Namnord
Namnord eller substantiv er ei klassa av ord som set namn på røynlege ting og tenkte umgrìp.
Namnordi vert inndelte i tri kyn: hannkyn, hokyn og inkjekyn. Desse er atter inndelte i ymse stomnar, som anten er sterke eller linne.
Namnordi vert bøygde i tal – eintal og mangtal – og i kjenne – ubundi og bundi form. Bøygjingi fylgjer kynet og stomnen ordet høyrer til. Namnordi hev au bøygjing i fall (høve, kasus), men denne vert ikkje mykje nytta, slik at nemnefallet er nær einerådande. Hine falli er: eigefall (genitiv) og sidefall (dativ).
Bøygjingsformer
kyn | stomn | eintal | mangtal | ||
---|---|---|---|---|---|
ubd. | bd. | ubd. | bd. | ||
hannkyn | hest | hesten | hestar | hestane | |
(i/u-stomnar) | kvist | kvisten | kvister | kvistene | |
sterke hokyn | sol | soli | soler | solene | |
(ō-stomnar) | elv | elvi | elvar | elvane | |
(medljod-stomnar) | bok | boki | bøker | bøkene | |
linne hokyn | visa | visa | visor | visone | |
sterke inkjekyn | land | landet | land | landi | |
linne inkjekyn | (an-stomnar) | auga | augat | augo | augo |