Attbjugeljod
Eit attbjugeljod eller attbjugt ljod (ein retrofleks) er eit medljod som vert laga med attbjug tunge ein stad millom tannryggen og hardgomen. På norsk hev me slike ljod helst i austnorsk: attbjuge-naseljodet [ɳ], det klanglause attbjuge-stengeljodet [ʈ], det klangføre attbjuge-stengeljodet [ɖ], det sidelagde attbjuge-næmeljodet [ɭ] og attbjuge-slagljodet [ɽ].
I lag med desse reknar ein ofte det nærliggjande klanglause tannryggsbak-kvisleljodet [ʃ], der tunga ligg attum tannryggen og tungeryggen kvelver seg mot hardgomen.