenkt um Tingen.
Fyrste Røda.
(Or Morgonbladet fyre 25 November).
Den Setningi, at ei dansk Maalform eingong er innkomi i Staden fyre den norske, er vistnog sann, men ho inneheld langt ifraa inkje den heile Sanningi. „Hava dei gløymt det, elder vyrda dei det som ingen Ting, at det Maalet, som me (vi!) no tala og skriva i Norig, det hava me no talat og skrivet i Aarhundrad, so at me daa i alle Fall maa segjast at hava fenget Hevd paa det?“ — Skulde det vera eit framandt Maal, „som i Aarhundrad hever voret oss meir kunnigt en nokot annat“, og som er innelega samanvakset med dei finaste Tæger i vaar andelege Vokster, so at me inkje kunna riva oss ifraa det, utan at brjota ned det heile Kultur- Verket, som hever ført oss upp til det Stig, der me no standa? — Det er ogso hugsande, at dette Maalet hever fyrst fenget sin Tilskapnad etter den Tid, daa det var uppteket av det norske Folket, „og vist inkje utan munarleg Medverknad av dette Folket“. Og so skulde me inkje hava Rett til at kalla dette Maalet vaart? At det heitte Dansk, medan Norig var samfest med Danmark, var naturlegt, men annarleides maatte det verda „sidan det norske Folket hever heilaghaldet si Atterfødsla i dette Maal“, og „sidan Grunnlogi kallade det Maalet, som ho var skrivi paa, det norske Maal“. — Naar ein soleides skulde springa yver dei sidste Aarhundradi, so maatte me no anten „stava og uttala etter dansk Mynster“, elder ogso tala og skriva „Bondemaalet“. „Men det eine er lika so urimelegt, ja umogolegt som det andre“.
Umrøda.
Um det var sant, som Bladskrivaren synest meina, at hans Motpart hever inkje sagt den heile Sanningi, so gjerer han riklegt Attergjeld, med di han berre segjer alt det, som kunde høva til hans eigen Part, 02 læter alt det andre vera usagt. Me hava vist inkje gløymt, at der hever voret Folk i Norig, som hava skrivet Dansk i nokre Aarhundrad, og kanskje talat det og. Men det var nog ein liten Part av Folket, som kunde skriva, og det var ogso ein liten Part, som kunde tala i dette Maalet. Me, Landsfolket, hava her stadet utanfyre; vaare Forfeder hava inkje talat Dansk, um dei endaa kunde vera nøydde til at lesa det, og stundom ogso til at skriva det paa ein Maate. Saki er, at største Mengdi av Folket hever eit annat Maal, som hever gamall Grunn i Landet, og som paa sin Maate er „saman vakset“ med Vitet og Tanken hjaa dette Folket. Skal no Dansken ogso vera „vaart Maal“, so er det tvau Maal i Landet; men daa kunna dei inkje baade tvau hava lika full Rett til at heita Norsk. Det synest oss undarlegt, aat Maalet i ei Bok skal berre heita Dansk, naar ho er trykt i Danmark, men Norsk, naar Boki er avtrykt i same Maalet i Norig, elder at eit Stykke, som er avtrykt utan Umbrøyting or Berlingske Tidende i Morgonbladet, skal verda so braadlega umskapat til Norsk ifraa den Augneblinken, daa det er innkomet i det norske Bladet. Og dertil synast me ogso, at det maa vera ei stor Uskil imot dei Danske, at ein soleides skal taka Maalet deira og giva det eit annat Namn. No er det vistnog umtalat, at Dansken i Norig skal taka upp so mange norske Ord og Vendingar, at han inkje lenger kann heita Dansk; men eg ser aldri, at det verd nokot av med denne Upptakingi; helder ser eg, at dei upptekne norske Ordi verda litet vyrde og snart avgløymde, og at Maalet alltid kjem atter paa det gamle Laget. Og um det ogso skulde verda nokor Aalvora med det, so fekk vel Maalet halda sitt gamle Namn endaa; for det ser no ut til at vera Sed og Viis i andre Land, at Maalet skal hava sitt gamle Namn likafullt, um det hever uppteket aldri so mange Ord av eit annat Maal.
Den Medverknad, som det norske Folket skal hava havt i Tilskapnaden paa det danske Maalet, kunna me inkje rett verda vise paa; for naar me leita etter norske Ord elder Vendingar, som ero fyre Aalvora inntekne i Dansken, so finna me so ovlega litet, at det knapt er verdt at nemna. Det skulde vera Moro at sjaa eit Tal paa alle dei Ordi, som ero inntekne i Dansken av andre Maal; men daa vonar eg, at dei norske Ordi hadde gjort eit so litet Tal, at dei hadde reint komet burt, og helst naar dei komo attaat dei store Hundrad-Tali av tydske Ord, som ero komne til so stor Æra i dette Maalet. Det hever voret sagt, at ymse Nordmenner, og fyrst og fremst Holberg, skal hava ført ymse norske Vendingar inn i Dansken; men naar me sjaa etter i Holbergs Bøker, so verd det vist myket sjeldan, at me raaka paa nokot, som er norsk og inkje paa hans Tid kunde vera dansk. Det ser inkje ut til, at Holberg hever ført myket Norsk inn i Dansken; derimot er det myki Von til, at myket Dansk er innkomet i Norig med hans Bøker og helst med hans Komedier, som innehalda so mange danske Talemaatar, som no maatte verda kunnige og tilvande hjaa alle deim, som funno Gaman og Hugnad i denne Lesnaden.
Um no vaar Riksskipnad, etter Skilnaden fraa Danmark, vardt fyreskriven og avgjord i det danske Maalet, so er det inkje dermed avgjort, at me alltid skulo vera bundne til det same Maalet. Baade Grunnlogi og ymse andre Logjer laut skrivast i ei Hast, so der vardt inkje nokor Tid til at tenkja paa Maalet; det galdt um at giva Tanken eit Ordalag, som var klaart og kunnigt fyre dei Folk, som største Magti hadde, um det endaa var framandt fyre vaart eiget Folk; det galdt um at setja Tanken fast; sidan kunde det alltid verda Raad til at reinska og vøla paa Maalet. Men kvarhelst i Grunnlogi stend no det, at det Maalet, som ho er skrivi paa, er det norske Maal? Eg hever leitat og inkje funnet. Der stend, at alle Framsetningar av norske Saker i Regjeringi skulo stilast i det norske Maal, og at Kongs-Emni skulo verda upplærde i det norske Maal, men kvat Maal dette er, finn eg inkje um. Derimot finn eg (i § 92), at til Embættesmenner skal utnemnast berre Nordmenner, som tala Landsens Maal („Landets Sprog“), og her tykjest eg finna ei god Rettleiding. For det er stor Von til, at „det norske Maalet“ og „Landsens Maal“ i Norig er alt eitt og det same; og um dei, som skrivo Grunnlogi, inkje just hava tenkt paa det, som me no kalla Landsmaalet, so hever daa Tanken vist inkje voret langt ifraa det. Dei visste, at Landet burde hava sitt Maal, og sidan dei no inkje kunde vita, kor Maalet vilde skapa seg til etter Skilnaden fraa Danmark, so sette dei „Norsk“ fyre alle Tilfelle, og det var det klokaste, dei kunde gjera. Dei hava gjort det so kvæmt og maklegt fyre oss, at me gjema kunde bruka Landsmaalet til alle Ting, utan at brøyta eit einaste Ord i Grunnlogi.
Men kvat no andre hava tenkt elder inkje tenkt, so tenkja no me det same som fyrr, at Dansk er Dansk so vel i Norig som paa andre Stader, og at det norske Landsmaalet er nokot annat verdt en at vera berre eit Bygdarmaal under Dansken, dømt til at gløymast og avleggjast so fort, som det kann, so at Dansken kann raada og rikja aaleine. Me hava inkje funnet denne Røda sterk nog til at venda elder vikja vaar Meining til ei onnor Sida. Og dermed ganga me vidare til ei onnor Røda.
Andre Røda.
(Or same Blad og same Stykke).
Der er talat um, at Bondemaalet skal vera ført og kvæmt til at maalgreida alt, som vera kann; men det er ein daarleg Tale. Det grunnar seg paa den falske Fyresetningi, at eit Folk av fri Vilje skulde velja sitt boklege Meddeilings-Midel og soleides kunna spyrja etter, kvat som var det kvæmaste til at maalgreida alle Ting. Um Bondemaalet endaa var aldri so rikt og bøygjelegt, so vilde det daa hjelpa litet, so lenge det inkje røynlega (factisk) er det Maal, som me (!) tala, og som me hava fenget vaar Upplæring i. Og dernæst hever det inkje den Førleike, som ein maa krevja av eit Kultur-Maal paa denne Tid, av di det inkje hever fylgt med Kulturen elder fenget den Tilvokster og Dyrkning, som høyrer til vaart noverande Kunnskaps-Stig. Dei forbyta her kvat Maalet er, med kvat det kunde vordet. Den gamle Norsken var god fyre si Tid, men hans Tid er longo sidan forlidi, og i Staden fyre at fylgja med Tidi og utvidka seg framleides, er han innskrokken og samansokken til eit Bondemaal, som no naturlegvis inkje hever Ordalag fyre annat en dei Ting, som høyra til Bondelivet, og yver Hovud fyre dei Tankar, som kunna fella inn i Bondens tronge Umkverve.“
Umrøda.
