Skilnad mellom versjonar av «Uttala»
Line 5: | Line 5: | ||
== [[Sjølvljod]] == | == [[Sjølvljod]] == | ||
I norsk hev me desse sjølvljodi: ''a'', ''e'', ''i'', ''o'', ''u'', ''y'', ''æ'', ''ø'', ''å''. | I norsk hev me desse sjølvljodi i skrift: ''a'', ''e'', ''i'', ''o'', ''u'', ''y'', ''æ'', ''ø'', ''å''. Med di mange av deim kjem i par med open og trong hått, og sjølvljod i endingar kann få ein annan hått en i rotstavingar, stend dei for fjortan ulike sjølvljod i fyreskrivi høgnorsk [[ljodlæra]]. Uttala meir [[målføre]]leg kann denne bygnaden minskast til nie att, men samsvaret millom skrift og uttala kann ymsa millom dei ulike målføri. | ||
Samansetjingar av tvo sjølvljod, tviljod, fylgjer eigne reglar for uttala. | |||
{| border="2" cellpadding="4" cellspacing="0" style="text-align:left; margin: 1em 1em 1em 0; background: #f9f9f9; border: 1px #aaa solid; border-collapse: collapse;" | {| border="2" cellpadding="4" cellspacing="0" style="text-align:left; margin: 1em 1em 1em 0; background: #f9f9f9; border: 1px #aaa solid; border-collapse: collapse;" | ||
! style="background:#f2f2f2;" | '''skrift''' | |||
! style="background:#f2f2f2;" | '''standard høgnorsk''' | |||
! style="background:#f2f2f2;" | '''vanleg målføreleg''' | |||
! style="background:#f2f2f2;" | '''anna målføreleg''' | |||
|- | |||
| '''a''' || [a] || || [æ] Austfold, [[upplandsmål]] | |||
|- | |||
| '''é''' || [e] || || | |||
|- | |||
| '''è''' || [ɛ] || ofte anten [æ] eller [e] || | |||
|- | |||
| '''í''' || [i] || || | |||
|- | |||
| '''ì''' || [ɪ] || ofte [e] || [ɛ] | |||
|- | |- | ||
| ''' | | '''ó''' || [u] || || | ||
|- | |- | ||
| ''' | | '''ò''' || [o] || ofte [ɔ] || [ø] | ||
|- | |- | ||
| ''' | | '''ú''' || [ʉ] || || | ||
|- | |- | ||
| ''' | | '''ù''' || [ʉ] || || | ||
|- | |- | ||
| ''' | | '''ý''' || [y] || || | ||
|- | |- | ||
| ''' | | '''ỳ''' || [ʏ] || ofte [ø] || [ʉ] sudvestnorsk | ||
|- | |- | ||
| '''æ''' || [æ | | '''æ''' || [æ] || || [e] | ||
|- | |- | ||
| '''ø''' || [ø | | '''ø''' || [ø] || || | ||
|- | |- | ||
| '''å''' || [ɔ | | '''å''' || [ɔ] || || [au] Indre Sogn | ||
|} | |} | ||
=== | === Ope og trongt sjølvljod === | ||
''e'', ''i'', ''o'', ''u'' og ''y'' (og | ''e'', ''i'', ''o'', ''u'' og ''y'' (og i eldre mål ''ø'') kann lyda på tvo måtar, trongt og ope. I lange stavingar finn me oftast det tronge ljodet, i stutte oftast det opne. Når ljodet er ope, nærmar ''e'' seg til ''æ'', ''i'' til ''e'', ''o'' til ''å'', ''u'' til ''o'', ''y'' til ''ø''. Sumtid merkjer ein desse når ein skal skilja ord som elles er like i skrift: lutande kile ( ́) yver trong, attkeik kile (`) yver open. Døme: ''blót'' (offer), ''blòt'' (leggja i ~). | ||
=== Schwa === | === Schwa === | ||
I | I u[[tyngd]] staving kann ''e'' få uttala ''schwa'' [ә], eit slapt ljod. Døme: ''hane'' [ha:nә]. | ||
=== Tviljod === | === Tviljod === | ||
Der er | Der er seks vanlege tviljod: ''au'', ''ei'', ''øy'', ''ja'', ''jo'', ''ju'', og dessutan ''je'' og ''jø'' som heng nært i hop med ''ja''. | ||
Døme: ''lauk'', ''leik'', ''røyk'', ''brjota'', ''ljuga''. | Døme: ''lauk'', ''leik'', ''røyk'', ''jamn'', ''brjota'', ''ljuga''; ''fjell'', ''mjølk''. | ||
== Nøgnare um uttala av sjølvljod == | == Nøgnare um uttala av sjølvljod == |
Versjonen frå 27. juni 2009 kl. 00:25
Uttala er den munnlege framburden av skriftmålet.
