Skilnad mellom versjonar av «Vikedagane»
s (→Mikedag) |
sInkje endringssamandrag |
||
(Éin mellomversjon av den same brukaren er ikkje vist) | |||
Line 26: | Line 26: | ||
''Ty'' kjem av [[frumgermansk]] ''*teiwaz'', [[frumindoeuropeisk]] ''*deywós'' ‘gud’, frå ''*dyew-'' ‘himel’. Av ''*deywós'' kjem au gr. ''Zeũs'' og lat. ''Jūpiter'' (< ''*Diu-pater''). | ''Ty'' kjem av [[frumgermansk]] ''*teiwaz'', [[frumindoeuropeisk]] ''*deywós'' ‘gud’, frå ''*dyew-'' ‘himel’. Av ''*deywós'' kjem au gr. ''Zeũs'' og lat. ''Jūpiter'' (< ''*Diu-pater''). | ||
På islendsk vert dagen kalla ''þriðjudagur'' ‘tridjedag’, og på færøysk | På islendsk vert dagen kalla ''þriðjudagur'' ‘tridjedag’, og på færøysk ''týsdagur''. | ||
=Onsdag= | =Onsdag= | ||
Line 36: | Line 36: | ||
''Oden'' kjem av [[frumgermansk]] ''*Wōdanaz'' av ''*wōdaz'', [[frumindoeuropeisk]] ''*weh₂t-''<!--''*u̯āt-'' eller ''*u̯ōt-''--> ‘vera od’, jf. nn. ''od''. | ''Oden'' kjem av [[frumgermansk]] ''*Wōdanaz'' av ''*wōdaz'', [[frumindoeuropeisk]] ''*weh₂t-''<!--''*u̯āt-'' eller ''*u̯ōt-''--> ‘vera od’, jf. nn. ''od''. | ||
På | På Færøyom hev Suderøyi ''ónsdagur'' (truleg etter dansk). | ||
==Mikedag== | ==Mikedag== | ||
Line 42: | Line 42: | ||
Eit anna namn på ''onsdag'' er ''mikedag''. Det er ei samandraging av ''midvikedag'' som kjem av [[gamalnorsk]] ''miðvikudagr''. Ordet hev ofte ''ø'' (< ''ỳ'') i talemålet, og ei millomform kann ha vore ''*myðku-'', jf. ''mørkedag'' (''rk'' < ''ðk'') i Telemark (Tinn). | Eit anna namn på ''onsdag'' er ''mikedag''. Det er ei samandraging av ''midvikedag'' som kjem av [[gamalnorsk]] ''miðvikudagr''. Ordet hev ofte ''ø'' (< ''ỳ'') i talemålet, og ei millomform kann ha vore ''*myðku-'', jf. ''mørkedag'' (''rk'' < ''ðk'') i Telemark (Tinn). | ||
Færøysk nyttar same namnet, ''mikudagur''. | Færøysk nyttar same namnet, ''mikudagur''. Islendsk hev ''miðvikudagur''. | ||
=Torsdag= | =Torsdag= | ||
Line 52: | Line 52: | ||
''Tor'' kjem av [[frumgermansk]] ''*þun(a)raz'' ‘tora’, frå [[frumindoeuropeisk]] ''*(s)tenh₂-''. | ''Tor'' kjem av [[frumgermansk]] ''*þun(a)raz'' ‘tora’, frå [[frumindoeuropeisk]] ''*(s)tenh₂-''. | ||
På islendsk vert dagen kalla ''fimmtudagur'' ‘femtedag’ | På islendsk vert dagen kalla ''fimmtudagur'' ‘femtedag’. På færøysk heiter han ''hósdagur'' (h < þ), so nær som i suderøymålet som hev ''tórsdagur''. | ||
=Fredag= | =Fredag= | ||
Line 66: | Line 66: | ||
I seinare gamalnorsk ([[millomnorsk]]) hét dagen au ''fræigjadagr''. Gamalsvensk hadde ''frēadagher''. | I seinare gamalnorsk ([[millomnorsk]]) hét dagen au ''fræigjadagr''. Gamalsvensk hadde ''frēadagher''. | ||
