Norske lånord i norskdansk

Frå Mållekken
Versjonen frå 9. juni 2021 kl. 03:02 av Eiliv (Ordskifte | tilskot) (lånte former)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare utgåva→ (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Alt medan danskt mål vart nytta i Noreg, treiv norske skrivarar til sernorske ord innimillom, anten av di dei ikkje visste beter, eller av di dei totte det laut til skulde dei skildra saki noggrant. Etter at Noreg vart lausrive frå Danmark tok sume til å kalla dansken i landet «norsk» og nytta sernorske ord meir medvite, t.d. Henrik Wergeland. Med tidi førde dette til eit norskdanskt mål i Noreg.

Lista yver norske lånord i norskdansk

A

  • avdrått vanleg i husdyrhaldet

B

  • bjørk – for da. birk og stadbundne bjerk (bjærk, jf. mjæl < mjøl).
  • blaut – for danske bløt.
  • botn (fjord-)
  • bru – for dansk bro. Mindre vanlegt en ku og jamvel bu.
  • bu – frå bud (statsnynorsk bu). For danske bod.
  • bunad – vanleg med uhøyrleg -d i norsk.
  • buskap

E

  • eik – frå målføre eller skrift. Jf. da. ek, eg.
  • einstøing d.e. no. einstøding, ein som er einstød, jf, no.-da. en.

F

  • foss, jf. da. vandfald
  • furu – frå austlendske målføre. Jf. fura. Avløysar for fyrretræ.

H

  • helse d.e. no. helsa

J

  • jamføre d.e. no. jamføra, jf. no.-da. jevn

L

  • lauparsko – d.e. no. lauparskor
  • laus – for danske løs.

M

  • mjuk – for danske myk.
  • mjølk – for danske melk.

N

  • nepe d.e. no. næpa, jf. da. majroe

S

  • samband jf. no.-da. bånd.
  • sau (?) d.e. no. saud. Avløysing av får.
  • saumfare d.e. no. saumfara, jf. no.-da. søm.
  • stode (stundom ståe) d.e. no. stoda, helst i munnleg norskdansk.
  • støl d.e. no. styrd
  • stønad
  • søkke – frå søkka og søkkja
  • søknad til avløysing av ansøkning. Vanleg med uhøyrleg -d i norsk.

T

  • tru – for danske tro.
  • trygd

V

  • vassdrag d.e. no. vatsdrag