Høgnorsk uttala
Sjølvljod
I norsk hev me desse sjølvljodi i skrift: a, e, i, o, u, y, æ, ø, å. Med di mange av deim kjem i par med open og trong hått, og sjølvljod i endingar kann få ein annan hått en i rotstavingar, stend dei for fjortan ulike sjølvljod i fyreskrivi høgnorsk ljodlæra. Uttala meir målføreleg kann denne bygnaden minskast til nie att, men samsvaret millom skrift og uttala kann ymsa millom dei ulike målføri.
Samansetjingar av tvo sjølvljod, tviljod, fylgjer eigne reglar for uttala.
skrift | standard høgnorsk | vanleg målføreleg | anna målføreleg |
---|---|---|---|
a | [a] | [æ] Austfold, upplandsmål | |
é | [e] | ||
è | [ɛ] | ofte anten [æ] eller [e] | |
í | [i] | ||
ì | [ɪ] | ofte [e] | [ɛ] |
ó | [u] | ||
ò | [o] | ofte [ɔ] | [ø] |
ú | [ʉ] | ||
ù | [ʉ] | ||
ý | [y] | ||
ỳ | [ʏ] | ofte [ø] | [ʉ] sudvestnorsk |
æ | [æ] | [e] | |
ø | [ø] | ||
å | [ɔ] | [au] Indre Sogn |
Ope og trongt sjølvljod
e, i, o, u og y (og i eldre mål ø) kann lyda på tvo måtar, trongt og ope. I lange stavingar finn me oftast det tronge ljodet, i stutte oftast det opne. Når ljodet er ope, nærmar e seg til æ, i til e, o til å, u til o, y til ø. Sumtid merkjer ein desse når ein skal skilja ord som elles er like i skrift: lutande kile ( ́) yver trong, attkeik kile (`) yver open. Døme: blót (offer), blòt (leggja i ~).
Schwa
I utyngd staving kann e få uttala schwa [ә], eit slapt ljod. Døme: hane [ha:nә].
Tviljod
Der er seks vanlege tviljod: au, ei, øy, ja, jo, ju, og dessutan je og jø som heng nært i hop med ja. Døme: lauk, leik, røyk, jamn, brjota, ljuga; fjell, mjølk.
Nøgnare um uttala av sjølvljod
Uttala etter umleggjing av stavingslengd
Sjølvljodi er anten stutte eller lange. æ og å kann ikkje vera stutte i skrift, anna i bøygde former – t.d. lågt /lɔkt/ til låg /lɔ:g/. I mange målføre er æ stutt (< eldre e) i uttala – t.d. vera.
VK > V:K eller VK:
Når fyrste staving ender på medljod, kann e, i, o, u, y, ø alt etter målføret anten vera lange eller stutte – t.d. (ven); krit, lit, vit; brot, lok, skot; krut, lut; bøn, løn. a er jamt lang – t.d. gras, mas, tal.
KVKV > KV:V
Når fyrste staving ender på sjølvljod, skal sjølvljodet vera langt – t.d. (namnord) navar (bor), spade; boge, flote, mose; , og (gjerningsord) draga, fara, svara; bera, gjera, lesa, skjera, vera; liva, vita. Stutt uttala er ikkje tilrådeleg her. Undatak. Fyre m kann sjølvljodi anten vera lang eller stutt – t.d. gamal, humar, koma, same, saman, sumar.
- Merk. I døma og døme skal ø vera lang av di ø upphaveleg er lang. I bokmål og dansk er desse anologisk avstytte. Jf. svensk döma.
Vanlege uttalemistak av sjølvljod
Trong o i ein dom (sameleîs etterfestet dom), ei rova (hale), i otta (um morgonen), ein otte (rædsla), ein sott (sjukdom), totte (tykte til tykkja), ein trott. Open o i ein fole, ei hosa, ei kona, eit lok, ein mose (vokster), ein pose. Open u i sumar (kann vera trong når sjølvljodet er stutt), lut, hug. Open i i lit, vit.
- Mrk. Sumtid er sjølvljodet so ope at at ein skriv e for eldre i – t.d. kid > kjed (norr. kið, jf. killing < kidling), sid > sed (norr. siðr), vin > ven (norr. vin, vinr).
Uttala av sjølvljodi ved bøygde former
Lagord. Når lagordet stend i inkjekyn, vert ofte stavingslengdi og ljodhåtten brigde, d.e. at sjølvljodet vert lengt og millomlågt sjølvljod lægt – t.d. god /gu:/ : godt /gɔt/, høg /hø:g/ : høgt /høkt/, låg /lɔ:g/ : lågt /lɔkt/, låk /lɔ:k/ : låkt /lɔkt/.