På islendsk vert dagen kalla ''föstudagur'' ‘fastedag’, og på færøysk | På islendsk vert dagen kalla ''föstudagur'' ‘fastedag’, og på færøysk ''fríggjadagur''. ''Fríggja-'' er framvaksi av ''frjá-'' og ikkje av ''*friggjar-''. Elvdalsk hev ''frjådag''. | ||
=Laurdag= | =Laurdag= | ||
{{Norsk Ordbog|Laugardag}} | {{Norsk Ordbog|Laugardag}} | ||
Namnet ''laurdag'' kjem av [[gamalnorsk]] ''laugardagr'' ‘laugedag’. På gamalnorsk hét dagen ''þváttdagr'' ‘tvåttdag’ au. Berre fyrste namnet hev halde seg til i dag. | Namnet ''laurdag'' kjem av [[gamalnorsk]] ''laugardagr'' ‘laugedag’. På gamalnorsk hét dagen ''þváttdagr'' ‘tvåttdag’ au. Berre fyrste namnet hev halde seg til i dag. Hjå [[Ivar Aasen|Aasen]] heiter dagen ''laugardag''. Målførelege former er m.a. ''laugurdag'' i Vinje, ''laug(e)dag'' på Raudland, ''lògu-'' / ''løgudag'' på Tinn, elles ''lau-'', ''lu(r)-'' ({{IPA|/lʉːɽa/}}), ''lor-'' og ''lø(r)-'' (/løːɽa/) sume stader. | ||
Tilsvarande latinske namn er ''diēs Saturnī'' og tyder ‘dagen åt Saturn’, guden for jordbruk. | Tilsvarande latinske namn er ''diēs Saturnī'' og tyder ‘dagen åt Saturn’, guden for jordbruk. | ||
På islendsk vert dagen kalla ''laugardagur'' og på færøysk | På islendsk vert dagen kalla ''laugardagur'' og på færøysk ''leygardagur''. |
Siste versjonen frå 26. mars 2022 kl. 01:13
Vikedagane hev på norsk sernamn som gjeng attende til samgermansk tid, då dagane fekk namn etter latinskt mynster. Her fylgjer ordsoga åt dei einskilde dagane.
Sundag
Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar | Detta ordet hev òg ein teig i Norsk Ordbog (1873): Sundag |
Namnet sundag kjem av gamalnorsk sunnadagr og tyder ‘dagen åt soli’.
Tilsvarande latinske namn er diēs Sōlis som au tyder ‘dagen åt soli’.
På islendsk og færøysk vert dagen kalla sunnudagur.
Måndag
Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar | Detta ordet hev òg ein teig i Norsk Ordbog (1873): Maandag |
Namnet måndag kjem av gamalnorsk mánadagr ‘dagen åt månen’.
Tilsvarande latinske namn er diēs Lūnae som au tyder ‘dagen åt månen’.
På islendsk og færøysk vert dagen kalla mánadagur.
Tysdag
Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar | Detta ordet hev òg ein teig i Norsk Ordbog (1873): Tysdag |
Namnet tysdag kjem av gamalnorsk týsdagr ‘dagen åt Ty’
Tilsvarande latinske namn er diēs Mārtis som tyder ‘dagen åt Mars’, stridsguden i romersk gudekunna, same som Ty er i norrøn.
Ty kjem av frumgermansk *teiwaz, frumindoeuropeisk *deywós ‘gud’, frå *dyew- ‘himel’. Av *deywós kjem au gr. Zeũs og lat. Jūpiter (< *Diu-pater).
På islendsk vert dagen kalla þriðjudagur ‘tridjedag’, og på færøysk týsdagur.
