Hermeteikn
Hermeteikn (eller gåsaugo) er teikn som merkjer hermor. På norsk nyttar me «» (sjevronar) i dag, men hev tidlegare nytta „“ som på dansk og tysk. Hermor inni hermor vert merkte med ‹› eller ‘’ – t.d. «mange målføre nyttar ‘budi’ for framandordet butikk». Knappefjøler hev ikkje norskt hermeteikn, men nyttar dei beine utgåvone " og '.