Skilljod
Eit skilljod eller fonem er eit ljod eller ei samling nærskylde ljodavbrigde som ikkje er tydingsskiljande i øyro på talaren.
Døme: /m/ vert uttala [ɱ] fyre [f]. [ɱ] er ikkje eit eige skilljod, men eit avbrigdeljod av skilljodet /m/. /m/ og /n/ er båe eigne skilljod med di det er tydingsskil på ordi [mu:ɽ] mord og [nu:ɽ] nord. [mu:ɽ] og [nu:ɽ] i dette dømet vert kalla eit minstepar av di dei skil seg frå einannan ved eitt skilljod.