Skilnad mellom versjonar av «Gustav Indrebø»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
Inkje endringssamandrag
 
(Redirected page to Gustav Indrebø)
 
Line 1: Line 1:
'''Gustav Indrebø''' (1889–1942) må kallast fremste målreisaren etter [[Ivar Aasen]]. Fødd i Samnanger, grunnleggjande barneår i Jølster i Sunnfjord. Student 1908. Lærareksamen Oslo 1910. Filologisk embættseksamen med «Innstilling» 1917 i soga, sidefag norsk og tysk, hovuduppgåva um ''Fagrskinna''. I 1921 dosent i [[gamalnorsk|norrøn]] filologi, og tok doktorgrad 1925 på ''Norske innsjønamn''. I 1929 professor i vestnorsk målføregransking på Bergens Museum etter [[Torleiv Hannaas]] og styrar for folkeminnesamlingi der. Sysla òg med stadnamngransking, og vitskapssysla var knytt til både soga og målkunna. I strev for norskt mål og norsk målreising var Indrebø nær utrøytteleg, i tale og talrike skrifter og utgreidingar til faglegt og ålment bruk. Av [[gamalnorsk]]e bokverk skipa han til ei rad. Av skrifter skal nemnast ''Nynorsk og bokmål'' (1932) og ''God norsk. Innlegg i målbrigdesaki'' (1937). Stykke av Indrebø kom i nyprent på [[Norskt Bokreidingslag]] i 1976 ''Kva er målreising?'' og i 1989 ''På norsk grunn''. Indrebø var ein bolk formann i Studentmållaget, i Noregs Mållag og [[Vestmannalaget]]. Storverket ''[[Norsk Målsoga]]'' kom etter Indrebø var burte, i 1951. Han arbeidde med verket til det siste, og målsoga er ein grunnstein for [[høgnorsk]]en. Boki kom i ny utgåva i 2001. Fram til ufreden 1940 var Indrebø den høgnorske hovdingen i striden mot [[samnorsk|målblandingspolitikken]] og for målreising på Aasens grunnlag.
#REDIRECT [[Gustav Indrebø]]

Siste versjonen frå 22. februar 2013 kl. 17:22

Omdirigering til: