Attbjugeljod

Frå Mållekken
Versjonen frå 8. mars 2022 kl. 08:37 av Eiliv (Ordskifte | tilskot)
Hopp til navigering Hopp til søk

Eit attbjugeljod eller attbjugt ljod (ein retrofleks) er eit medljod som vert laga med attbjug tunge ein stad millom tannryggen og hardgomen. På norsk hev me slike ljod helst i austnorsk: attbjuge-naseljodet [ɳ], det klanglause attbjuge-stengeljodet [ʈ], det klangføre attbjuge-stengeljodet [ɖ], det sidelagde attbjuge-næmeljodet [ɭ] og attbjuge-slagljodet [ɽ].

I lag med desse reknar ein ofte det nærliggjande klanglause tannryggsbak-kvisleljodet [ʃ], der tunga ligg attum tannryggen og tungeryggen kvelver seg mot hardgomen.

Sjå au