Skilnad mellom versjonar av «Diskusjon:Stavingslengdutjamning»

Frå Mållekken
Hopp til navigering Hopp til søk
Inkje endringssamandrag
Inkje endringssamandrag
 
Line 9: Line 9:


: Eg kjenner ikkje til [[attbjugeljod|retrofleks]]t uttal av ''garn'', ''barn'', ''born'', det måtte um so er vera på Helgeland? Sudpå, i [[upplandsmål]] og nordlegt [[vikverjamål]] (t.d. Bærum) er uttalet «gån», «bån», «bón», d.e. burtfall av r og lengjing av [[sjølvljod]]et fyre fyrr en yvergangen [ɑː] > [ɒː]. Derimot kjem retrofleksane vanleg etter denne yvergangen: [gɑrð] > [gɑːɽ], men jf. sv. ''gård'' og nn. ''jord''. Det skulde tyde på at [ɑː] > [ɒː] fyre [oː] > [uː], i tråd med vanleg meining? [[Brukar:TH|TH]] 2. april 2010 kl. 21:52 (CEST)
: Eg kjenner ikkje til [[attbjugeljod|retrofleks]]t uttal av ''garn'', ''barn'', ''born'', det måtte um so er vera på Helgeland? Sudpå, i [[upplandsmål]] og nordlegt [[vikverjamål]] (t.d. Bærum) er uttalet «gån», «bån», «bón», d.e. burtfall av r og lengjing av [[sjølvljod]]et fyre fyrr en yvergangen [ɑː] > [ɒː]. Derimot kjem retrofleksane vanleg etter denne yvergangen: [gɑrð] > [gɑːɽ], men jf. sv. ''gård'' og nn. ''jord''. Det skulde tyde på at [ɑː] > [ɒː] fyre [oː] > [uː], i tråd med vanleg meining? [[Brukar:TH|TH]] 2. april 2010 kl. 21:52 (CEST)
:: Kann henda dette er noko for eit målmøte på Blindern? Ja, sjølvljodet i gn. -V<i>rð</i>(<i>r</i>) (V = sjølvljod) vert lengt fyre stavingslengdutjamningi, noko framburdi /jo:r/ av nn. <i>jord</i> (gn. <i>jǫrð</i>) vitnar um, elles skulde framburdi ha vore /jo:r/ - jf. <i>spor</i> /spo:r/ (gn. <i>spor</i>. Eg hadde ein mistanke um at gn. -<i>arn</i> ikkje hev ei nedervd framburd  */a:ɳ/ (< eldre */aɳɳ/), men at <i>r</i> berre fall burt etter vederlagslengjing (/a/ > /a:/) t.d. /barn/ > */ba:rn/ > /ba:n/. Gn. -<i>rn</i> gjev heller aldri palatalisering. Det var gildt å høyra at framburdi i t.d. Bærum var <i>barn</i> «bån» og <i>born</i> «bón»! Ein kann segja at når sjølvljodet fyre <i>r</i> vert lengt fyre stavingslengdutjamningi, so fell han.
:: Eg fann elles ut at når ord vantar ''a'' gjenom heile bøygjingi, er sjølvljodet jamt stutt i rotstavingi (ingen analogi), medan eldre ''-rn''- oftast vert /nn/, sumst. /dn/ t.d. <i>kvern</i>, ''forn'' adj., ''horn'', ''korn'' osb. Dette gjeld då ikkje målet i Bærum osb., der lengjingi er eldre. [[Brukar:SAM|SAM]] 3. april 2010 kl. 01:17 (CEST)-

Siste versjonen frå 2. april 2010 kl. 23:17

Kva trur de um framburdi av t.d. garn n. i gamalnorske målføre med retrofleksar? Eg meiner at "retroflekseringi" kjem tidleg i sume gamalnorske målføre, og at det finst døme på dette i handskriftene. Hev garn då stutt staving eller lang? Jf. ulik framburd av stýrði i nynorske målføre. Nordanfjelsk (jf. GM) er framburdi av barn /ba:n/ (el. /bann/ vel frå pl.? ) og born /bonn/ (/boɲɲ/?). Fær pl. annan framvokster enn sg. pga. av o i pl.?

Skorten på j-fengjing i sg. skulde tyda på at medljodet var stutt då j-fengjingi tok til. Sume former, som trøndsk /jøɲɲ/ (jarn), kunde tyda på mangtalsformer. Nå det er sagt, kann eg ikkje koma på noko ord som hev langt rotsjølvljod + j-fengt medljod.

Dersom berre a veld lengjing, er alle desse regelbundne: bjørn (bjǫrn), korn (korn), skurn (skurn), tjern (tjarn n), tjørn (tjǫrn f). Eit undantak er ørn (ǫrn), som berre hev langt sjølvljod.

Kann me svara på kvifor gn. jǫrð og morð fær framburdi /ju:r/ og /mu:r/ i nynorsk (det er som stavingi var ovlang i gamalnorsk)? Jf. elles framburdi av gn. spor i nynorsk (/spo:r/). GM merkjer desse ordi med ^ (/môr/ el. /môl/), sameleis ord /ôr/, men ikkje jord /jór/. -SAM 29. mars 2010 kl. 20:50 (CEST)

Eg kjenner ikkje til retroflekst uttal av garn, barn, born, det måtte um so er vera på Helgeland? Sudpå, i upplandsmål og nordlegt vikverjamål (t.d. Bærum) er uttalet «gån», «bån», «bón», d.e. burtfall av r og lengjing av sjølvljodet fyre fyrr en yvergangen [ɑː] > [ɒː]. Derimot kjem retrofleksane vanleg etter denne yvergangen: [gɑrð] > [gɑːɽ], men jf. sv. gård og nn. jord. Det skulde tyde på at [ɑː] > [ɒː] fyre [oː] > [uː], i tråd med vanleg meining? TH 2. april 2010 kl. 21:52 (CEST)
Kann henda dette er noko for eit målmøte på Blindern? Ja, sjølvljodet i gn. -V(r) (V = sjølvljod) vert lengt fyre stavingslengdutjamningi, noko framburdi /jo:r/ av nn. jord (gn. jǫrð) vitnar um, elles skulde framburdi ha vore /jo:r/ - jf. spor /spo:r/ (gn. spor. Eg hadde ein mistanke um at gn. -arn ikkje hev ei nedervd framburd */a:ɳ/ (< eldre */aɳɳ/), men at r berre fall burt etter vederlagslengjing (/a/ > /a:/) t.d. /barn/ > */ba:rn/ > /ba:n/. Gn. -rn gjev heller aldri palatalisering. Det var gildt å høyra at framburdi i t.d. Bærum var barn «bån» og born «bón»! Ein kann segja at når sjølvljodet fyre r vert lengt fyre stavingslengdutjamningi, so fell han.
Eg fann elles ut at når ord vantar a gjenom heile bøygjingi, er sjølvljodet jamt stutt i rotstavingi (ingen analogi), medan eldre -rn- oftast vert /nn/, sumst. /dn/ t.d. kvern, forn adj., horn, korn osb. Dette gjeld då ikkje målet i Bærum osb., der lengjingi er eldre. SAM 3. april 2010 kl. 01:17 (CEST)-