Her er daa Talen komen inn paa Landsmaalet; for det er det, som her er kallat „Bondemaalet“. Det vilde vera myket at svara paa denne Røda; men me ljota taka alt paa stuttaste Maaten, so at Folk maa lesa det og inkje leidast.
Um den sokallade „falske Fyresetningi“, at eit Folk skulde sjølv kunna velja seg eit Bokmaal, kunde der vera ymist at segja. Me vita vel, at der er altfor mange Folk elder Landslydar, som inkje hava fenget Lov til at velja det Bokmaal, som dei helst vilde hava, av di at framande Herrar hava lagt Landet under seg og teket alt Valdet til seg, so at Landsens Folk hadde inkje til at raada. Det var Ovriket (Tyranniet), som gav Landet sin Skipnad og raadde so lenge, at baade Maalet og mangt annat var sett i det Lag, som Hovdingarne vilde. Men den norske Landslyden hever inkje voret sundrad ved nokon Folkafluttning elder underkugad av nokon framand Herstyrke; og um han endaa hever stadet under framandt Herredøme og lidet mange Tap ved det, so hever han daa korkje tapat sitt Maal elder tapat Retten til at dyrka og hevda det, likasom i gamle Dagar. Og um andre Folk hava lidet Urett og lotet finna seg i det, so er det inkje dermed avgjort, at vaart Folk skal gjera det same.
Naar her no er ein Hop, som kann segja, (som her stend), at „Bondemaalet er inkje det Maal, som me tala, og som me hava fenget vaar Upplæring i“, so er det vel merkande, at her er ein annan og myket større Hop, som kann segja nokot annat. Denne Hopen hever ogso fenget Uppseding og Lærdom paa sin Maate; hadde han inkje det, so hadde han inkje voret so greid til at eigast med, som han er. Det maa me vita, som ero komne av denne Hopen og hava fenget vaare beste Lærdomar fyre Livet av Bygdarfolk, som aldri hadde talat Dansk i sine Dagar. Det kann henda, at einkvar vil segja, at dette var ingen „Kultur“, og det kann og vera, at desse Folk hadde liten Kunnskap; men det kann ogso henda, at det framande Bokmaalet var ei Orsak hertil, og at denne Kunnskapen hadde vordet myket større, naar desse Folk hadde havt Bøker i eit Maal, som dei kunde kjennast ved og hyggja seg til.
Og no faa me høyra den store Setningi atter, at det norske Maalet er uduglegt, av di det „inkje hever fylgt med Kulturen“ elder fenget den Rikdom, som høver til vaar Kunnskap i desse Tider. Me hava høyrt dette fyrr og fraa fleire Kantar, og det seer ut til, at desse Folki tru, at dette skal vera den verste Meinstøyt fyre oss, den verste Stein i Vegen vaar, som me aldri kunna stiga yver. Difyre skulo me her sjaa etter, kvat denne Setningi kviler paa, og eg vonar, at me skulo visa, at ho ligg alt for laust til at hindra oss i vaart Framføre. Vaart fyrste Spursmaal er: Kvat Maal er det, som Norsken her skal kappast med? Var det Fransk elder Tydsk, so vilde desse Folki hava myken Rett; for det vantar oss myket imot den Ordmengdi og Førleiken, som desse Maali hava. Men no er det korkje Fransk elder Tydsk, som dette Maalet kjem i Kapprenning med; Ordalag fyre dei nye Skilningar, som fylgde med ein rikare Kunnskap og ei høgre Tenkning? Naar me sjaa „tter dette, so finna me mesta berre laant og framandt Gods i alle Krokar. Det er kunnigt, at den høgre Kunnskapen er komen sunnantil, og at det var dei sudlendske Maali, som fyrst vordo rettelega utgreidde. I nokor Tid var Fransken vyrd som ei Mynster paa eit fullkomet Maal; men paa same Tid hadde ogso Tydskarne drivet sitt Maal til ein stor Fullkomenskap med hagleg Bruk og Nytting av alle dei Røter og Former, som funnost i Landsens Maal, og med Avleiding og Samansetning til nye Ord fyre alle nye Skilningar i Kunnskapen. Dette var just det, som dei danske Bokmennerne skulde gjera i sitt Maal; men anten maa dei hava funnet for litet Emne i Maalet, elder og hava dei voret for litet kunnande til at gjera dette Verket; for det kann inkje dyljast, at det er nokot kleent gjort. Det seer ut til, at dei oftaste hava stadet so faste, at dei inkje visste onnor Raad en at taka det framande Ordet inn i Maalet. Me taka oss her nokre Exempel til Prøva paa Framgangen. Me vita, at Holberg og hans Samtidingar brukte mange Ord av fransk og latinsk Uppkoma, som sidan ero komne ut or Bruk; her er det Gaman at sjaa etter, kvat som er komet i Staden fyre desse Ordi, og daa finna me jamt og samt, at det er tydske Ord, som hava fenget Yvertaket. I Staden fyre Modestie hadde Tydsken Bescheidenheit, og dette vardt i Dansken til Beskedenhed (so illa det endaa maatte klinga i dette Maalet); i Staden fyre „Passion“ hadde Tydsken Leidenschaft, og dette vardt her til Lidenskab; i Staden fyre „Applaus“ hadde Tydsken Beifall, og dette vardt her til Bifald; i Staden fyre „public“ hadde han offentlich (ɔ: openleg), og dette vardt her til offentlig; i Staden fyre „regulair“ hadde han regelmäßig (ɔ: regelmaatig), og dette vardt i Dansken til regelmæssig.[2] Ofta hever det ogso gjenget so til, at baade det tydske og eit annat framandt Ord hever vordet standande med ein liten Skilnad i Tydingi; og soleides faa me stundom slike haarfine Greidingar som f. Ex. at „Indbyggere“ er Folk i eit Land, men „Indvaanere“ (T. Einwohner) er Folk i ein By; at „Baade“ er eit gamalt Namn paa Vinning, men „Gevinst“ (Tydsk) er Vinning i Spel, og „Profit“ (Fransk) er Vinning i Handel, o. s. v. Dei tydske elder halvtydske Ordi verda inkje eingong reknade som framande elder innførde i Framandordbøkerna (og ellers vilde no desse Bøkerna hava vordet alt for myket store); sume av deim hava ogso fenget ei liti Avklipping elder Umforming, so at dei inkje sjaa ut som tydske; f. Ex. Sprog (Sprache), Fornuft (Vernunft), frygte (fürchten), bedrage (betrügen), vidtløftig (weitlaufig). Slike Ord tykja me vera dei leidaste av alle; for det er endaa ei Trøyst med dei Ordi, som ero ei Sameiga fyre fleire av dei mest kunnande Folkaslagi (so som Ord av latinsk Uppkoma), men med slike Ord som desse halvtydske er det ingi Trøyst; dei ero inkje rett danske, og dei ero helder inkje nokot annat; dei ero inkje nokor Eign (Eiendom) fyre Landslyden, og dei ero helder inkje nokor Sameign fyre fleire Landslydar; dei stydja seg berre paa den Fuskar-Tanken, at naar berre all Ting kann hava eit Namn, so er det stødt det same, kvat Namn det er. Paa den Maaten er det ingen Vande i „at fylgja med Kulturen“; paa den Maaten er det lett at gjera eit „Kultur-Maal“ av det armaste og klenaste Bygdarmaal, som finnast kann; for det trengst inkje annat en berre at taka alle dei Ord, som ein kann minnast av utanlands Bøker, og slengja deim inn i Maalet, utan at velja elder vanda; og dermed er Kulturmaalet ferdigt. Slikt kann ein segja, er at „gjera eit Maal“ og at gjera det med Magt.
