Skilnad mellom versjonar av «Jamvektsmål»
sInkje endringssamandrag |
sInkje endringssamandrag |
||
Line 3: | Line 3: | ||
Denne jamvektsregelen tér helst att i [[kløyvd nemneform]]: ''tala'' mot ''kaste'' – og i linne hokynsord: ''viku'' mot ''gjente''. Desse formene er nytta ein del i skrift, med di dei vart knésette i [[midlandsnormalen]]. Men i [[målføri]] hev jamvektsregelen sett far etter seg i mest alle [[ordklassa|ordklassone]]. | Denne jamvektsregelen tér helst att i [[kløyvd nemneform]]: ''tala'' mot ''kaste'' – og i linne hokynsord: ''viku'' mot ''gjente''. Desse formene er nytta ein del i skrift, med di dei vart knésette i [[midlandsnormalen]]. Men i [[målføri]] hev jamvektsregelen sett far etter seg i mest alle [[ordklassa|ordklassone]]. | ||
=== | === Upphav === | ||
Upphavet til namnet og ovringi ligg i [[gamalnorsk]] tid. I austnorsk fekk då tvostavingsord med stutt rotstaving jamt trykk (jamvekt) på båe stavingane: <u>''ta''</u>-<u>''la''</u> – i motsetnad til ord med lang rotstaving, der hovudtrykket låg fyrst: <u>''kas''</u>-''ta'', <u>''ví''</u>-''sa''. Sidan er denne jamvekti kvorvi flest alle stader, men hev sett merke på sjølvljodet. | Upphavet til namnet og ovringi ligg i [[gamalnorsk]] tid. I austnorsk fekk då tvostavingsord med stutt rotstaving jamt trykk (jamvekt) på båe stavingane: <u>''ta''</u>-<u>''la''</u> – i motsetnad til ord med lang rotstaving, der hovudtrykket låg fyrst: <u>''kas''</u>-''ta'', <u>''ví''</u>-''sa''. Sidan er denne jamvekti kvorvi flest alle stader, men hev sett merke på sjølvljodet. | ||
=== Bruk === | |||
* Liste yver [[jamvektsord]] |
Versjonen frå 9. august 2007 kl. 19:05
Jamvektsmål heiter det talemålet eller skriftmålet der ord med tvo stavingar er skifte i tvo ulike bolkar: éin der sjølvljodet i endingi hev haldi på det fulle laget sitt: [a], [ʉ], [i] osb. – og éin der endingsljodet er avveikt, helst til [ə].
Denne jamvektsregelen tér helst att i kløyvd nemneform: tala mot kaste – og i linne hokynsord: viku mot gjente. Desse formene er nytta ein del i skrift, med di dei vart knésette i midlandsnormalen. Men i målføri hev jamvektsregelen sett far etter seg i mest alle ordklassone.
Upphav
Upphavet til namnet og ovringi ligg i gamalnorsk tid. I austnorsk fekk då tvostavingsord med stutt rotstaving jamt trykk (jamvekt) på båe stavingane: ta-la – i motsetnad til ord med lang rotstaving, der hovudtrykket låg fyrst: kas-ta, ví-sa. Sidan er denne jamvekti kvorvi flest alle stader, men hev sett merke på sjølvljodet.
Bruk
- Liste yver jamvektsord