Skilnad mellom versjonar av «Vikedagane»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
sInkje endringssamandrag
sInkje endringssamandrag
Line 1: Line 1:
__NOTOC__
'''Vikedagane''' hev på [[norsk]] [[sernamn]] som gjeng attende til [[samgermansk]] tid, då dagane fekk namn etter latinskt mynster. Her fylgjer [[ordsoga]] åt dei einskilde dagane.
'''Vikedagane''' hev på [[norsk]] [[sernamn]] som gjeng attende til [[samgermansk]] tid, då dagane fekk namn etter latinskt mynster. Her fylgjer [[ordsoga]] åt dei einskilde dagane.



Versjonen frå 19. mars 2022 kl. 18:45

Vikedagane hev på norsk sernamn som gjeng attende til samgermansk tid, då dagane fekk namn etter latinskt mynster. Her fylgjer ordsoga åt dei einskilde dagane.

Sundag

Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar Detta ordet hev òg ein teig i Norsk Ordbog (1873): Sundag

Namnet sundag kjem av gamalnorsk sunnadagr og tyder ‘dagen åt soli’.

Tilsvarande latinske namn er diēs Sōlis som au tyder ‘dagen åt soli’.

På islendsk og færøysk vert dagen kalla sunnudagur.

Måndag

Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar Detta ordet hev òg ein teig i Norsk Ordbog (1873): Maandag

Namnet måndag kjem av gamalnorsk mánadagr ‘dagen åt månen’.

Tilsvarande latinske namn er diēs Lūnae som au tyder ‘dagen åt månen’.

På islendsk og færøysk vert dagen kalla mánadagur.

Tysdag

Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar Detta ordet hev òg ein teig i Norsk Ordbog (1873): Tysdag

Namnet tysdag kjem av gamalnorsk týsdagr ‘dagen åt Ty’

Tilsvarande latinske namn er diēs Mārtis som tyder ‘dagen åt Mars’, stridsguden i romersk gudekunna, same som Ty er i norrøn.

Ty kjem av frumgermansk *teiwaz, frumindoeuropeisk *deywós ‘gud’, frå *dyew- ‘himel’. Av *deywós kjem au gr. Zeũs og lat. Jūpiter (< *Diu-pater).

På islendsk vert dagen kalla þriðjudagur ‘tridjedag’, og på færøysk vert han kalla týsdagur.

Onsdag

Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar Detta ordet hev òg ein teig i Norsk Ordbog (1873): Onsdag

Namnet onsdag kjem av gamalnorsk óðinsdagr ‘dagen åt Oden’.

Tilsvarande latinske namn er diēs Mercuriī som tyder ‘dagen åt Merkur’, guden for ferd og tjuvskap.

Oden kjem av frumgermansk *Wōdanaz av *wōdaz, frumindoeuropeisk *weh₂t- ‘vera od’, jf. nn. od.

På islendsk vert dagen kalla miðvikudagur ‘midvikedag’, og på færøysk vert han kalla mikudagur, so nær som i Suðuroy-målet, der det er ónsdagur.

Mikedag

Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar Detta ordet hev òg ein teig i Norsk Ordbog (1873): Mekedag

Eit anna namn på onsdag er mikedag. Det er ei samandraging av midvikedag som kjem av gamalnorsk miðvikudagr.

Detta er same samandregne formi ein nyttar på færøysk (utan Suðuroy).

Torsdag

Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar Detta ordet hev òg ein teig i Norsk Ordbog (1873): Torsdag

Namnet torsdag kjem av gamalnorsk þórsdagr ‘dagen åt Tor’.

Tilsvarande latinske namn er diēs Iovis som tyder ‘dagen åt Jupiter’, kongen hjå gudane i romersk gudekunna.

Tor kjem av frumgermansk *þun(a)raz ‘tora’, frå frumindoeuropeisk *(s)tenh₂-.

På islendsk vert dagen kalla fimmtudagur ‘femtedag’, på færøysk vert han kalla hósdagur (h < þ), og i Suðuroy-målet er det tórsdagur.

Fredag

Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar Detta ordet hev òg ein teig i Norsk Ordbog (1873): Fredag

Namnet fredag kjem av gamalnorsk frjádagr og hev soleîs rettare typeformi ‹frædag› som grunnlag for uttala i målføri.

Det latinske fyredømet er diēs Veneris ‘dagen åt Venus’, og for Venus er komi disi Frigg eller Frøya. På gamalnorsk hét dagen freyjudagr au. Formi frjádagr i staden for *friggjardagr må vera eit lån frå eit sudlegare germanskt mål, jf. til dømes gamalhøgtysk Frîatac utan norderlendsk skjerping.

Frigg kjem av frumgermansk *frijjō, frumindoeuropeisk *prihjā ‘elska kona’, skyldt m.a. frilla.

Frøya kjem av frumgermansk *frawjō ‘fruva, høgvyrd kona’, skyldt ord som fyre.

På islendsk vert dagen kalla föstudagur ‘fastedag’, og på færøysk vert han kalla fríggjadagur. Fríggja- er naturleg framvokster av frjá- og kjem ikkje frå *friggjardagr-formi.

Laurdag

Feil ved oppretting av miniatyrbilete: Fila manglar Detta ordet hev òg ein teig i Norsk Ordbog (1873): Laugardag

Namnet laurdag kjem av gamalnorsk laugardagr ‘laugedag’. På gamalnorsk hét dagen þváttdagr ‘tvåttdag’ au. Berre fyrste namnet hev halde seg til i dag.

Tilsvarande latinske namn er diēs Saturnī og tyder ‘dagen åt Saturn’, guden for jordbruk.

På islendsk vert dagen kalla laugardagur og på færøysk vert han kalla leygardagur. Hjå Aasen heiter dagen laugardag. Målførelege former er m.a. laugurdag i Vinje, laug(e)dag på Raudland, lògu- / løgudag på Tinn, elles lau-, lu(r)- (/lʉːɽa/), lor- og lø(r)- (/løːɽa/) sume stader.