Men no hava me eit Ord meir til at segja. Desse framande Ordi ero inkje stort meir framande fyre oss en fyre dei Danske. Det hever so lenge voret buldrat paa med slike Ord i alle vaare Bøker, at me eingong maatte læra deim; me hava lært ei heil Mukka av deim jamsides med vaart eiget Maal, og naar dette skal heita „at fylgja med Kulturen“, so hever Norsken ogso fylgt med. Kvat hindrar oss no ifraa at bruka slike Ord i Norsken? Taka me slike Ord som: Nation, Kultur, Ideal, Original, Fantasie o. s. v., so hava dei vistnog eit framandt Ljodlag og støyta den heimelege Maalsansen; men dei ero inkje verre fyre oss en fyre ymse andre Folkaslag, som ogso bruka deim. Og taka me slike som: Anmodning, Begeistring, bestemme, Bisag, forbi, Forædling o. s. v., so er det vistnog leidt at laana slikt av Tydsken; men det er inkje større Skam fyre Norsken en fyre Dansken. No er det Tilfellet, at dei, som hittil hava skrivet i Landsmaalet, hava teket det myket strengt med Reinleiken i Maalet, so at dei inkje vilde taka slikt Laanegods inn i det; dei vilde freista paa det same, som Islendingarne hava gjort: at visa kor vidt eit Maal kann ganga utan Studning av andre Maal. Dei hava endaa voret so grannvare, at dei inkje vilde bruka den nyare Endingi „heit“ (f. Ex. Friheit, Ærlegheit), endaa det var inkje større Skam at bruka „heit“ i Norsken en „het“ i Svensken og „hed“ i Dansken. Det kann vera, at dette er for strengt, og at dei inkje venta, at andre skulo vera lika vandsame. Men dette er ei Sak fyre seg sjølv, som stend utanfyre Likningi med Dansken. Eit Spursmaal er det, um Norsken hever Grunnlag til eit Kultur-Maal lika so godt som Dansken, og eit annat Spursmaal er det, um Norsken kann fylla det heile Kravsmaalet utan Tilhjelp av framande Ord. Vil nokon segja, at vaar Norsk er alt for arm imot Dansken, so lat honom fyrst tenkja seg Dansken i same Fall, reinskad fyre alle framande Ord, dei tydske so vel som hine; lat honom freista at taka alle desse Ordi burt, og so skal han sjaa, kor langt han vil koma med Dansken. Det verd ingi rett Samanlikning, fyrr en Maali ero sette paa same Fot, anten baade tvau med Fylling av framande Ord, elder baade tvau i Grunnlaget utan framande Ord; det verd ingi rett Likning, naar det eine Maalet skal hava Lov til at bruka framande Ord i Tusund-Tal, men det andre skal inkje faa bruka eit einaste av deim. Naar no ymse Folk hava sett den reinskade Norsken i Likning med den ureinskade Dansken, so var dette eit stort Mistak, og naar dei so vilde segja, at Norsken inkje rekker halvt upp imot Dansken, so viser det berre, at dei hava fallet i ei Snara og blandat tvo serskilde Saker i Hop. Det vantar inkje annat, en at me no skulde gjera den Pretta at taka dei beste og lettføraste av dei framande Ordi inn i Landsmaalet, som me hava fullgod Rett til; daa vilde desse Folki vera nøydde til at segja, at dette Maalet ogso fylgde med Kulturen. Men anten me no taka mange elder faae av desse Ordi, so stend daa vaar Setning fast, at Norsken kann fylgja med Kulturen lika godt som Dansken.
Naar no denne Mannen i Morgonbladet segjer, at Norsken er samansokken til eit Bondemaal, som inkje hever Ordalag fyre annat en dei Ting, som høyra til Bondelivet, og dei Tankar, som fella inn i Bondens tronge Synsmaal, so er det høyrande til, at han inkje eingong vil vedkjennast, at her finst nokot Grunnlag til eit Kultur-Maal. Dette er nokot nytt at høyra fyre oss, som skulde kjenna Maalet best, og som tyktest hava funnet ein heil Rikdom av Ord fyre høge og store Tankar i det. Det er daa inkje neittande, at Bonden hever Namn paa baade mangt og myket, som han inkje kann sjaa med Augom elder taka paa med Handi. Kvat skulo me segja um slike Ord som: Saal, Ande, Guddom, Sæla, Hug, Von o. s. v.? Me taka her nokre Namn paa ymse Tilstand i Hugen, og setja den sedvanlege danske Umskrift til; soleides: Huglynde, dansk Gemyt (Tydsk Gemüth); Givnad, d. Anlæg (T. Anlage); Kjæta, d. Munterhed (T. Munterkeit); Sut, d. Bekymring (av T. bekümmern); Otte, d. Frygt (T. Furcht); Øsa, d. Hidsighed (T. Hitzigkeit); Minning, d. Erindring (T. Erinnerung); Gaum, d. Opmærksomhed (T. Aufmerksamkeit); Røynsla, d. Erfaring (T. Erfahrung). Slikt er ogso Tankar, som hava fallet inn i „Bondens tronge Synsmaal“; og slike Exempel hava me mange av. Me vilde havt endaa fleire, naar inkje Bøkerna og Lærararne so ofta hadde nøydt Bonden til at næma eit nytt og framandt Namn paa slike Ting og soleides læra tvau Maal i Staden fyre eit. Og naar Bonden endaa i fleire Aarhundrad kunde halda paa Fedramaalet, medan hans upplyste Landsmenner vende seg ifraa det og sette seg imot det, so er det gode Voner til, at han vilde halda det so myket fastare, naar Bokmennerne vilde gjera, som rett var, og hjelpa honom i at halda og hevda det heimelege Maalet.
Og soleides segja me um denne Røda som um den fyrre, at ho inkje hever voret sterk nog til at venda vaar Meining i minste Maate. Og dermed ganga me vidare til ei onnor Røda.
Nr. 19, 25. februar 1859:
Tridje Røda.
(Or Morgonbladet fyre 25de November).
Naar no Bønderne vaaro ein heil sjølvstandande Nation (elder Landslyd), so kunde endaa mangt henda. Denne Nationen maatte daa smaatt um Senn „stræva seg upp ifraa sitt barbariske Stand og utvidka sitt Maal i same Mun, som han utvidkade sin Tanke“. Men no ero Bønderne ingen Nation, men berre ein Deil av ein Nation; og dette gjerer ein fullkomen Grunn-Skilnad. Dei vilja tyngja oss ned med yvervigtuge Tal; det kling so stort med desse 12 elder 13 hundrad Tusund, som tala Bondemaalet, imot dei andre, som inkje tala det; men dette Bruk av Tal er her utan Meining. „Ja, naar desse 1200,000 budde fyre seg sjølv og hadde millom seg sjølv alle Elementi fyre ein Nation, hadde Riksskipnad og Regjering, Fylkestyring og Prestar o. s. v. fyre seg sjølv, so vilde det kanskje (!) inkje vera nokot umogolegt i, at dei igjenom nokre Aarhundrad’s Barbaraskap (!) smaatt um Senn kunde tilskapa ein eigen national Kultur og eit eiget Kultur-Maal.“ Men no stend inkje Bonden soleides einsaman; han gjerer berre eit Stand, og dette Standet er knytt fast til dei andre Standi og til eit heilt Kultur-Samlag, som alt no stend paa Høgdi av si Tid og eiger ein Tankarikdom og eit Maal, som seter det i Stand til at kappast med dei mest civiliserade Nationer i Europa; og ved den alt vidare og vidare avgreinade Innverknad, som dette Samlaget hever, verd ogso Bondestandet meir og meir dreget inn i Tryllekvervet under Civiliseringi og lyft upp til eit Stig, som det kanskje aldri, og i alle Fall berre gjenom myrke Aarhundrad’s Stridar, vilde hava naatt, naar det var yverlatet til seg sjølv.“
Umrøda.
Dette var ei stor Røda, ovlega stor i mange Maatar; og difyre hever ho ogso givet Tilføre (Anledning) til mange Umrødor, so at naar alt skulde koma paa Prent, so vilde det verda nokot drjugt. Men her faa me freista at halda oss til Saki og vera so stuttmælte, som me kunna.
Um no „Bønderne“ ero berre ein Deil av Landslyden, so er det daa vist, at denne Deilen er større en dei andre. Vistnog leggja me inkje stor Vigt paa Talet 1200,000; dette Talet maa hava voret framsett i ein tidlegare Strid; og me minnast inkje grant, um Saki daa var heilt igjenom den same som no. Men det er inkje so grant med, um Talet er nokot større elder mindre; naar det fyrst er avgjort, at dette Maalet er rikjande (herskende) yver største Viddi av Landet og hjaa største Mengdi av Landsens Folk; og dessforutan kunde det kanskje visa seg, at den andre Deilen av Folket kann ogso bera Kjensla paa dette Maalet, so at han med nokon Tilvane kann skyna det so vidt i Tale og Skrift, at det berre verd eit og annat Ord, som kann trenga til Tyding, og vel inkje fullt so mange Ord som i Dansken med all si framande Iblanding, som Folk inkje skynar utan mange Tydingar og mange Aars Tilvane. No kann det so vera, at eit Bondestand inkje gjerer ein heil „Nation“ elder Landslyd fyre seg sjølv; men daa verd det vel endaa vissare, at eit Embættesstand aldri kann gjera nokon Landslyd; skulde eit av desse Standi utgjera ein Landslyd einsaman, so maatte det daa helst vera Bondestandet. Eit Bondestand som utfyller største Parten av Landsens Folkamengd og er ættat ifraa Landsens gamle Ibuar, maa daa vel hava so gildt Emne til ein Landslyd, som nokon vil krevja; for det kann aldri vera Tvil ura, at Bonde-Søner kunna verda Embættesmenner og dugande Menner ogso. Det er ingi Naudtorv til, at alle Embættesmenner skulo vera Utlendingar med framande Namn og Titlar og med eit framandt Maal; for det kann ingen prova, at dette Folkaslaget skulde hava mindre Vit og Næme en alle dei andre, so at det alltid laut hava framande Folk til at styra i Landet.