Sterke gjerningsord. Dersom sjølvljodet upphavleg var langt i grunnformi (infinitiv), er ljodhåtten (i og y) trong i notid (presens), d.e. 3de (t.d. brjota : bryt : braut : brote) og 4de rekkja (t.d. lita : lit : leit : lite) av sterke gjerningsord – t.d. (3de) bit /bi:t/ (til bita), lit /li:t/ (til lita), skriv /skri:v/ (til skriva), og (4de) bryt /bry:t/ (til brjota), lyt /ly:t/ (til ljota), skyt /sky:t/ (til skjota).
I alle andre tilfelle der sjølvljodet upphavleg var stutt i grunnformi, er ljodhåtten trong i notid – t.d. (5te) fer /fɛ:r/ (til fara), grev /grɛ:v/ (til grava), tek /tɛ:k/ (til taka), veg /vɛ:g/ (til vega); (6te) lèt /lɛ:t/ (til lata).
Tilleggsformene (partisippi). Her er sjølvljodet jamt ope – t.d. bore (til bera), skore (til skjera), skote (til skjota), vore (til vera), vorte (til verta); skrive (til skriva), slite (til slita), drive (til driva); sprunge (til springa) , stunge (til stinga), sunge (til syngja).
- Merk. Same gjeld lagord som ovan – t.d. vriden /vrì:en/, skiten – men ikkje vrid-en /vri:en/ (til vrid) og skit-en, avdi sjølvljodet i gamalnorsk var langt.
Linne gjerningsord. Opningsverdet av sjølvljodet held seg gjenom heile bøygjingi, anten ope eller trongt. Sjølvljodet i alle linne gjerningsord i telja‑klassa er trongt gjenom heile bøygjingi – t.d. byrja : bør : burde : burt; dylja : dyl : dulde : dult; dynja : dyn : dunde : dunt; fylgja : fylgjer : fylgde : fylgt; selja : sel : selde : selt; spyrja : spyr : spurde : spurt; telja : tel : talde, talt. Sjølvljodet i linne gjerningsord i døma‑klassa er trongt gjenom heile bøygjingi når sjølvljodet i fyrstestaving er langt – t.d. styra : styrer : styrde : styrt. Når sjølvljodet i fyrstestaving er stutt, er sjølvljodet ope gjenom heile bøygjingi – t.d., lyfta, spytta, vyrda.
Medljod
Skrivegjerd | Hovudnorm | Onnor normgild uttala frå ymse landslùter |
b | [b] | |
c | Berre i lånord | |
d- framljod | [d] | |
-d- inn-/utljod |
|
Sunnmøre/Nordfjord: [ð] eller [d] |
dd | [d] | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [dʲ] |
dj | [ʝ] eller [ɟʝ] | Mange stader: [j] |
dk | [k] ([kʰ] i utljod) | Sum aust- og nordnorsk: [ɾk] ([ɾkʰ] i utljod) |
f | [f] | |
g- framljod |
|
|
-g- innljod |
|
|
-g utljod | [g] | Sume stader etter e, i, y, æ, ø og l, r: [ɣ] eller [j] |
gj | [ʝ] |
|
-gn inn- og utljod | [ŋn] eller [gn] | |
h | [h] | |
hj | [j] | I sume ord mange stader: [ç] (t.d. hjå) |
j | [j] | |
k- framljod |
|
Vestnorsk: [cç] fyre ei, i, y, øy |
-k- innljod |
|
Vestnorsk: [cç] fyre mange endingar på -e-, -i- |
-k utljod | [kʰ] | |
kj | [ç] | Vestnorsk: [cç] |
l | [l] | Austnorsk:
|
ld | [ld] eller [l] | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ʎ] |
lg | Sjå -g i utljod | |
lj | [lj] eller [j] | |
ll | [l] | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ʎ] |
m |
|
|
mb | [mb] eller [m] | |
n |
|
|
nd | [nd]] eller [n] | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ɲ] |
ng | [ŋg] eller [ŋ] | |
nn | [n] | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [ɲ] |
p fram- og utljod | [pʰ] | |
-p- innljod | [p] | |
q | Berre i lånord | |
r | [r] | |
rd | [r] | Austnorsk: [ɽ] |
rg | Sjå -g i utljod | |
rl | [rl]] | Austnorsk: [ɭ] |
rn | [rn] eller [n] |
|
rs |
|
|
rt | [rt]] ([rtʰ] i utljod) | Austnorsk: [ʈ] ([ʈʰ] i utljod) |
s | [s] | |
sj | [ʃ] eller [sj] | |
sk |
|
|
skj | [ʃ] | |
sl | [sl] eller [ʃɭ] | Trøndsk og andre stader: [ɬ] |
stj | [ʃ] | |
t fram- og utljod | [tʰ] | |
-t- innljod | [t] | |
tj | [ç] eller [cç] | |
tl | [tl] eller [ʃɭ] | Trøndsk og andre stader: [ɬ] |
tt | [t] ([tʰ] i utljod) | Nordnorsk, trøndsk o.a.: [tʲ] |
v | [ʋ] | |
w, x, z | Berre i lånord |
Nøgnare um uttala av medljod
«Stungen» d. Millom sjølvljod og i utljod vert d vanleg ikkje uttala – t.d. å beda, ei gleda, ein spade, ei tid, ein tidur. Undantak kann vera «bibelord» som Gud, nåde, stadnamn som Bodøy, Nidaros, Lade, og allveg lånord som ode, jøde og mode. Fyre etterfesti ‑ig og ‑ug er uttala oftast med d fyre ‑ig og utan d fyre ‑ug – t.d. vert stødig og stødug uttala /stø:dig/ og /stø:ug/.
