A-stomn

Frå Mållekken
Versjonen frå 21. juli 2007 kl. 09:55 av TH (Ordskifte | tilskot)
Hopp til navigering Hopp til søk

a-stomnar er namnet på sterke hannkynsord med mangtal-ar og sterke inkjekynsord utan mangtalsending. Sume merkjer mangtal i inkjekyn ved u-ljodbrigde, som barn – born, og eldre vatn – votn, land – lond.

Døme: arm – armen – armar – armane; land – landet – land – landi; døme – dømet – døme – dømi.

Målsoga

I frumnorrønt skipar ein a-stomnar i reine a-stomnar og ija-stomnar. I norrønt er a-stomnar kalla nullklassa av di bøygjingsending vantar i akkusativ mangtal. Reine a-stomnar er kalla rein nullklassa og ija-stomnar nullklassa med j-innskot.