Kvat er no ein Nation? Ordet kjem av Latinen og tyder eigenlega eit Føde,[3] ei Ætt elder Slægt, og dernæst ei Landsætt (elder Tjod), eit stort Folkaslag av same Uppkoma og soleides nokorlunda med same Hug og Seder, med same Maal og same Minne. Naar no slikt eit Folkaslag kann bu i eit Land fyre seg sjølv og skipa eit Rike, soleides som vaart Folk, so er det ein Landslyd. (Lyd er Familie.) No er Bondestandet alltid den største Parten i vaar Landslyd; og naar det no er avgjort, at Bønderne ero Landsens upphavlege (oprindelige) Folkaslag, og at deira Maal er Landsens upphavlege Maal, so er det ogso avgjort, at dette her er det heimlege, tjodlege elder nationale Maalet; det er dette, som høyrer Landet og Folket til. Kunnskap elder Kultur kjem inkje denne Saki ved; Folket kann trenga til Upplysning, og Maalet kann trenga til Dyrkning; men dette er eit annat Spursmaal, og derav fylgjer inkje at baade Folket og Maalet skulde vera uduglegt. Naar no Tidahøvi hava medført, at eit Bokmaal fraa eit annat Land er vordet kunnigt her i Landet, og at ymse Ætter hava lært seg dette Maalet, so er dette vistnog ein „historisk“ Tilburd; men endaa kann ingen segja, at dette innførde Maalet skulde no vera det rette heimlandske elder tjodlege (nationale) Maalet, elder at dei Folk, som tala det, skulde no vera den rette Landslyden. Dette vilde vera at snu alle Ting paa tvert. Det innførde Maalet hever her ingen Rett utan den, som Magt og Tvang elder Ovrike kunde giva det; og den Retten varer inkje lenger, en medan Magti varer; sidan er det alltid Raad til at reisa det rette Maalet uppatter, og um det endaa kann ganga smaatt i Fyrstningi, so er dog Tanken lika mogoleg fyre det. Alt dette, skulde me tru, maatte vera so greidt og klaart, at det vilde vera ein drjugvoren Djervskap, som skulde neitta det. Men naar det no skal heita, at det norske Bondestandet stend paa eit slikt Villmanns-Stig (elder „barbarisk Standpunkt“), at um det endaa hadde Regjering og Embættesmenner fyre seg sjølv, so skulde det endaa ljota ganga i Villmannskapen i nokre hundrad Aar, elder „igjenom myrke Aarhundrad’s Strid“, fyrr en det kunde koma til nokon Kultur med sitt eiget Maal, og at dette endaa vilde vera so utrulegt, at det var berre eit Kann-henda, eit „Maaskee“, um det endaa var mogolegt, — so er dette vistnog eit av dei største Skamord, som segjast kann, um Landsens Folk og um Landsens Maal. Etter denne Umlysingi er dette Maalet inkje stort betre en Rauting og onnor Læta, som ein høyrer av Feet, og Folket sjølv er inkje stort betre en Fe. Naar ein høyrer slikt, skulde ein snaraste tru, at det var ein lystig Prettemakar av vaare eigne Folk, som her var ute med nokre forvaagalege Speord og soleides vilde hjelpa vaar Sak paa ein uventad Maate. For at han hjelper vaar Sak, er det myket Likinde til. Naar alle dei gamle og gapalege Lastord imot Bondestandet verda soleides uppatter friskade, so er det Voner til, at dette Standet vil eggjast upp til at tenkja paa sin Rett, og at alle dei gilde Bondeborni, som hava strævat seg fram til Upplysning og Kunnskap, vilja leggja større Elske paa sin Nordmannskap og hevda og verja honom betr, en dei fyrr hava gjort. Og sidan desse Folk ero dei, som kjenna Maalet best og kunna verka mest fyre det, so er det lett at sjaa, kvat Tilstyrknad dette vil vera fyre vaar Part.
Og um me no vilde taka denne Talen berre som eit Lastord paa Maalet og inkje just paa Folket, so verd det endaa lika galet. Kvat er no dette for ein undarleg Tankaskapnad, at eit Folk, som no skal koma til Kultur med sitt eiget Maal, skal fyrst ganga nokre hundrad Aar tilbaka og gjera uppatter alt det, som gjort er fyrr. Me skulde daa tru, at den Lærdomen, som Verdi no hever vunnet i desse Aarhundradi, maatte vera ein vunnen Skatt fyre alle Folkaslag, og ein Skat, som aldri nokot Folkaslag kunde missa ved det, at det tok eit nytt Bokmaal i Bruk. Kor skulde det ganga til, at eit Folk so braadlega skulde gløyma alt, som det hadde lært, at det laut til at liva uppatter dei avlidne Aarhundradi ein Gong til? Fylgjer det med, naar ein Mann lærer eit annat Bokmaal (f. Ex. Svensk elder Islandsk), at han skal riva seg laus ifraa Kulturen“ og gløyma alt det, som han fyrr kunde? Dette er daa reint at fara i Ørska; det er at røda beint burt i svarte Natti. Er det nokon sann og verkleg Vinning i denne lovsungne Kulturen, so maa han kunna festa seg paa den eine Landslyden so vel som paa den andre, so maa han ogso finna Inngang i det eine Maalet so vel som i det andre, og i Vissa lika so godt i det norske Maalet som i det danske. Er det nokot Verd i dette umtalade Kulturmaalet, so maa det daa vera eit Maal fyre Tankar, som høyra til det aalmennelege Mannvitet; det maa hava Tankar, som kunna tydast og upplysast; det maa hava Ord, som kunna umbytast og umskrivast i dei serskilde Maali, og i Vissa lika so godt i Norsk som i Dansk. Det er soleides berre ei Tyding og ei Umbyting, som det her gjeld um; og dertil skulde vist inkje trengast nokre hundrad Aar; eit halvt Aarhundrad maatte vel vera nog, og berre paa ei tjugo Aar kunde store Ting lata seg gjera. Naar no Folk vilja neitta alt dette, so fær eg ein stygg Otte fyre, at det inkje maa vera rett voret med denne Kulturen, at det maa vera berre eit Skin utan Kraft, eit Skal utan Kjerne. Skulde Kulturen vera berre ein Stas, ein Mode, ei Etterherming av Storfolket i eit framandt Land, so verd det Størsteparten av vaart Folk, som inkje fær nokot godt av honom; men daa kunna me ogso vera lika glade; for det vilde inkje vera nokon Vinning i det fyre sjølve Folket. Og er Kultur-Maalet berre ei Etterherming av framande Ordalag, som ingen kann tyda elder klaara, so er det nokot, som inkje kjem Folket ved; det kann vera godt nog fyre ymse Smaalag i Kaupstaden, der Folk ero betre kjende i Utlandet en i sitt eiget Land; det kann vera godt nog til at gjera Smaakunster med i ein Talarstol elder i ein „Afhandling“; men det er inkje godt nog fyre Landslyden, fyre det heile Folket. Det norske Folket treng til greide og klaare Tankar, so vel som til eit heimelegt og høvelegt Maal; det er inkje vel teent med ei Ovmengd av blinde og skoddefulle Tankar, og helder inkje med ei Mukka av myrke og undarlege Ord, som lett kunna tena til eit Skalkaskjol fyre umogne Tankar og rein Tankaløysa, og som sedvanlega verda so mistydde og forvanskade, at dei berre føra til ein Slurveskap i Tenkningi og ei Utskjemming i Maalsansen, som me alt hava seet so riklege Merke paa, at me inkje hava Hug til at sjaa meir av same Slaget.