- Merk: Sunnmørsk og nordfyrdemål held på d millom sjølvljod og i utljod. I jamvektsmål finn ein au halden d: spåddå (spade), tuddur (tidur).
I sume ord og former lyder d for å gjera meiningi tydelegare – t.d. bedne, bodne.
dj vert oftast uttala som j i framljod, men i sume uttalor som gj – t.d. djup, djerv, djevel. I innljod er uttala anten /dj/ med stutt sjølvljod fyre eller /j/ med langt sjølvljod fyre – t.d. ei midja, å rydja, å stydja, ei smidja. Ljodhåtten av sjølvljodet held seg når det vert lengt – t.d. stỳdja /stʏdja/ el. /stʏ:ja/.
tj vert i framljod oftast uttala /ç/ (kj-ljod), stundom /t/ – t.d. tjukk, tjuge, og millom tvo sjølvljod /tj/ eller /ç/ – t.d. sitja, vitja – der sjølvljodet i roti kann vera langt eller stutt: /siça/, /vɪːça/.
ggj finst berre i innljod og hev oftast uttala /ʝ/ (gj-ljod), men òg /j/ – t.d. leggja /leʝa/ el. /leja/, byggja /byʝa/ el. /byja/, (tvi)eggja /eʝa/ el. /eja/. kkj finst berre i innljod og vert uttala /ç/ – t.d. vekkja, ikkje, bikkja
gj i framljod – t.d. gjeva, gjenta – og i innljod – t.d segja, bægje, pløygja, bøygja. kj i framljod – t.d. kjenna, køyra – og i innljod– t.d veikja.
- Merk: Bjodeformi hev hardt medljod – t.d seg, pløyg, veik til segja, pløygja, veikja
Ljodlagi dg, dk og gs vert samandregne til /gg/, /kk/ og /ss/. Er sjølvljodet i eller o, skifter det ljodhått og stavingslengd – t.d. vidga /vigga/ (av vid /vi:/), blodga /blogga/ (av blod /blo:/), vridka /vrikka/ (av vrid /vri:/). Når a, berre stavingslengd – t.d. dragsa /drassa/ (av draga /dra:ga/).
ld og nd vert i utljod uttala anten /ld/ eller /ll/, og /nd/ eller /nn/ – t.d. kald, kveld, vald; land, rand, (sam)fund, snild. Men utan jamning i fortidsformene – t.d. talde (til telja), kjende (til kjenna), kunde (til kunna), og tilleggsformer – t.d. tald, kjend.
nd. Sjå ld.
ng vert anten uttala /ŋ/ eller /ŋg/ – t.d. ring.
rs vert i sume ord uttala /ss/ fyre t – t.d. fyrst, tyrst, størst.
rn kann ymsa. Ofte stutt sjølvljod – t.d. bjørn, tjørn, korn, birna. Ofte lang sjølvljod – t.d. jarn, ørn, gjerne, stjorn, verna, barn; allvegen borne, skorne, (u)vyrdne osb.
Tonelag
Til liks med svensk hev norsk tvo tonelag (skil i tone ved stavingar med hovudtyngd), som skapar minstepar. Døme: liket [¹li:kə], like [²li:kə] (til lo. lik); leiken (no.) [¹læikən], leiken (lo.) [²læikən].
Merk: Grunntonemynsteret for dei tvo tonelagi skil seg frå målføre til målføre.
Circumfleks
Er tostavingstonelag på ord med éi staving. Dette gjeld berre fåe ord. Døme: fôr, vêr, sâl. Ikkje alle ord med circumfleks er vanlege å merkja: mor, far, mt. glør (til glod).
Merk: Circumfleks femner vidare i sume målføre med apokope (m.a. trøndsk), jf. han er stor mot dei er stôr (= store).