Diskusjon:Utlendske stadnamn
København=Kaupenhamn? Roma=Rom? Venezia=Venedig? Praha=Prag? Hamburg=Hamborg? Stockholm=Stokkholm? Lisboa=Lissabon? Aachen=Åken? Sachsen=Saksen? Canada=Kanada? Cuba=Kuba? California=Kalifornia? Mexico=Mexiko? Hellas=Grekenland? Bucureşti=Bukarest? Tórshavn=Torshamn?Rita 7. mars 2010 kl. 17:06 (CET)
- Ja og nei. Ålment kann me segja at der det finst ei tradisjonell norsk form, vert den gjerne nytta. Men det gjeld då norsk i motsetnad til dansk-tysk tradisjon i Noreg; difor er ikkje t.d. Venedig brukande, medan Grækland er det. TH 7. mars 2010 kl. 20:11 (CET)
Jorvik?
Kan de leggja til Jorvik(york), Nye Jorvik(new york) og Nye Sjøland(new zealand)?
- Me har fulla havt ein tanke um at namni skal ha yverlivd. Det finst i nøgdi med sogelege namn frå gamalnorsk tid: Norvasund, Serkland, Holmgard, Myklagard, Jorsal osb.. Det er ikkje beint fram å nytta dessa namni idag. Eg vilde ha halde meg med York, Ny-York og Ny-Zeeland. OKG (talk) 15:01, 27 April 2017 (CEST)
- Takk for svar. Eg kan skyna kvifor ein ikkje kan bruka Jorvik no. Heldigvis kan ein enno bruka Hjaltland i staden for Shetland. Det er so pass nære Noreg og det var til og med ei deild av Noreg ein gong so det ville vore leit å ikkje kunde bruka det norske namnet. Når eg alt er inne på det her, kan ein uttala Hjaltland med j-lyd som i hjelp og jord? Eiliv (talk) 02:23, 2 May 2017 (CEST)