Skilnad mellom versjonar av «Jamvektsmål»
sInkje endringssamandrag |
sInkje endringssamandrag |
||
Line 3: | Line 3: | ||
Denne jamvektsregelen tér helst att i [[kløyvd nemneform]]: ''tala'' mot ''kaste'' – og i linne hokynsord: ''viku'' mot ''gjente''. Desse formene er nytta ein del i skrift, med di dei vart knésette i [[midlandsnormalen]]. Men i [[målføri]] hev jamvektsregelen sett far etter seg i mest alle [[ordklassa|ordklassone]], t.d. [[lagord]]: ''ei lit'''a''' gjente'', men ''ei slit'''i''' gjente'' – eller [[styreord]]: ''yv'''i'''r'', ''ett'''e'''r''. | Denne jamvektsregelen tér helst att i [[kløyvd nemneform]]: ''tala'' mot ''kaste'' – og i linne hokynsord: ''viku'' mot ''gjente''. Desse formene er nytta ein del i skrift, med di dei vart knésette i [[midlandsnormalen]]. Men i [[målføri]] hev jamvektsregelen sett far etter seg i mest alle [[ordklassa|ordklassone]], t.d. [[lagord]]: ''ei lit'''a''' gjente'', men ''ei slit'''i''' gjente'' – eller [[styreord]]: ''yv'''i'''r'', ''ett'''e'''r''. | ||
== Upphav == | |||
Upphavet til namnet og ovringi ligg i [[gamalnorsk]] tid. I [[austnorsk]] fekk då tvostavingsord med stutt rotstaving jamn [[tyngd]] (jamvekt) på båe stavingane: <u>''ta''</u>-<u>''la''</u> – i motsetnad til ord med lang rotstaving, der hovudtyngdi låg fyrst: <u>''kas''</u>-''ta'', <u>''ví''</u>-''sa''. Sidan er denne jamvekti kvorvi flest alle stader – ekte jamvekt finst i dag i målet Nord-Gudbrandsdalen, og i Aust-Telemark hev ''andrestavingi'' fengi hovudtyngdi – men hev sett merke på sjølvljodet. | Upphavet til namnet og ovringi ligg i [[gamalnorsk]] tid. I [[austnorsk]] fekk då tvostavingsord med stutt rotstaving jamn [[tyngd]] (jamvekt) på båe stavingane: <u>''ta''</u>-<u>''la''</u> – i motsetnad til ord med lang rotstaving, der hovudtyngdi låg fyrst: <u>''kas''</u>-''ta'', <u>''ví''</u>-''sa''. Sidan er denne jamvekti kvorvi flest alle stader – ekte jamvekt finst i dag i målet Nord-Gudbrandsdalen, og i Aust-Telemark hev ''andrestavingi'' fengi hovudtyngdi – men hev sett merke på sjølvljodet. | ||
Line 11: | Line 11: | ||
I mange gruppor av jamvektsord vart [[sjølvljod]]i handsama på same visi som tilsvarande lange sjølvljod i gamalnorsk. Soleis vert t.d. ''viku'', ''hoso'' og ''visin'' [[uttala]] med tronge sjølvljod i mange austnorske [[målføre]], og ''tala'' heiter mange stader «tålå». | I mange gruppor av jamvektsord vart [[sjølvljod]]i handsama på same visi som tilsvarande lange sjølvljod i gamalnorsk. Soleis vert t.d. ''viku'', ''hoso'' og ''visin'' [[uttala]] med tronge sjølvljod i mange austnorske [[målføre]], og ''tala'' heiter mange stader «tålå». | ||
== Bruk == | |||
* Liste yver [[jamvektsord]] | * Liste yver [[jamvektsord]] | ||
== Sjå au == | |||
*[[Ljodlæra]] | *[[Ljodlæra]] |
Versjonen frå 10. mars 2022 kl. 08:15
Jamvektsmål heiter det talemålet eller skriftmålet der ord med tvo stavingar er skifte i tvo ulike bolkar: éin der sjølvljodet i endingi hev haldi på det fulle laget sitt: [a], [ʉ], [i] osb. – og éin der endingsljodet er avveikt, helst til [ə].
Denne jamvektsregelen tér helst att i kløyvd nemneform: tala mot kaste – og i linne hokynsord: viku mot gjente. Desse formene er nytta ein del i skrift, med di dei vart knésette i midlandsnormalen. Men i målføri hev jamvektsregelen sett far etter seg i mest alle ordklassone, t.d. lagord: ei lita gjente, men ei sliti gjente – eller styreord: yvir, etter.
Upphav
Upphavet til namnet og ovringi ligg i gamalnorsk tid. I austnorsk fekk då tvostavingsord med stutt rotstaving jamn tyngd (jamvekt) på båe stavingane: ta-la – i motsetnad til ord med lang rotstaving, der hovudtyngdi låg fyrst: kas-ta, ví-sa. Sidan er denne jamvekti kvorvi flest alle stader – ekte jamvekt finst i dag i målet Nord-Gudbrandsdalen, og i Aust-Telemark hev andrestavingi fengi hovudtyngdi – men hev sett merke på sjølvljodet.
Årsaki til den upphavlege jamvekti ligg helst i den austnorske tvostavingstonen; denne gjeng upp og ned og so upp att (som ~), og i stuttstavingsord kom heile siste uppgangen på siste stavingi, som då fekk same tonegangen som ei tyngd staving med einstavingstone (som ´). Soleis kunde tala [tâ.lá] høyrast som tvo tyngde stavingar (endå dei venteleg vanta full tyngd).
I mange gruppor av jamvektsord vart sjølvljodi handsama på same visi som tilsvarande lange sjølvljod i gamalnorsk. Soleis vert t.d. viku, hoso og visin uttala med tronge sjølvljod i mange austnorske målføre, og tala heiter mange stader «tålå».
Bruk
- Liste yver jamvektsord