Sjølvljod
Sjølvljod eller vokalar er ljod som vert laga av ein ubægd luftstraum gjenom munnen og som ber tala sjølv. Nemningi vert au nytta um bokstavar som stend for sjølvljod.
Norsk hev 14–15 sjølvljod som er skilljod, men i ljodlett stoda er det færre. Frumnorderlendsk hadde m.a. *ē og *ō i ljodlett stoda, men i yvergangstidi vart dei til a, i eller u. Døme: *haitē → heiti, dagōʀ → dagar. Same brøytet galdt òg samansette ord, t.d. ve-sæll → vesall, *sig-vǫrðr → Sigurðr, *Nið-sær → Nizir.
Gnorsk. | Nnorsk. | |
---|---|---|
a | a, å | å frå gamal nase-a, t.d. vikå ← vikãn. |
i | e, i | i frå gamal nase-i, t.d. bygdi ← bygdĩn, Døli ← Dǫlin. |
u | o, u | I midlandsmål er u vorti [ʉ], medan nase-u er vorte [u], t.d. viko ← vikũn. |
Gnorsk. | Nnorsk. |
---|---|
a | a |
á | å |
e | e (è) |
é | e (é) |
i | i (ì) |
í | i (í) |
o | o (ò) |
ó | o (ó) |
u | u (ù) |
ú | u (ú) |
y | y (ỳ) |
ý | y (ý) |
æ | æ |
ø | ø (ø̀) |
ǿ | ø (ǿ) |