Og soleides verd det heile berre eit Paastand, at den norske Landslyden aldri kunde koma til Kultur utan det danske Maal. Og naar det berre gjeld um Paastand, so kunna me ogso setja upp eit Paastand fraa vaar Sida, og det lyder so: Hadde det norske Maalet voret uppteket som Bokmaal fyre longo sidan, so vilde Kulturen i Landet hava stadet langt betr, en han no stend, og Folket hadde voret meir kunnande, meir duglegt og meir vyrdt, en det no er.
Nr. 21, 13. mars 1859:
Fjorde Røda.
(Or Morgonbladet fyre 25de November).
Nei (heiter det), Bonden er inkje den norske Nation, og hans Maal er difyre helder inkje, som sovoret, det norske Maal. Det er godt nog til sitt Bruk, fyre det heimlege tronge Umkverve, som det er bundet til, men inkje til Bruk fyre Nationen, til at røkta dei Hugmaali (Interesser), som i Sanning ero aalmennelege, til den høgre Kulturen, som bind det heile Samlaget saman som eit Samlag; dertil saknar det Friheit og aalmenneleg Gildskap (Almeengyldighed); det hever hittil viist seg fullkomlega übrukande dertil, og ingen hever kunnat paavisa nokor Von til, at det eingong vil verda meir brukande. Me taka det uppatter: Kvat Bondemaalet vantar, er just sann aalmenneleg Nationalitet“. Vilde Folk berre minnast, at Maalet og Kultur-Stiget ero uskiljande sambundne! Det er berre ein logen (løiet) Rikdom, som Bondemaalet kann faa med det, at ein Aasen elder ein Vinje sitja og grunda paa, korleides ei og onnor Skilning (Begreb), som eigenlega er nokot framand fyre Bonden, paa ein meir elder mindre likleg Maate kann ordast i hans Maal; eit slikt Ordalag kann so inkje verda skynat av andre en deim, som kjende det fyrr i ei onnor Form, som det daa ved Gissning maa førast tilbaka til. Slikt er berre unaturlege Umvegar, og paa den Maaten kjem inkje Maal fram, inkje nokot livande med naturleg Innreidning, men berre i beste Fall eit Kunstverk, sedvanlega endaa berre eit Spotteverk (ein Karrikatur), utan Førleike og Fagerleike som utan indre Kraft og Liv, „ein Møkkurkalf av Leir med eit Merrarhjarta“.
Umrøda.
Dette var og ei stor Røda, som vist maa verda vel likad av deim, som tru, at Maalet i Morgonbladet er vaart rette Maal, og at slike Ord som: Sfære, Civilisation, organisk, Hensigtsmæssighed m. m. er altsaman store Fyremuner, som Dansken hever, og som det norske Landsmaalet vantar. Fyre ymse andre Folk vilja desse Sakerna syna seg i eit annat Ljos.
Naar det heiter, at Landsmaalet er godt nog fyre Bonden men inkje fyre Landslyden (Nationen). so kunde dette gjelda, naar det var berre eit forvanskat Bygdarmaal, som her var Tale um, og naar det var paakravt, at dette Bygdarmaalet skulde no strakst i dette Aar setjast i Staden fyre det innførde Bokmaalet; men nokot slikt hever inkje voret paakravt. Det hever inkje slik ei Braadhast med dette Maalet, at det no paa Timen skulde takast upp som Embættesmaal; det er langt betre Raad at fremda og dyrka det fyrst i nokre Aar paa andre Maatar. Men naar det dernæst heiter, at dette Maalet hever hittil vist seg heilt ubrukande til Greiding av dei høgre Maalemni, som høyra Landslyden til, so er dette nokot, som eg inkje kann skyna. Kvarhelst er det, at dette Maalet hever voret freistat til sovoret Bruk og viist seg reint übrukande? Me visste inkje rettare, en at Norsken hever lika so god Raad paa Ord som Dansken, og naar norske Ord vanta, hever han same Retten som Dansken til at bruka framande Ord. Og nokre ukunnige og uhage Freistnadar (Forsøg) ero her inkje vyrdande. Um ein Mann, som inkje kunde Maalet, vilde setja seg til at skriva i det, og han daa kom i Knipa, som ventande var, so er dette inkje til at retta seg etter; det hever eit annat Lag med den, som kann Maalet, en med den, som inkje kann det. Og um nokon vilde tolka slike Skilningar som Metafysik, Naturfilosofie o. s. v. med eit einaste Ord paa Norsk, og han daa fann det reint raadlaust, so er helder inkje dette til at retta seg etter. Det skal ingen krevja, at Maalet skal hava Ord fyre alle slike Ting, som aldri kunna verda nokot aalmennelegt Vitmaal; slikt finst inkje nokot heimelegt Namn paa i andre Maal helder, og lika so litet i Dansken som i Norsken.
Det kling nokot undarlegt, naar det her er lagt slik ei Vigt paa, at det, som dette Maalet vantar, er ein aalmenneleg Gildskap (Gyldighed) eller „sann aalmenneleg Nationalitet“. At eit Bokmaal kann trenga til stødt og stendigt Bruk i nokre Aar, fyrr en det fær aalmenneleg Gildskap i alle Smaadeilder, det segja me inkje imot; men daa er det berre Tidi, som det gjeld um; dess fyrr at Bruket byrjar, dess fyrr vil Gildskapen koma. Men det undarlege er, at Dansken med all si framande Ifylling skulde hava ein større Gildskap fyre det norske Folket en Landsens eiget Maal. Det heng i Hop med det, som fyrr var paasleget, at eit Landsfolk aldri skal hava Lov til at velja seg eit Bokmaal, at alt skal ganga etter Hervinnings-Rett (Erobringsret) med Vald og Tvang og Ovrike, at alt, som eingong er paakomet ved eit blindt Tilfelle, skal sidan standa og hevdast, um det er aldri so uhøvelegt fyre Landsens Folk. Alle forvanskade Bygdarformer (Provincialismer), som ymse Bokmenner eingong hava teket paa Slump, skulo njota same Æra som dei rette gamle Former;[4] alle dei stygge vanskapte Ordi, som ero tillagade av tydsk og onnor framand Rot, skulo standa jamhøgt med dei beste heimelege Ordi og endaa kanskje vyrdast meir en desse; alle dei uhaglege framande Namn, som umaalkunnige Regjeringsmenner hava lagt paa sine nye Innreidningar, skulo standa urørde og vyrdast som heilage og ukrenkjande; alle dei harmelege Utskjemmingar, som ukunnuge Embættesmenner hava gjort ved dei gode gamle Gardsnamn og Mannsnamn og andre heimelege Namn i Landet, skulo alltid standa, som dei eingong ero sette;[5] og kort sagt: alt det Fuskarverk, som eingong er komet paa Papiret av eit Slumpehøve elder av eit vannkunnelegt og smaklaust Paafunn, det skal sidan standa ubrøytt um Alder og Æva, det skal alt vera gildt og gjengelegt til ævenlege Tider; og Folket — Folket skal berre læra og inkje mukka. Og so tilsidst skal heile dette paanøydde Fuskarverket kallast „Nationalitet“. Fyrst faa me eit Maal ifraa eit annat Land til Grunnlag, dernæst ei Tilskiping av alle heimelege Ting etter denne framande Maalformi, so at alle dei heimelege Ord, som inkje høva til denne Formi, skulo utestengjast, og at alle dei heimelege Ord og Namn, som ein inkje kann stengja ute, skulo lempast og vendast etter den framande Formi — og so dernæst ei Utfylling i dette Maalet av framande Ord ifraa alle Heimsens Hyrnor; — og endaa skal dette Maalet heita „nationalt“ og vera det einaste som er gildt og gjengelegt fyre Landslyden. Det strider imot alt Heimhøve, og endaa skal det vera det rette heimhøvelege; det strider imot Hugen og Smaken aat Landsens Folk, og endaa skal det vera det rette folkelege. Sannelega, naar ein høyrer slikt, skulde ein snaraste tru, at Landet hadde nyst voret hervunnet (erobret) av framande Folk, og at Hervinnararne hadde skift Landet imillom seg, so at dei sjølve skulde no vera den rette Landslyden og styra Landet aaleine. Det er klaart, at her er eit stort Mistak. Det er klaart, at eit Maal, som er soleides innført utan Rett og berre med Magt, kann aldri vinna nokor aalmenneleg Vedkjenning, nokor „livande Tileigning“ hjaa Landsens Aalmuge. Det maa drivast fram med Tvang; for Folket vil inkje læra meir av det, en som det er nøydt og tvingat til. Vistnog kann dei endaa faa ei viss Hevd, ein viss Gildskap med Tidi; men dette vil gjelda berre fyre ein liten Part av Landslyden; den største Parten vil standa utanfyre; og kvat Verknad dette vil hava paa den aalmennelege Upplysningi, kann lett lata seg tenkja. Skulde det uppdagast, at det, til Traass fyre den lange Hevdi, endaa inkje stend betre til, en at vaare greidaste Bøker trenga til ideleg Uttyding, at største Parten av Folket aldri kann skyna Maalet i ei norsk Avisa til Gagns, og at me turva meir en Halvparten av ein Manns Alder, fyrr en me skyna det rett, ifall me inkje læra Tydsk og andre Maal attaat, so vil det sannast, at det just inkje er myket verdt med den aalmennelege Gildskapen, som dette Maalet skulde hava. Det skulde vist inkje turvast so lang Tid til, at det norske Landsmaalet kunde faa ein Gildskap, som var lika so god og langt betre, og daa kunde ein ogso hava den Hugnad at hava eit Maal, som studde seg paa Rett og inkje paa Magt, eit Maal, som gav det sannaste Tekn av Tanken og Hugen aat Landsens Folk og soleides ogso maatte vera den gildaste Reidskap til at framhjelpa Kunnskap og Seda-Bot imillom Folket.
