Skilnad mellom versjonar av «Helgelandsmål»
Inkje endringssamandrag |
Inkje endringssamandrag |
||
Line 2: | Line 2: | ||
== Sud-helgelendsk == | == Sud-helgelendsk == | ||
Dei sud-helgelendske målføri (oftast kalla '' | Dei sud-helgelendske målføri (oftast kalla ''brønnøymål'') må reknast som yvergangsmål til trøndsk. Dei hev sterke austlege innslag, som jamvekt (men ikkje like gjenomført som i trøndsk), lågtone, mange trykklause i-ar (t.d. ''hålmi'' for ''holme''), varaord som ''dem'' for nynorsk ''dei'', akkusativformer som ''bakka, haga'' og ''maga'', og kløyvd infinitiv. Dessutan er det på Sud-Helgeland at dativ hev halde seg sterkast, både i eintal og fleirtal. | ||
== Mid-Helgelendsk == | == Mid-Helgelendsk == |
Versjonen frå 2. april 2022 kl. 17:14
Helgelandsmåli femner målføri på Helgeland i Nordnoreg, og grensar mot Trøndelag i sud og Salten i nord. Nordnorsk vert gjerna rekna som vestnorskt, men på Helgeland hev mange av målføri sterke austnorske drag. Undantaket er mid-helgelendsk, som hev flest drag sams med vestnorsk. Det er få målmerke som gjeld for heile landsdelen, men nokre er det; tjukk-l for vanleg l og rð, halvhogging (apokope) i trestavingsord (t.d. hestane > hestan), og j-fengjing av n, t, d, l.
Sud-helgelendsk
Dei sud-helgelendske målføri (oftast kalla brønnøymål) må reknast som yvergangsmål til trøndsk. Dei hev sterke austlege innslag, som jamvekt (men ikkje like gjenomført som i trøndsk), lågtone, mange trykklause i-ar (t.d. hålmi for holme), varaord som dem for nynorsk dei, akkusativformer som bakka, haga og maga, og kløyvd infinitiv. Dessutan er det på Sud-Helgeland at dativ hev halde seg sterkast, både i eintal og fleirtal.
Mid-Helgelendsk
Målføri på Mid-Helgeland (oftast kalla vefsnmål) er å rekna som vestnorske. Dei hev høgtone, -e der sud-helgelendsk hev -i (t.d. hålme for holme), varaord som dei eller di, linne substantivformer som byggjer på nominativ (t.d. bakke, mage og hage), og ingen spor etter jamvekt. Målføri er òg kjende for infinitivsendingi -æ som kjem fram i trykksterke stodor: "no må du et' kako" / "no må du etæ". Ulikt sud- og nord-helgelendsk fylgjer ikkje infinitivsendingi jamvektsregelen.
Nord-Helgelendsk
Som sud-helgelendsk hev nord-helgelendsk (oftast kalla ranværingsmål) ein del austlege målmerke. Som i sud hev målføri kløyvd infinitiv, pronomen som dæm, og akkusativformer som beta og hara. Dessutan hev dei ymse ø-liknande vokalar; ein som stend millom stutt /ø/ og /æ/ i ord som rok og fok, og ein som stend millom stutt /ø/ og /å/ i ord som hoppa og loppa. Elles skil målføri seg ut i st-verb. Her er endingi vorti umtolka som ein del av roti, og hev soleis fenge nye fortidendingar tillagt, t.d. å samlest - samlest - samlesta - ha samlesta (nynorsk: å samlast).