Onsdag
Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar | Detta ordet hev òg ein teig i Norsk Ordbog (1873): Onsdag |
Namnet onsdag kjem av gamalnorsk óðinsdagr ‘dagen åt Oden’.
Tilsvarande latinske namn er diēs Mercuriī som tyder ‘dagen åt Merkur’, guden for ferd og tjuvskap.
Oden kjem av frumgermansk *Wōdanaz av *wōdaz, frumindoeuropeisk *weh₂t- ‘vera od’, jf. nn. od.
På Færøyom hev Suderøyi ónsdagur (truleg etter dansk).
Mikedag
Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar | Detta ordet hev òg ein teig i Norsk Ordbog (1873): Mekedag |
Eit anna namn på onsdag er mikedag. Det er ei samandraging av midvikedag som kjem av gamalnorsk miðvikudagr. Ordet hev ofte ø (< ỳ) i talemålet, og ei millomform kann ha vore *myðku-, jf. mørkedag (rk < ðk) i Telemark (Tinn).
Færøysk nyttar same namnet, mikudagur. Islendsk hev miðvikudagur.
Torsdag
Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar | Detta ordet hev òg ein teig i Norsk Ordbog (1873): Torsdag |
Namnet torsdag kjem av gamalnorsk þórsdagr ‘dagen åt Tor’.
Tilsvarande latinske namn er diēs Iovis som tyder ‘dagen åt Jupiter’, kongen hjå gudane i romersk gudekunna.
Tor kjem av frumgermansk *þun(a)raz ‘tora’, frå frumindoeuropeisk *(s)tenh₂-.
På islendsk vert dagen kalla fimmtudagur ‘femtedag’. På færøysk heiter han hósdagur (h < þ), so nær som i suderøymålet som hev tórsdagur.
Fredag
Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar | Detta ordet hev òg ein teig i Norsk Ordbog (1873): Fredag |
Namnet fredag kjem av gamalnorsk frjádagr og hev soleîs rettare typeformi ‹frædag› som grunnlag for uttala i målføri.
Det latinske fyredømet er diēs Veneris ‘dagen åt Venus’, og for Venus er komi disi Frigg eller Frøya. På gamalnorsk hét dagen freyjudagr au. Formi frjádagr i staden for *friggjardagr må vera eit lån frå eit sudlegare germanskt mål, jf. til dømes gamalhøgtysk Frîatac utan norderlendsk skjerping.
Frigg kjem av frumgermansk *frijjō, frumindoeuropeisk *prihjā ‘elska kona’, skyldt m.a. frilla.
Frøya kjem av frumgermansk *frawjō ‘fruva, høgvyrd kona’, skyldt ord som fyre.
I seinare gamalnorsk (millomnorsk) hét dagen au fræigjadagr. Gamalsvensk hadde frēadagher.
På islendsk vert dagen kalla föstudagur ‘fastedag’, og på færøysk fríggjadagur. Fríggja- er framvaksi av frjá- og ikkje av *friggjar-. Elvdalsk hev frjådag.
Laurdag
Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar | Detta ordet hev òg ein teig i Norsk Ordbog (1873): Laugardag |
Namnet laurdag kjem av gamalnorsk laugardagr ‘laugedag’. På gamalnorsk hét dagen þváttdagr ‘tvåttdag’ au. Berre fyrste namnet hev halde seg til i dag. Hjå Aasen heiter dagen laugardag. Målførelege former er m.a. laugurdag i Vinje, laug(e)dag på Raudland, lògu- / løgudag på Tinn, elles lau-, lu(r)- (/lʉːɽa/), lor- og lø(r)- (/løːɽa/) sume stader.
Tilsvarande latinske namn er diēs Saturnī og tyder ‘dagen åt Saturn’, guden for jordbruk.
På islendsk vert dagen kalla laugardagur og på færøysk leygardagur.