Lika so undarlegt er det, naar det her heiter, at det er ein logen Rikdom („en løiet Rigdom“), som Landsmaalet kann faa med det, at ein Mann elder tvo seter seg til at grunda paa, kor eit framandt Ordalag skulde tolkast i dette Maalet. Eit slikt Verk hever daa voret freistat i ymse andre Maal, og soleides og i Dansken (um det endaa er smaatt og litet, som fyrr er sagt); det er soleides ein liten Hop av danske Ord, som vist maa vera tilkomne paa den Maaten; f. Ex. Yndling (fyre Favorit), Medbeiler (Rival), Hærfører (General), Sagfører (Prokurator), Haandskrift (Manuskript), Lærebygning (System), Grundsætning (Princip), lodret (perpendikulær), vandret (horizontal), grundlægge (fundere), afvæbne (desarmere). Alt slikt er, etter vaar Tanke, gode danske Ord og ein god Tilvokster fyre Dansken; men etter denne Lærdomen skulde det altsaman vera „ein logen Rikdom“. Derimot skulde det vera ein sann og rettfengen Rikdom i dei Ordi, som ero tekne ut or andre Maal, f. Ex. anbefale, beskjæftige, bibeholde, bibringe, erkjende, foranstalte, gestalte sig, geskjæftig o. s. v. Um so var, so maatte det vera ein Rikdom fyre framande Folk, og serlega fyre innflutte Folk av tydske Ætter; og av slike maa der vist vera mange baade i Danmark og Norig, sidan me finna so mange tydske Ættarnamn i Avisom og Adresse-Bokom. Men nog derum; me lasta korkje Tydsken elder Borni hans; men det er vaar fyrste Skylda (Pligt) at tenkja paa vaart eiget Landsfolk, og desse Folki trenga stundom til nokot, som korkje er Tydsk elder Dansk; dei hava Rett til at krevja nokot, som hever ein heimeleg Klang, og det skulde vel inkje vera nokot Narreverk at hjelpa deim til at faa dette Kravet uppfyllt.
Enden paa heile det store Stykket er den, at av slikt Stræv kjem berre eit Spotteverk utan Liv og Førleike, ein „Møkkurkalf“ av Leir med eit Merrarhjarta. Dei sidste Ordi skulde vist hava myket paa seg, sidan dei stodo prentade med store Bokstavar. Men eg kann slett inkje finna nokon Visdoms-Brunn i desse Ordi. Møkkurkalve[6] var ein Leirmann, som Jøtnarne (Jutlarne) hadde gjort til ei Skræmsla fyre Thor, som dei stridde med; dei gjorde honom so stor, at han var nio Raster (Miler) høg og tri Raster yver Akslerna, og so toko dei eit Hjarta or ei Merr og sette i honom, men det var for litet til slik ein Kropp, og difyre var han so rædd og modlaus, at Drengen, som Thor hadde med seg, slog honom ned utan Motstand. Eg veit inkje, kvat Likning dette skal hava med denne Maalfreistnaden; her er ingen, som hever tenkt at dikta eit Maal av ingen Ting; her er berre tenkt paa at taka eit fyreliggjande livande Maal og reinska og dyrka det paa same Maaten som andre Maal. No kann det alltid vera so, at ein slik Freistnad vil vera nokot ustød i Fyrstningi, med di at det er inkje alle, som strakst kunna raaka paa dei rette Ordi; men slikt kann alltid retta seg med Tidi, naar betre Rettleidingar koma til. Det er ellers merkande, at det trengst ei god Maalkunna til at døma um, kvat som her er rett elder urett; fyre ukunnige Folk vil det stundom sjaa ut, som um det var Fusk altsaman, um det endaa hever den beste Grunn. Men det vil daa ogso vera eit stort Fusk, som skulde vera verre en den Skøyteløysa at taka Ord ifraa alle Heimsens Hyrnor og slengja inn i Maalet og soleides stopla upp ei uhorveleg Mukka av framande Ord med blinde Tankar, som ingen skynar til Gagns, fyrr en han hever studerat tvau elder try andre Maal. Slikt skulde helder kunna liknast med Møkkurkalven. Ein Talsmann fyre Dansken hever her litet til at skrøyta av. Til Traass fyre den umtalade Aarhundrada-Hevdi, er det daa knapt eit hundrad Aar sidan Dansken fekk nokorlunda den Form som han no hever, og endaa stend det inkje betre til, en at det finst i minsto tvo serskilde Skrivemaatar; ja det verd endaa stundom sagt, at kvar Skrivande hever sin eigen Maate. Men slikt er aldri verdt at taka til Exempel, og inkje trengst det um det helder, sidan det no er betre Aatgang til ei god Maalkunna, en det hever voret i fyrre Tider. Og kor det no kann vera med dette, so skulde me tru, at ein Freistnad paa at reinska Maalet, og tilskipa nye Ord av dei gamle Røter i sjølve Maalet, maatte vera ei god Gjerning, som helder skulde hava Lov en Last. Og paa den Maaten er det ogso, at dei beste Maali hava fenget si Fylla og sin Førleike.
Og soleides enda me denne Umrøda som dei fyrre med det, at me inkje hava funnet Grunnar, som vaaro sterke nog til at venda oss ifraa den Tanken, som me fyrr vaaro komne til.
Nr. 22, 20. mars 1859:
Femte Røda.
(Or Christiania-Posten fyre 3dje December).
Det høyrer meir til eit Kultur-Maal en berre ein formleg (formell) Rikdom; ein slik Rikdom hjelper til ingen Ting, sosnart som desse Formerna i Grammatik og Ordbok inkje heilt og haldet samsvara til det indre Fremda-Stig (Dannelsestrin), som Folket er komet til; og eit høgre Kultur-Stig krever andre Former en eit laagare. — Um Ljodlag og Formlag og Ordskapnad er altsaman nog so vænt i Aalmuga-Maalet, so kann det endaa vera lika uført fyre ein Kultur, som høver til Tidi. Og det er det; for det stend paa eit myket eldre maalkunnelegt Stig (lingvistisk Standpunkt) i alle Maatar en vaart Bokmaal.[7]
Umrøda.
At eit høgre Stig i Upplysning vil stundom krevja ei større Ordmengd en eit laagare Stig, er nokot, som inkje hever voret motsagt; men at det skulde krevja andre „Former“ i Maalet, er nokot, som kunde vera tvilsamt. Det kann sjaa soleides ut, naar ein liknar ymse nyare Maal med dei gamle, med di det nyare Maalet hever stundom stuttare Former og færre Bøygningar en det gamle; men det er inkje avgjort, at just denne Umbrøytingi stend i Samanheng med Framgangen i Kulturen, elder at det skulde vera nokor Naudsyn (Nødvendighed), at Formerna soleides skulde klippast og kverva saman, etter kvart som Kunnskapen gjekk fram. Dei nyare Maali, som no ero mest i Vyrdnad, ero uppkomne paa ei Tid, daa Kunnskapen stod paa eit laagt Stig; og endaa vardt det lenge, fyrr en Kunnskapen fekk nokon Framgang. No i dei sidste Tidom hava derimot mange Folkaslag gjort store Framstig, men Formerna i Maali hava endaa haldet seg ved det same Lag som fyrr. Um Islendingarne er sagt paa ein annan Stad, at dei „standa tilbaka, fyredi deira Maal er Gamall-Norsk“; men dette kann knapt vera sant. Islendingarne hava ogso gjort Framstig; og det seer endaa ut til, at sidan Bokmennerne deira toko til at reinska Maalet og føra det atter paa det gamle Laget, hever Upplysningi der stiget sterkare fram en nokot Sinn fyrrmeir. Og um det endaa skulde finnast, at dei stodo tilbaka i nokon Maate, so vilde det vel knapt kunna skuldast paa Alderdomen i Maalet; helder maatte ein skulda paa ymse andre Orsaker og serlega den, at dei ero eit myket faament Folk, som bur so tunt og einbølt paa eit langt avsides liggjande Øyland, og som dertil hever livt i Armod og ufritt Tilstand i lange Tider. Men ifall ein skal døma etter det store Tal paa Folk, som halda Avisor og Tidsskrifter i dette Landet, so er det myket likt til, at dei standa nokot so nær jamsides med andre Folk, og at Kunnskapen hever gjenget storlega fram i dei sidste Tider. Og lika eins er det med ymse andre Folkaslag, som hava eit Maal med myket gamle Former og endaa hava gjenget fort fram i Upplysning. Endaa det svenske Maalet stend paa eit Stig, som er myket likt med det norske, og som etter denne Synsmaaten er eldre en det danske. Men det beste Exemplet finna me i det tydske Bokmaalet elder Høgtydsken; dette Maalet hever endaa ei stor Mengd av Former fraa den gamle Høgtydsken, Former som ero myket eldre en baade dei svenske og dei norske; i Bøygningi hever det endaa sine fjore (4) Kasus i Substantiv og Adjektiv, tri Personalformer i Verbet og dertil eit fullkomet Konjunktiv; i Ljodlaget hever det Tviljod i stor Mengd og meir en den gamle Tydsken, sidan der endaa er innkomet Tviljodar i Staden fyre einsette Ljodstavar (enkelte Vokaler), f. Ex. Eis, Haus, Braut (i Gamall-Tydsk : is, hus, brut.[8] Dette er myket meir en det, som Norsken hever, og med all denne Mengdi av gamle Former i Maalet hava daa Tydskarne gjenget soleides fram, at dei hava lært baade seg sjølv og ymse andre Folk, so at vist ingen kann segja, at dei standa tilbaka i Kulturen. No legg eg inkje so stor Vigt paa Exempel i ei Sak, som ein kunde skyna dessforutan med god Ettertanke; men naar Exempli standa soleides til Reido og ero so nær ved Handi, so kann det no alltid vera Raad til at bruka deim. Og etter denne Umsyni maa eg tru, at „det maalkunnelege Stiget“, som Maalet stend paa, inkje gjerer so ovlega myket fraa elder til fyre Framgangen i Kunnskap og Kultur. Men kor det no kann vera med dette, so er det vist, at det norske Landsmaalet, soleides som det no er skipat, inkje stend paa nokot forgamalt Stig fyre Kulturen; og um det endaa hever eldre Former en det danske, so er det daa solangt ifraa, at dette kann vera Maalet til nokot Hinder, at det tvertimot av maalkunnige Folk maa verda haldet fyre ein Bate og inkje fyre ein Skade.[9]
Og dermed tenkjer eg, at me lata denne Røda fara.
Nr. 23, 27. mars 1859:
Sétte og sidste Røda.
(Or Morgonbladet fyre 5te December).
Det er ogso ein urimeleg Ting at tenkja, at eit Maal, som er soleides tillagat som dette, kunde no hava Von um at faa nokon Framgang og stiga i Staden fyre det, som eingong er komet i Hevd. Alle Grunnar ero fullkomlega magtlause mot den handgripelege Røynskapen, at denne Tanken er reint ufullførande. Me kunna soleides vera trygge; det vil inkje koma nokot ut av dette Strævet. Det verste ved Tingen er, at det kann gjera Folk misnøgde med det Tilstandet, som er, og hindra Folk ifraa at leggja Vinn paa det Maalet, som me eingong hava fenget. Noko annat er inkje at ottast fyre.
Umrøda.
Dette skal ventelega vera det største Meinsvar, som skal gjera alle Motmæle til inkjes. Og naar det berre var Sanning, so vilde det ogso vera eit dugande Motsvar, som kunde vera nog til at gjera Ende paa heile Trætta. Men daa kunde desse Folki hava spart seg myki Møda. Kvi skulde dei strida mot ein Ting, som inkje er til og inkje kann vera til? Det var aldri verdt at gjera slike staakande Stormlaup imot ein umogoleg Ting; det var lika so godt at sjaa til i Stilla og lata Galskapen ganga sin skeive Gang og tyna seg sjølv so snart som mogolegt. Men det seer ut til, at Saki stend paa for gode Føter til det, at ho soleides skulde stupa i Koll, med same ho hadde reist seg.
Hadde no Tanken voret den, at det norske Landsmaalet paa ein einaste Gong skulde driva det danske reint ut or Landet, so vilde desse Folki hava nokon Rett; men slikt hever vist inkje voret paatenkt, utan det skulde vera av Folk, som inkje hava Skyn paa Tingen. Det hever voret talat um, at Folk vilja riva ned eit gamalt Hus og so standa husville, til eit nytt er bygt; men denne Likningi høver inkje her; det trengst aldri um at riva fyrst og byggja sidan; her er Tuft nog til eit nytt Hus jamsides med det gamle, og den, som inkje vil hava det nye, kann halda seg til det gamle og sitja der i Ro og Fred til sin døyande Dag. Lat desse Folki skriva sine lærde Verk paa Dansk, paa Tydsk, elder paa kvat Maal som dei helst vilja; det vil vist vera deim uspart. Lat Embættessakerna ganga i det same Maal som fyrr, so lenge som det inkje er tilraadande at gjera nokon annan Skipnad. Der er ymse andre Ting til at freista med i dette Maalet, slike som Bøker og Skrifter til Upplysning fyre Folket, og desse Ting hava i vaare Dagar eit stort Gange-Rom fyre seg, og dei vilja faa det endaa større med Tidi.
Det vilde no og vera undarlegt av dei Folk, som hava yppat denne Saki, um dei skulde vera so faatenkte, at dei aldri hadde gjort seg Greida paa, kor Saki skulde fullførast. Der maa daa finnast ymse Merke paa, at dei hava tenkt lika so myket paa Utføringi som paa Grunnlaget; og um det no kann ganga nokot seint med at visa slikt i Gjerningi, so er det daa alltid Raad til at visa fleire Prøvor og betre en dei, som hava voret framviste hittil. Det hever eit annat Lag med den, som kann eit Maal, en med den, som inkje kann det. At ein, som inkje kann det, maa standa fast og verda raadlaus, er ein sjølvgjeven Ting; men difyre skal han inkje tru, at ingen annan skal kunna. Og no trengst det inkje meir fyre det fyrste, en at det skal vera nokre, som kunna skriva, og nokre, som vilja lesa i dette Maalet; og naar dei lesande ero so mange, at dei kunna kaupa Upplag av prentade Bøker, so er det alt nokot til at byrja med; og sidan kann det vel verda meir med Tidi.
Og so er det eit gamalt Ord, at det, ein inkje kann, det kann ein læra. Ein lærer Tydsk, ein lærer Engelsk, ein lærer alt det, som ein tykjer Umaken verdt at læra; soleides kann ein ogso læra Norsk, naar ein hever nokot fyre seg til at læra av. Fyre Byfolk verd det inkje stort vandare en at læra Svensk; og fyre Landsfolk verd det inkje stort vandare en at læra eit nytt Bygdarmaal, naar ein er komen til eit annat Fylke i Landet. Og so er det ogso eit gamalt Ord, at det, som inkje kjem i Aar, kann koma eit annat Aar. Det kann kanskje ganga nokot ustødt i Fyrstningi baade med dei skrivande og dei lesande; men so er det ogso kunnigt, at dess lenger ein skriv i eit Maal, dess betr lærer ein at skriva; og dess meir Folk lesa, dess betr lesa dei. Og soleides kann ein læra nokot um Senn av dette som av alt annat. Og den, som inkje vil læra, kann lata det vera, som fyrr er sagt.
Dette kann alt vera nog fyre deim, som tru, at det finst Vit og Næme hjaa vaart Folk so vel som hjaa andre. Til den, som inkje vil tru nokot annat en det, han seer fyre Augom elder hever seet „Exerapel“ paa, vita me inkje nokot betre at segja, en at det er best, at han bidar til dess han fær sjaa nokot meir av dette; for endaa hever ingen seet Prov paa, at Tingen er umogoleg. Det er i Gjerningi at slike Tankar best kunna syna seg, og slikt kann inkje lett lata seg gjera paa eit Aar elder tvau, men likavel kann det verda gjort med Tidi, naar Saki verd drivi paa rette Maaten. Det hender mangt, som inkje alle kunna skyna. Eg hever høyrt fortelja um ein Sjomann paa Bergens-Sida, at daa han fyrste Gongen saag ein Eimbaat, sagde han, at denne Baaten var ein spotteleg Ting, som vist maatte venta seg Hemn og Refsing, fyredi han gjekk beint imot Guds Vedr og Vind. Men i Millomtider hever Eimbaaten gjenget sin Gang og fenget fleire til seg, og ingen hever seet nokor Refsing. Naar Bønder soleides visa Uvilje mot nye Ting, som dei inkje hava Skyn paa, so plaga dei faa høyra ei gomol Visa um, at dei ero gapne og skynlause, fulle av Fordomar, faatenkte og nærsynte og trongrømde (bornerede) i sine Skilningar. Men Fordomar og trongrømde Skilningar kunna stundom finnast hjaa andre en berre Bønder; og vist er det, at dei maa møtast med Grunnar og betre Upplysningar, kvar som helst dei finnast.
