Tonelag
Tonelag er gangen av tyngd og tonehøgd med utgangsstøde i ei tyngd staving. Tonegangen ymsar i ulike landslùter, men flest alle skil millom tvo tonelag: einstavings og tvostavings tonelag.
Døme på einstavings tonelag: (ei) aksl, (ein) finger, (eit) vatn, fager, bønder, bøkene, huset, (tvo) hender
Døme på tvostavings tonelag: (ein) bakke, (ein) hamar, (å) tala, hestar, soler, søner, (mann av) huse, (det) hender