A-stomn

Frå Mållekken
Versjonen frå 21. juli 2007 kl. 09:43 av SAM (Ordskifte | tilskot) (→‎Målsoga)
Hopp til navigering Hopp til søk

a-stomnar er namnet på sterke inkjekynsord utan ending i mangtal, Sume merkjer mangtal ved u-ljodbrigde, som barn – born, og eldre vatn – votn, land – lond.

Døme: land (rein a-stomn) – landet – land – landi; døme ('ija-stomn) – dømet – døme – dømi.

Målsoga

I frumnorrønt skipar ein a-stomnar i reine a-stomnar og ija-stomnar. I norrønt er a-stomnar kalla nullklassa av di bøygjingsending vantar i akkusativ mangtal. Reine a-stomnar er kalla rein nullklassa og ija-stomnar nullklassa med j-innskot.