Men det vilja me tenkja, at der alltid vil finnast Folk, som kunna skyna og samtykkja desse Setningarne, at det rette heimelege Maal i Landet er det, som Landsens Folk hever ervt ifraa Forfedrom, fraa den eine Ætti til den andre, og som no um Stunder, til Traass fyre all Fortrengsla og Vanvyrding, endaa hever Grunnlag og Emne til eit Bokmaal, lika so godt som nokot av Grannfolka-Maali; at den rette Medferd med dette heimelege Maalet er, at det maa verda uppteket til skriftleg Hevding i si fullkomnaste Form, at det maa verda reinskat fyre dei verste framande Tilsetningar, aukat og rikat (beriket) ved Avleiding av si eigi Rot og etter sine eigne Reglar, og soleides uppreist og adlat ved eit verdigt Bruk; og at denne Hevdingi maa vera baade til Gagn og Æra fyre Landsens Folk, med di at dette er den beste Maate til at maalgreida (udtrykke) det heimelege Laget i Hugen og Tanken aat Folket, og til at fremja Kunnskap og Vithug (elder den einaste rette og sanne Kultur), og med det same til at visa Verdi, at ogso dette Folket hever Vit til at vyrda det gode, som det hever fenget til Arv og Heimanfylgja fraa uminnelege Tider.
Og hermed maa no desse Umrødorna hava ein Ende. Dei hava kanskje vordet alt for lange, av di her var so mange undarlege Ting at tala um. Ein skulde synast, at dei Folk, som ero imot denne Saki, maatte hava vissare Grunnar til at setja fram; ein skulde venta, at dei vilde segja, at dette er nokot nytt og ukjent, som vilde verda deim til Møda, at det er deim nokot uvant, som dei inkje finna Smak i, at dei soleides inkje kunna vera med og taka Lut (Deel) i det, og at dei fyre sin Part inkje tru, at det kann hava nokon stor Framgang. Hadde dei teket Saki paa den Maaten, so var det altsaman rimelegt og nokot, som ingen kunde undrast paa; det var nokot, som ein kunde tala fint og fagert um, og det burde ingen hava sagt deim eit vondt Ord fyre den Skuld. Men naar dei no koma og vilja døma Maalet berre etter sin eigen Smak og Vane, tvertimot all Maalkunna, og utan Umsyn til den Rett, som Landsens Folk maatte hava, so er dette nokot, som krever ei skarpare Motsegn; dette duger inkje til nokor Greiding av Saki; det fører inkje til nokot Framstig elder nokor Framhjelp fyre Sanningi; helder kunde det føra til ei Forvending av Sanningi fyre den store Hopen, som kunde trenga til betre Upplysning. Og naar dei dernæst liksom kappast um at leggja Lastord paa Maalet og paa deim, som bruka det, so kunna dei helder inkje venta seg mildare Svar, en dei sjølve hava gje vet; for naar ein skal verja ei Sak imot so mange undarlege Motmæle, so er det inkje lett at fara so fint fram, at ingen skulde verda støytt elder tykkjen fyre det. Eg tyktest inkje her hava nokon Grunn til at spara paa Ordi; men so hever eg daa alltid komet i Hug, at eg stridde med Meiningar og inkje med Menner. Og sidan det var berre unemnde (anonyme) Folk, som eg her hadde fyre meg, so kunde eg inkje helder vita, kvat Menner dei ero. Difyre set eg inkje nokot Namn under dette Stykket helder; og soleides kann det vera likt paa baade Sidor.
- ↑ Røda er her brukt i den rette gamle Tydingi: ein Tale elder eit Stykke av ein Tale. I den gamle Boki, som heiter Kongs-Spegelen, er ogso Samtalen avdeild i Rødor.
- ↑ Til større Upplysning skulo me her setja nokre Exempel til.
Hjaa Holberg: Tydsk: Derav: continuere fortsetzen fortsætte contribuere beitragen bidrage celebrere feiern feire favorisere begünstigen begunstige declarere erklären erklære attaqvere angreifen angribe provocere herausfordern udfordre promovere befordern befordre conqverere erobern erobre. - ↑ Latinsk nascere fødast, natus fødd, natio det fødde (elder samfødde); Ætt, Elde, Bøle. Dette er radt det same Høvet, som naar Folk paa Upplandet segja „eit Føde“ (Føe) um eit Bøle elder Lag av Ungar, serlega Puglungar, som ero komne or same Reidet.
- ↑ Av slike Former, som berre ero Bygdarmaal og inkje rett dansk Normal-Maal, er der mange i Dansken, f. Ex. Møie fyre Møde, Veir (f. Veder), beile (f. bedle), Vei (f. Veg), Øie (f. Øge), høi (f. høg), seire (f. segre), lave (f. lage), flyve (f. flyge), Bue (f. Buge), Nælde f. Nedle.
- ↑ F. Ex. Rødø fyre Raudøy, Nødø fyre Nautøy, Egerø fyre Eikarøy; Hvidesø fyre Kviteseid, Østerraad fyre Austraatt o. s. v.
- ↑ I Edda heiter det Møkkurkalfi, vonlega so myket som „Sky-Leggen“. Kalve er Tjukkleggen paa ein Fot, og Møkkur skal tyda Sky elder Skodda. Med „Kalv“ hever det inkje at gjera.
- ↑ Denne Røda er her teki serskilt, fyredi ho inkje vilde rett fella saman med dei fyregangande Rødorna. Um desse Ordi ellers skulo takast som ei Kjerne-Setning, er vandt at vita; for det er inkje lett at linna nokon Kjerne i dette Stykket i Posten. Der er talat myket att og fram, og ofta med slik ein kunstig Sving, at naar ein skal til at heimføra det paa sjølve Saki, so veit ein inkje rett, kvarhelst det skal høva. Det, som ein snaraste seer, er det, at Innsendaren hever havt ein stor Hug til at giva Folk Lastord. Motstandaren i „Nyhedsbladet“ fær soleides riklega paasmurt; han verd inkje berre skuldad fyre „Fraser" og „Manøvrer“ og urette Skilningar, men endaa fyre „komplet Konfusion“ og „komplet Misforstaaelse av baade Maal og Kultur“. Men alt slikt er no lettare at segja en at sanna; og det seer inkje ut til, at der er framkomet nokot fullnøgjelegt Prov paa, at desse Skuldingarne ero sanne. Det kunde endaa henda seg, at sumt av dette vilde høva just paa sjølve Stykket i Posten. Der er f. Ex. talat um „Fraser“, og no er der millom annat ei Setning i Posten, som lyder paa Lag som so: „Naar Aalmugamaalet inkje hever tilskapat nokot Bokmaal av seg“ sjølv, so er det fyredi, at det i Grunnen vantar Liv; men Liv er Framstig, og Framstig er Kultur; og honom er det nettupp det vantar. Men ingen gjord Normal kann giva det Kultur og Liv; for han (Normalen) er sjølv daud.“ Sovidt Posten. Er inkje dette „Fraser“, so veit eg inkje, kvat som skal vera det.
- ↑ Nokot slikt er stundom ogso Tilfellet i Engelsk; f. Ex. out, house, wide (veid), ride (reid), som i Angelsachsisk heitte ut, hus, vid, ridan. Ellers hever no det engelske Maalet, som kunnigt er, dei stuttaste Former og fæste (færreste) Bøygningar; men det hever det havt i fleire hundrad Aar, og lenge fyrr en der vardt nokon aalmenneleg Kunnskap i Landet.
- ↑ Det kann aldri vera nokon Vinning fyre eit Maal, at tvo elder tri serskilde Ljodar ero samanfallne til ein einaste Ljod, soleides som naar Dansken hever „d“ fyre baade „t“ og „d“, f. Ex. lede fyre leida og leita, elder „ø“ fyre au, øy og ø, f. Ex. bløde fyre blaute, bløyta og bløda. Den næraste Fylgja av slik Skipnad er den, at mange gamle Ord verda burtkastade, berre fyredi dei likjast paa ymse andre Ord og soleides lett verda mistekne; og derav fylgjer vidare, at Maalet verd armt og vanhjelpat, so at det lyt anten bruka same Ordi i mange ulike Tydingar elder ogso taka framande Ord til Hjelp.